Hjelp!

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jun 2021

Vi treng dugnadshjelp frå vaksne aktive og foreldre! 

I samband med Førdefestivalen har vi takka ja til å bidra med rigging av utstyr i forkant og etterkant Idrettshallkonsertane. Førdefestivalen betalar Langrennsgruppa for dette, noko som vil hjelpa oss til å lage enda betre tilbod til store og små med ski på beina! 

Vi oppmodar særleg dei som er på kretslaget og er 18 år om å delta, samt føresette til alle på krets

Vi håpar du kan stille på eit eller fleire av desse tidspunkta:

Måndag 5.juli kl. 17:00-23:00:               4 personar.       Opprigg i Idrettshallen

Tysdag 6.juli kl. 09-14:                          6 personar        Opprigg i Idrettshallen

Tysdag 6.juli kl. 14:00-19:00:                 6 personar        Opprigg i Idrettshallen

Sundag 11.juli kl. 09-17:                       10 personar.      Nedrigging i Idrettshallen og på Festplassen

  • For å delta på denne dugnaden må du vera fylt 18 år. Arbeidet er fysisk tungt.                                      
  • Dei som deltek får lunsj og middag på tysdag og sundag. På måndag er det høve til å ete                   middag før kl.17:00. Ut over dette tek du med deg niste.
  • Deltek du på denne dugnaden vert du også invitert til frivilligfesten sundag 11.juli kl. 20 på Larris.       Det blir matservering og kl. 21 er det minikonsert med bandet One Way Out.

Meld snarast frå ved å skrive namnet ditt og tidspunkt du kan delta på som svar på denne saka. 

Eller du kan sende ein e-post til orjan.igelkjon@enivest.net og melde deg på til Ørjan. 

Om vi ikkje har nok påmelde på dugnaden innan fredag 2. juli tek me direkte kontakt. 



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline