Sommeridrettsskulen 2024

Sommeridrettsskulen 2024


Arrangør: Førde IL - Idrettsskole
Påmeldingsfrist: 24.06.2024 12:30

Tid


Sted

Vis kart

Pris

Påmelding fra kr 1 500,00 inkl. avgifter

Sommaridrettskulen 2024

 

 

Førde Idrettslag arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom mandag 24. juni og fredag 5. juli 2024 (veke 26 og 27). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet. 

Sommaridrettskulen er på dagtid frå 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er mellom anna friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, natursti, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil vere inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi med oss spesialinstruktørar innan enkelte aktivitetar.

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 1500 for 1 veke, kr. 2900 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist: Fredag 31.mai 2024

Dersom påmelde ikkje er medlem av Førde IL må medlemskontingent på kroner 150,- betalast i tillegg. Kontingenten inkluderer barneidrettsforsikring på våre arrangement. I følge NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat.

Påmeldinga er bindande. Vi bemannar arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så tilfelle med "uføresett sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje Førde IL ta økonomisk risiko for.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør  Fredrik Hanssen, på telefon 902 65 493 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no

 

Har du lyst til å være instruktør?

Send en enkel søknad til sommaridrett@fordeidrettslag.no hvor du beskriver deg selv samt formell og uformell kompetanse osv.


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.