NorgesCup og OBOS Oslo Skifestival
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Jan 2024
I helga var fleire Førdeløparar på reise i Norge. 2 store arrangement tok sted på austlandet. Dette var sesongens første Norges Cup, som vart arrangert i kalde temperaturer på Lygna, samt OBOS Oslo Skifestival, i Holmenkollen, med ekte Kollentåke.
Total 11 Førdeløparar deltok ved sesongens første NorgesCup for juniorar og 2 utøvere Desse var:
K17 | Rebekka otternes Lundekvam Aurora Furnes Degnepoll Jenny Bjørkhaug |
M17 | Sivert Høyvik Steffen Vårdal Helle |
M18 | Niklas Bosdal Torsen Ludvig Rørvik |
K19/20 | Guri Line Brekke Lydia Årdal (Jølster) |
M19/20 | Aksel Bjørkhaug Stian Vårdal Helle Erik Litsheim |
Grunna sykdom og anna ymse, stilte ikke alle løparar til start alle dager. Proft smøreopplegg i regi av skikrinsen gav gode ski under svært kalde forhold. 2 løparar sikra seg NC poeng, med beste plassering i helge med ein 30. plass (Niklas) og 38. plass (Aksel).
For 5 av utøverne var dette første møte med NorgesCup for juniorar. Det er dette dei har hatt fokus på gjennom sesongen, og spenningen er sjølvsagt stor. Med kuldegrader ned mot 17-18 minus, er dette også ei stor påkjenning på kroppen, og dei tek med seg gode erfaringer fram mot neste NC i februar i Trondheim.
For eldste juniorgruppe (menn og kvinner 19/20) vart rennet laurdag (15km friteknikk) gjennomført med fellesstart. Med over 100 påmeldte i K19/20 og over 180 påmeldte i M19/20, var det eit lite under for dei som gjennomførte utan stavbrekk og anna uhell. Spennande arrangement syntes dei fleste.
Skikrinsen syter alltid for god support på stadion, både medløypegjennomgang, skiprepp og sekundering. Det er ei oppleving å få delta ved slike nasjonale renn.
OBOS Oslo skifestival: Othilie Bosdal Thorsen og David Engeseter har i helga førebudd seg mot Hovedlandsrennet 2024 med å delta ved Oslo Skifestival laurdag og søndag. 5 km fri i kaldt, flott vinterver laurdag. Jaktstart klassisk søndag i Kollentåke og lett snødrev.
Othilie og David deltok saman med ungdommar frå heile landet. Med nær 100 til start i kvar klasse, har begge to hevda seg svært sterkt blant topp 20 beste. Det blir svært spennende å følgje med resultater for desse to ved Hovedlandsrennet på Gålå i mars.
Skifestivalen er eit flott arrangement som absolutt kan anbefalast!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
Dugnadslister for sesongen 2025.
20.12.2024
Ribberennet 2024
20.12.2024
Parkeringskort Langeland skisenter for 2025
24.11.2024