Rulleskirenn på Langeland
Postet av Yngve Teodor Thorsen den 17. Sep 2021
I haust inviterar Førde IL og Gaular IL til tre rulleskiarrangement på Langeland.
Første arrangementet går av stabelen tysdag 28. september, medan dei to andre arrangementa vert avvikla høvesvis søndag 10. oktober og tysdag 19. oktober 2021.
Ver merksam på at arrangementet 10. oktober inngår i Enivest Skiskule.
Konkurranseklassane er opne for klasse 11 år og eldre (f. 2011).
Til arrangementa 28. september og 19. oktober inviterar vi nybegynnarar på rulleski frå 7 år og eldre til leik og moro frå kl. 17.30-18.20. Her vil ein, som nybegynnar, få moglegheit til å prøve rulleski i trygge rammer, med god rettleiing av dyktige instruktørar. Denne aktiviteten høver også for deg over 11 år, og som ikkje ynskjer å delta i konkurransen.
Sjå innbydingane under for meir informasjon om dei ulike arrangementa.
Innbyding Enivest Rulleskirenn.pdf
Påmelding gjer ein via www.minidrett.no
Spenst RulleskiCup, 28.september
Enivest Rulleskirenn, 10. oktober
Spenst RulleskiCup, 19. oktober
Vel møtt!
Med venleg helsing
Førde IL Langrenn/ Gaular IL Langrenn
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.