SSF-cup 8. januar i sprintløypa

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2019

Det er per i dag greie forhold i sprintløypa på Langeland, og vi satsar på at karusellrennet kommande tysdag kan arrangerast. Rennet går i klassisk stil og første start vert kl. 18.30. Det vil straks bli opna for påmelding.

Vi tek atterhald om at rennet kan verte avlyst på kort varsel.


LØYPEKART FOR LANGELAND SKISTADION, NY OG GAMMAL SPRINTLØYPE:

Samla løypelengde: 2 km.

1 km: rett fram mot hestesko i «gammal» sprintløype.

Denne traseen vil bli nytta for klassane 10 år og yngre.

2 km: ta til høgre mot ny sprintløype, deretter til høgre mot hestesko i «gammal» sprintløype.

Denne traseen vil bli nytta for klassane 11 år og eldre.

 

Praktisk  - tilleggsinformasjon ift. løypekart og oversikt for klasser:

10 år og yngre J/G                                           1 runde i gammal sprintløype

11 og 12 år                                                        1 runde i ny og gammal sprintløype

13 og 14 år                                                        2 runder i ny og gammal sprintløype

15 og 16 år*                                                      3 runder i ny og gammal sprintløype

J17 og eldre                                                      3 runder i ny og gammal sprintløype

G17 og eldre                                                     5 runder i ny og gammal sprintløype   


VEL MØTT TIL SKIRENN!  




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline