Toppidrettsstipend til Tefre

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Mai 2020


Langrennsgruppa gratulerar Gjøran Tefre med Førde IL sitt Toppidrettsstipend 2019-2020.

Gjøran er tildelt toppidrettsstipendet med bakgrunn i sine prestasjonar denne sesongen.


Prestasjonar 2019-2020

  • Vinnar av Scandinavisk Cup 2019-2020 (sprint nr. 2, distanse nr. 3)
  • Friplass i World Cup, og fekk heile 9 WC-renn før sesongen vart Korona-avlyst. Var utteken til den avlyste WC-finalen i Canada.
  • Ranka som 57. beste langrennsløpar (75. plass etter førre sesong). 
  • Etter FIS-poeng er han ranka som 10. beste sprintar etter svært gode sprintprologar i World Cup.
  • Beste individuelle resultat: 8. plass på WC-sprinten i Oberstdorf 26.01.2020, samt 3. plass i WC-sprintprologen i Dresden 11.01.2020. 
  • Best stafett-resultat: 2. plass i WC-teamsprinten i Planica 22.12.2019 (ilag med Håvard Solås Taugbøl).
  • Gjøran Tefre har i mange sesongar vore blant verdas beste på rulleski.
  • Gjøran var i mange år med på juniorlandslaget. I år var han ein del av regionlandslaget Team Veidekke Vest, men vi trur og håpar Gjøran aspirerer til sprintlandslaget 2020/2021. Berre 5 norske er betre på siste FIS-ranking, irekna 2 av desse er på allroundlaget

Toppidrettsstipendet er på kr. 10 000,-

Førde IL Langrenn gratulerar!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline