Trening for 2005 og eldre
Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Aug 2017
Det var trenarmøte 28. august, og der vart ein einige om følgjande økter fram til haustferien:
Torsdag 31.aug. kl 18.00 - Rulleski Langeland
(Førde Opp Laurdag 2. september)
Tysdag 5.sep. kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"
Torsdag 7.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland
Tysdag 12.sep kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"
Torsdag 14.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland
Tysdag 19.sep kl 18.00 - Reset. Intervall langs Langelandsvatnet.
Torsdag 21.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland
Tysdag 26.sep kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"
Torsdag 28.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland.
Tysdag 2.okt kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"
Torsdag 5.okt kl 18.00 - Rulleski Langeland.
"Haustferie - ny plan etter haustferien og trenermøte litt før".
Trenarmøte bestemte at aldersgrensa for desse øktene er utøvarar fødde i 2005. Utøvarar som er yngre er velkomne, men må då ha med foreldre.
Ikkje noko aldersgrense for å gå på rulleski! Bruk anlegget på Langeland og lag eigne grupper, som kan reise opp i lag. Er du nybegynner så bruker du stadion eller flata oppe i sprinten, til du vert tryggare.
Styret har fått ei gåve og vil investere i rulleski, som nybegynnerar kan få låne. (Meir info kjem frå styret når dette er klart).
Rulleskøyter er godt brukandes, billig og særs bra for å utvikle balanse og hurtigheit.
Mange spennande aktiviteter kjem til å skje i haust, blant anna:
Samling med Gøran Tefre og Øystein Pettersen i slutten av september,
Enivest skiskule med JR-landslagstrenar Geir Endre Rogn og Gøran Tefre,
Offisiell åpning av rulleskianlegget 15.oktober med rulleski-skirenn, mm.
Meir info kjem på heimesida til klubben og på ski-krinsen etter kvart.
Helsing Eivind
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.