Lagsmeisterskapen er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Mar 2021

Lagsmeisterskapen som opphaveleg skulle avviklast torsdag 04. mars er utsett.

Bakgrunnen er marginale snøtilhøve ved Langeland Skisenter. 

Ein kan elles legge til at Lagsmeisterskapen i friteknikk og klassisk vert gjennomført straks ein har arrangementforhold v/ skisenteret.

Minner om at det pr. d.d. er treningsforhold i sprintløypene ved skisenteret, og at det vert lagt opp til fellestrening for Førde IL torsdag 04. mars 2021, kl. 18.00.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline