Sjå Førde-løparane sine flotte prestasjonar i SSF Cupen 2020

    Postet av Monica Otternes den 22. Mar 2020


    Finalerennet i SSF Cupen skulle opphaveleg avviklast på Langeland søndag 22. mars 2020, men som følgje av situasjonen med koronaviruset vart all idrettsaktivitet avlyst f.o.m. 12. mars 2020.

    I ein noko utfordrande vinter kan langrennsgruppa i Førde IL likevel sjå tilbake på ein sportsleg god sesong. Til dømes har heile 44 utøvarar gjennomført eitt eller fleire renn i skikrinsen sin SSF Cup.

     

    Her følgjer ei oversikt over alle førdeløparane sine plasseringar i SSF Cupen 2020:

     

    Klasse G11:
    1) Andreas O. Lundekvam, 78p
    1) David Amsud Husa, 78p
    Even Bjørkhaug, 38
    Håvard Lorgen, 17p
    Mats J. G. Oppedal, 16p

     

    Klasse J11:
    1) Ida Frøysland, 74p
    4) Kristine Sølvberg, 52p
    Elisabeth Kusslid, 39

     

    Klasse G12:
    1) David Engesæter, 78p
    3) Tobias Paulen, 60p

     

    Klasse J12:
    1) Othilie Bosdal Thorsen, 78p
    2) Amanda Rørvik, 70p

     

    Klasse G13:
    1) Sivert Høyvik, 100p
    2) Steffen Vårdal Helle, 92p
    Ulrik H. Klakegg, 19p
    Vetle H. Malterud, 17p

     

    Klasse J13:
    1) Rebekka Otternes Lundekvam, 104p
    2) Ingeborg Rørvik, 88p
    3) Aurora Furnes Degnepoll, 84p
    4) Jenny Bjørkhaug, 72p
    6) Oda Paulen, 47p

     

    Klasse G14:
    1) Niklas Bosdal Thorsen, 104p
    5) Jakob Amsrud Husa, 68p
    6) Ludvik Rørvik, 67p

     

    Klasse G15:
    2) Magnus Furnes Degnepoll, 88p
    3) Sigve Hafstad Ottesen, 84p
    4) Aksel Bjørkhaug, 79p
    5) Stian Vårdal Helle, 72p
    7) Kasper Holme, 58p

     

    Klasse J15:
    1) Guri Line Brekke, 104p
    2) Johanne Støfring, 66p
    3) Jenny Sølvberg, 57p

     

    Klasse G16:

    2) Elias Amsrud Husa, 93p
    3) Thomas Tefre, 85p
    6) Martin Espe, 62p
    8) Erik A. Litsheim, 41p

     

    Klasse J16:
    1) Mali Monica Engesæter, 100p
    2) Linnea Otternes Lundekvam 93p

     

    Klasse M17:
    Steffen Igelkjøn, 32p

     

    Klasse K17:
    Kristina S. Hegrenes, 43p

     

    Klasse M18:

    Ivar Nistad, 26p

     

    Klasse M19/20:
    Øystein Støfring, 38p

     

    Klasse K19/20:
    1) Ane Brekke, 78p
    2) Gyrid Øygard, 22p

     

    Grunna avlysing av SSF Cup Finale for både rekrutt (11-16 år) og junior, vart det i SSF Cupen for 2020 gjennomført 6 renn for rekrutt og 4 renn for junior. Skikrinsen har difor gjort ei endring i tal teljande renn og premiering for SSF Cupen 2020.

    Tal renn for SSF Cup 2020:

    ·       I klasse 11 og 12 år er 3 av 6 renn teljande i samandraget.

    ·       I klasse 13 - 16 år er 4 av 6 renn teljande i samandraget.

    ·       I juniorklassane er 3 av 4 renn teljande i samandraget.

    Premiering i SSF Cup 2020:

    ·       Dei tre beste i kvar klasse som har fullført minst 3 renn, får samanlagtpremie.

    ·       Alle som har fullført 3 renn eller meir får deltakarpremie.

    ·       Skikrinsen kjem tilbake med informasjon om utdeling av premiar. 

     

    Mvh
    Førde Langrenn


    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.