Grasrottrenarkurs - Rulleski
Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Nov 2022
Måndag 14. november 2022 inviterar Førde IL og Gaular IL til Grasrottrenarkurs - rulleski
Målet med kurset er å utdanne Grasrottrenarar som kan tilrettelegge og skape skiaktivitet for dei som skal lære å gå på ski/ rulleski.
Målgruppe: Kurset eignar seg godt for foreldre, barneidrettstrenarar og trenarar som ynskjer å skape skiglede, og drive ski- og rulleskiopplæring på ein pedagogisk og entusiastisk måte.
Oppbygging og gjennomføring av kurset: Kurset tek mellom 10 og 16 timar å gjennomføre, der 6-10 timar er lagt opp som teori, og 4 timar er praktisk jobbing. Teorien er lagt opp som sjølvstudie med tekst og video.
Kurset krev ingen forkunnskap.
Tidspunkt:
Måndag 14. november 2022, kl. 17.30 – 21.00
Stad:
Langeland Skisenter
Kurslærar:
Brit Baldishol, Norges Skiforbund
Påmeldingsfrist:
Onsdag 09. november 2022
Påmelding gjer ein per e-post til; yngve.thorsen@coop.no
Meld deg på og bli med! 😊
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
Dugnadslister for sesongen 2025.
20.12.2024
Ribberennet 2024
20.12.2024
Parkeringskort Langeland skisenter for 2025
24.11.2024