Fellestrening på Spenst

Postet av Yngve Teodor Thorsen den 15. Sep 2021

I samarbeid med Spenst inviterar FIL Langrenn utøvarar f. 2006 og eldre til fellestrening på Spenst.

Dette treningstilbodet kjem i tillegg til langrennsgruppa sine tradisjonelle fellestreningar tysdagar og torsdagar.

Treningstider
Treningane vert gjennomført kvar måndag kl. 19.00-20.00, f.o.m. mandag 20. september t.o.m. måndag 20. desember 2021.

Målgruppe
Utøvarar f. 2006 og eldre (utøvarar på impuls- og krinslag).

Om treningsøktene
Treningane vert gjennomført med instruktør frå Spenst, men Ole Martin Erdal (hovudtrenar eldste gruppe) vil følgje treningane tett.

I treningane vil ein ha fokus på stabiliserande styrke, koordinasjon og skadeførebygging. Det blir lagt til rette for utstrakt bruk av slyngetrening.

Fordelen med slyngetrening er at det er lett å justere motstand. Vidare skapar slyngene ein ustabil setting, og er såleis godt eigna til stabilitetstrening.


Vi ynskjer FIL Langrenn sine utøvarar vel møtt, og håpar alle våre utøvarar i målgruppa vil ha glede av tilbodet.


Med venleg helsing
FIL Langrenn

Yngve Thorsen (s)
Leiar


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline