Fellestrening frem til sommeren
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mai 2023
Fellestrening for guter og jenter fødd 2010 og eldre starter opp fra tysdag 23. mai. For dei yngste er det kjekt om foreldre kan delta ved treninga også, då vi har begrensa trenerressurser. Første økt vert på idrettsbane ved Førdehuset. Vedlagt her ligg program for fellesøkter fram til skuleferien.
Det vert lagt opp til både løpsøkter og rulleskiøkter. Nokre av rulleskiøktene vert lagt andre stader enn Langeland skisenter, som til dømes Angedalen, Sundsdalen eller Haukedalen. Dette er på trafikkert vei. Vi henviser her til rulleskivettreglene (https://www.tryggtrafikk.no/ga/rulleskivettreglene/). Born under 15 år bør ikkje gå rulleski på trafikkert veg (med mindre dei har ei foresatt til følgje).
Hjelm og sterkt synlege klede (som t.d. refleksvest) er påbudt. Refleksband er ikke godt nok aleine i vanleg dagslys. Dersom nokon manglar dette, vil dei ikke få delta ved treninga.
Trenere deltek ved treningane tysdag og torsdag. Laurdagstreninga er forslag til økt med oppmøte tid/stad. Ein oppmoder til at utøverene avtalas innbyrdes
Førde Langrenn har meldt på 2 lag til Helse Førde stafetten. Vi legg ut info om dette i eget skriv.
Vel møtt på trening!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
Ribberennet 2024 - Avlyst
23.12.2024
Dugnadslister for sesongen 2025.
20.12.2024
Parkeringskort Langeland skisenter for 2025
24.11.2024