Ungdommens Holmenkollrenn 2024 (for 13- og 14 åringar)

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Des 2023

Ungdommens Holmenkollrenn arrangerast 3. og 4 februar 2024. Dette er det nasjonale rennet for 13- og 14- åringar ( J/G 13/14), og Førde IL langrenn har lang tradisjon for å delta.

Overnatting

Førde IL langrenn har reservert rom i Holmenkollen Park Hotell som ligg i gangavstand frå skistadion. Prisar gjeld per rom per natt og inkluderer heilpensjon med frukost, matpakkelunsj, middagsbuffet og kornbuffet. Heilpensjon startar med middagsbuffet fredag kveld og sluttar med matpakke søndag. 

Enkeltrom 1675,-

Dobbeltrom 2550,-

Tresengsrom 3825,-

Påmelding er bindande og avbestilling må skje seinast sju dagar før ankomst.

For reservasjon av rom, send epost til maramshusa@gmail.com. Frist: 15. januar 2024


Påmelding til renn

Kvar enkelt melder seg på til renn via isonen.no. Link til påmelding finn du på nettsida. 

Ungdommens Holmenkollrenn


Transport

Ordnar ein privat. Planlegg gjerne samkøyring.

Det kan være lurt å reise torsdag eller tidleg fredag, slik at ein rekk å gå gjennom løypa før rennet.


Skismøring

Foreldre må sjølv ordne med skismøring. Førde IL langrenn har meldt inn ynskje om smørebod.

Smøretips finn du på https://superski.no


Refusjonsordning

Førde IL langrenn støttar sine utøvarar med kr 1000 ved deltaking i Ungdommens Holmenkollrenn. Søknad og kvittering for utgifter sendast til Asgeir.Tveit@vestrev.no .









Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.