Video frå Camp Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jun 2020

25.-28. juni gjekk FIL Langrenn si Miljø- og familiehelg av stabelen på Sognefjellet/ Skjolden.

Anbefalar alle å sjekke ut langrennsgruppa sin video frå samlinga.



Enivest skiskule 8-11 oktober 2020!

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Jun 2020

ENIVEST SKISKULE 8-11 OKTOBER 2020!


Etter ein periode med mykje restriksjonar og usikkerhet kring covid-19 har vi endelg kome fram til at Enivest skiskule kan arrangerast som tidlegare år. Når rettningslinjer og den nasjonale situasjonen no tillet eit arrangement kan vi gå ut med dato for årets skiskule. Haustferieveka 8 til 11 oktober i Førde. Detaljert program og påmelding kjem straks. Påmeldinga blir som tidlegare år på skikrinsen sine nettsider. Rulleskirennet på Langeland Ski- og Fritidssenter går også som før søndag 11 oktober med påmelding på min idrett. Håpar vi ser deg i Førde til hausten! 😁 



MILJØ- OG FAMILIEHELG SOGNEFJELLET, 25.-28. JUNI 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Jun 2020


Sjå vedlagte program, gruppedeling og hyttefordeling for samlinga nederst på sida. 

Frammøte: Torsdag 25. juni ved Nymoen Leirplass, klar til barmarksøkt kl 18.30.

Heimreise: Søndag 28. juni, etter lunsj.

Innkvartering: I hytter ved Nymoen Leirplass.

Måltider: Ordnast sjølv i hyttene.

Skismøring: Oppmoder alle til å smøre klassiskski før avreise. Smøretips i informasjonsskrivet. 

Smittevernreglar: Gjeldande reglar i henhold til informasjonsskrivet.


Treningsprogram ut fra gruppeinndeling i informasjonsskrivet. Hugs godt med treningskle både for trening på ski og barmark, skisko, joggesko, regnkle og varme bytekle. Pakk etter vermeldingar, men hugs at på fjellet kan været snu raskt. Hugs også eitt par ekstra staver til barmakrstrening.

Info. skriv program.pdf

Utøverliste gruppedeling.pdf

Hyttefordeling Sognefjellet.pdf



FELLESTRENING I SOMMARFERIEN

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jun 2020



 

FELLESTRENING I SOMMARFERIEN

I samarbeid med friidrettsgruppa inviterar Roger Øye Pollen og langrennsgruppa til fellestrening v/ Førde stadion i sommarferien.

Nedre aldersgrense er utøvarar f. 2008.

 

Oversikt over treningane er vedlagt.

Treningsplan sommar 2020.xlsx