Resultat frå NM
Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2019
I helga har det vore arrangert NM i Meråker, og det var sjølvsagt Førdeløparar på startstreken.
Fredag deltok både Gjøran Tefre og Torstein Bu på sprinten. Begge gjekk vidare frå prologen som høvesvis nr. 3 og nr. 18. Dei gjekk i same kvartfinaleheat, der Gjøran klarte å ta seg vidare til semifinalen. Til slutt vart Gjøran nr. 7 og Torstein nr. 22.
Laurdag gjekk Torstein inn til ein god 36. plass på skiathlon.
Søndag stilte Førde IL langrenn stafettlag, der Gjøran og Torstein gjekk saman med Sindre Hoff. Laget tok ein knallsterk 13. plass! Det gir flott startpososjon til neste år.
Resultatlister finn de her: https://www.langrenn.com/nm-meraaker-2019-alle-resultater.6185860-1743.html
Bilete viser Gjøran ved eit tidlegare renn.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn

Årsmelding - sesongen 2024/25
20.03.2025

BLI MED PÅ SPLEIS MED FØRDE IL LANGRENN
28.01.2025

Karusellrenn 2 - Klassisk: Løypebeskrivelse
21.01.2025

Godt Nyttår! - viktig medlemsinformasjon
02.01.2025

Ribberennet 2024 - Avlyst
23.12.2024