Førde Langrenn invitere til Miljø- og treningssamling på Sognefjellet
Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mai 2020
Det har vore ein snørik vinter som uheldigvis vart avslutta litt for tidleg. Forøvrig ser det ut til å bli svært gode snøforhold på Sognefjellet i sommar.
Førde Langrenn invitere difor til Miljø- og treningssamling tidleg i sommarferien.
Tidsrom: 25.-28. juni 2020
Innkvartering: I hytter ved Nymoen Leirplass.
Sjå http://www.skjolden.com/nymoen/ for detaljar (inkl. informasjon om hytter, leiligheter og prisar). Nymoen Leirplass ligg i Skjolden, i gåavstand til sentrum. Det tek ca. 30 minutt å køyre opp til skiløypene på Sognefjellet. Innkvartering skjer familievis. Hyttene har stove, soverom, kjøkken og bad med dusj/toalett. Meir informasjon om korleis ein gjer det med måltider vert sendt ut på eit seinare tidspunkt.
Prisane for innkvartering finn ein på nettsidene til Nymoen Leirplass.
Kvar enkelt familie/ utøvar vert plassert på førehandsbestilte hytter, og ordnar det økonomiske oppgjeret sjølve ved avreise.
Trening: Vi tek sikte på ei treningsøkt torsdag, to treningsøkter fredag og laurdag og ei økt søndag. Føremiddagsøktene vert gjennomført på Sognefjellet, medan ettermiddagsøktene vert gjennomført som barmarksøkter i området Skjolden/ Fortun. Transport til og frå Sognefjellet organiserast privat. Påmelde familiar/ utøvarar vert tilsendt detaljar og program for samlinga i begynnelsen av juni.
Treningsavgift: Ein legg ikkje opp til noko treningsavgift i samband med samlinga, men alle skal betale løypeavgift til Sognefjellet Sommarskisenter. Prisar og informasjon om løypeavgift finn ved å følgje denne lenka; http://sognefjelletsommerski.no/prisar/
Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern.
Påmeldingsfrist: 20. mai 2020
Påmelding gjer ein til: yngve.thorsen@coop.no
Med venleg helsing
FIL Langrenn
Førde, 09.05.2020
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
Dugnadslister for sesongen 2025.
20.12.2024
Ribberennet 2024
20.12.2024
Parkeringskort Langeland skisenter for 2025
24.11.2024