Ribbene gjekk til Gjøran og Maren
Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Des 2022
Gjøran Tefre (Førde IL) og Maren Hjelmeset Kirkeide (Markane IL) vart beste herre- og dameløpar på høvesvis 10km og 5km under årets versjon av Ribberennet.
Nytt Informasjonsskriv!
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Des 2022
No håpar vi at det er rett før julefreden senkar seg hjå dykk alle, slik at du kan kose deg med vårt siste informasjonsskriv.
God lesnad!
Vi snakkast vi vel på Ribberennet!?
Startliste Ribberennet 2022
Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Des 2022
Måndag 26. desember 2022 inviterar Førde Langrenn til det tradisjonsrike Ribberennet v/ Langeland Skisenter.
Startliste Ribberennet per 25.12.2022, kl. 21.43.pdf
NB! Det er komt inn ein del etteranmeldingar i dag, 25. desember 2022, startlista vert oppdatert med desse etterkvart.
Innbyding, informasjon om påmelding og løypekart finn ein under.
NB! Hugs at fristen for påmelding er 23.12.2022, kl. 23.59.
Miljøsamling Beitostølen, 25.-27. november 2022
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Nov 2022
Til helga er det duka for Førde IL si årvisse Miljøsamling på Beitostølen. Nærare 30 utøvarar er dermed klare til å teste skia for første gang denne sesongen.
Under finn ein aktuell informasjon om samlinga:
Førde IL Langrenn ynskjer store og små skiløparar velkommen til ei kjekk helg på Beitostølen.
Mvh
Førde IL Langrenn
Yngve Thorsen (s)
Leiar
Grasrottrenarkurs - Rulleski
Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Nov 2022
Måndag 14. november 2022 inviterar Førde IL og Gaular IL til Grasrottrenarkurs - rulleski
Målet med kurset er å utdanne Grasrottrenarar som kan tilrettelegge og skape skiaktivitet for dei som skal lære å gå på ski/ rulleski.
Målgruppe: Kurset eignar seg godt for foreldre, barneidrettstrenarar og trenarar som ynskjer å skape skiglede, og drive ski- og rulleskiopplæring på ein pedagogisk og entusiastisk måte.
Oppbygging og gjennomføring av kurset: Kurset tek mellom 10 og 16 timar å gjennomføre, der 6-10 timar er lagt opp som teori, og 4 timar er praktisk jobbing. Teorien er lagt opp som sjølvstudie med tekst og video.
Kurset krev ingen forkunnskap.
Tidspunkt:
Måndag 14. november 2022, kl. 17.30 – 21.00
Stad:
Langeland Skisenter
Kurslærar:
Brit Baldishol, Norges Skiforbund
Påmeldingsfrist:
Onsdag 09. november 2022
Påmelding gjer ein per e-post til; yngve.thorsen@coop.no
Meld deg på og bli med! 😊
Skibytedag på Langeland
Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Nov 2022
Søndag 20. november 2022 inviterar Førde IL og Gaular IL til Skibyte- og aktivitetsdag ved Langeland Skisenter.
Treng du eller dine håpefulle nytt skiutstyr eller har du utstyr som du ynskjer å selje? Då er skibytedagen ein perfekt anledning!
Alle som har utstyr å selje tek med utstyret søndag. Utstyret må merkast med namn, telefonnummer, lengde/ størrelse og pris.
På programmet står også barmarkstrening/ aktivitet for 1.-4. klasse og 5.-7. klasse.
Erdal Sport arrangerar smørekurs for nybyrjarar, og det vert høve til å kjøpe smurningsprodukt.
Det vert servering av kaffi og saft i skihytta.
Vi fyrer også opp bålpanna slik at det vert mogleg å grille pølser.
For meir informasjon sjå innbyding under.
Miljø- og familiehelg Beitostølen
Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Nov 2022
25.-27. november 2022 inviterar Førde Langrenn til den årvisse Miljøsamlinga på Beitostølen.
Nytt i år er at langrennsgruppa dekkar overnatting for alle utøvarar frå Førde Langrenn.
For meir informasjon og påmelding - sjå innbyding under.
Vel møtt til skisamling på Beitostølen!
Førde Langrenn klubbkle nettbutikk er nå open
Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Okt 2022
Nettbutikken for kjøp av klubbkle er nå åpen!.
Under følger informasjon om hvordan du går frem for å logge inn i webshopen.
Nettbutikken stenger 06.11.2022 med forventet levering i uke 51.
Rabattkoden Forde25 gir 25% avslag på alt av andre varer i nettbutikken ut over klubbkolleksjonen som allerede er rabattert.
Det er viktig å bestille innen tidsfristen. Vi kan dessverre ikke legge til ordre som kommer inn etter teamshop er stengt.
Her er en rask innføring i hvordan du logger deg inn og handler i nettbutikken: Se her
Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: https://trimtex.no/no/search?cgid=TS0001613
Velg «Logg inn» om du allerede er registrert som bruker på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gang du bestiller fra oss. På mobil må du scrolle litt nedover på siden for å finne disse to valgene.
«Teamkode for innmelding» trykk «Logg inn»
Hvis du skulle komme bort fra siden, kan du logge inn med aktiveringskode/teamkode: Fordelangrenn22
Er du usikker på hvilken størrelse du skal velge, se vår informasjonsfilm her.
Du skal motta en ordrebekreftelse fra oss når din ordre har gått gjennom.
Vi anbefaler å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukere av Internet Explorer kunne oppleve noen problemer.
Hvis noen har problemer med å logge inn, eller andre henvendelser, nøl ikke med å ta kontakt enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.
Treningstider haust/vinter 2022/23
Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Okt 2022
Førde Langrennstarter opp med treninger for aldersgruppe 1. klasse og eldre komande veke. Mykje er likt som tidlegare. 7.kl og eldre har tilbod om to fellestreninger pr veke (tre for dei på krinslag/impulslag), mens dei andre har tilbod om 1 fellestrening pr veke. Sjå treningstider og oppmøtestader i tabellen under.
Nytt fra i år er at ein ønskjer videreføre samarbeidet om rulleskileik/trening som eit samarbeid med Gaular Langrenn onsdager ved Langeland skisenter så lenge vær og føre gjer dette mogleg. Dette vert eit tilbod for aldersgruppa 5-7 klasse. Ved desse treningene kan ein låne rulleski ved Langeland skisenter. Det er begrensa med rulleski, og dersom gruppa vert stor, vil ein dele opp gruppa der halve gruppa har barmarkstrening med leik og moro. Når vær og føre gjer det vanskeleg å videreføre treningene på Langeland, flytter vi treningene til Førdehuset (utendørs barmarkstrening) torsdager. Informasjon vil publiserast på Facebook og delast på treningane.
Spenst Rulleskirenn, 20. oktober!
Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Okt 2022
Vi inviterer til hausten's siste rulleskirenn!
Trykk på linken og meld deg på du også!
Det er på tide å teste ut formen, snart kjem det snø!
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=370568
Klubbkveld ved Erdal Sport 18. oktober
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Okt 2022
Har du alt utstyr klart for vinteren??
Ved Erdal Sport/Intersport Førde arrangeres klubbkveld tirsdag 18. oktober fra kl 16.00 og utover kvelden. Denne kvelden får medlemmar i Førde Langrenn 25% rabatt på alt av varer i butikken (utenom elektronikk), samt 30% rabatt ved bestilling av ski.
Representant fra Fischer (Ole Henrik) vil vare tilstades i butikk for å svare på spørsmål og rettleie i bestilling av ski/sko.
Meld deg på treninga i haust!
Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Okt 2022
Vinteren nærmar seg!
MELD DEG PÅ TRENING!
Alle som vil trene med Førde Langrenn i haust, må melde seg på ved å bruke linken under!
Enivest Rulleskirenn, 09. oktober 2022
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Sep 2022
I samband med Enivest Skiskule inviterar Førde IL og Gaular IL til Enivest Rulleskirenn, søndag 09. oktober 2022.
Innbyding Enivest Rulleskirenn.pdf
Treningsplan frem til haustferie
Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Aug 2022
Vel overstått sommerferie! Håper alle har fått fylt opp D-vitaminlagre med tran, eller sol om ein ikkje har feriert på vestlandet. Vi er no klare for oppkjøring mot ny sesong, og håpar at DU er med!
Her ligg plan for treningar for eldste gruppe frem mot haustferien. Eldste gruppe er dei som vil konkurrere i gutar og jenter 13 år komande sesong, og eldre. Dvs dei som er fødd i 2010, og eldre. Før haustferien er det mest fokus på rulleski, der dei fleste treningane vert på Langeland skisenter. Nokre økter vert helde andre plassar, sjå på oppmøtestad. Refleksvest er obligatorisk(!) på rulleski andre stader enn på Langeland. Hjelm er alltid obligatorisk. For dei yngste, kan det vere ein fordel om foreldre er med på økta, dersom den går andre stader enn på Langeland. Dette med omsyn til sikkerhet.
Det er lagt opp til fellesøkt laurdager. Her er også fint om foreldre deltek i organisering av transport om naudsynt, eller er med på økta. Det er ikkje alltid trenar er med i helg.
Treningsplan: Førde-IL-langrenn-22-23.xlsx
Førde Langrenn klubbkle nettbutikk
Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mai 2022
Førde Langrenns nettbutikk er nå klar, og vi håper mange kommer til å benytte seg av dette tilbudet.
Nettbutikken stenger 22/5 med forventet levering i uke 26.
Her er litt informasjon om fremgangsmåte: Det er viktig å bestille innen tidsfristen. Vi kan dessverre ikke legge til ordre som kommer inn etter team shoppen er stengt.
Vi gir deg her en rask innføring i hvordan du logger deg inn og handler i nettbutikken vi har satt opp for din bedrift eller klubb: https://www.youtube.com/watch?v=_AaRMLfgSTA
Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: https://trimtex.no/no/search?cgid=TS0001613 Velg «Logg inn» om du allerede er registrert som bruker på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gang du bestiller fra oss. På mobil må du scrolle litt nedover på siden for å finne disse to valgene.
«Teamkode for innmelding» trykk «Logg inn». Hvis du skulle komme bort fra siden, kan du logge inn med aktiveringskode/teamkode: Fordelangrenn22
Er du usikker på hvilken størrelse du skal velge, se Trimtex informasjonsfilm her: https://trimtex.no/no/fitle/Fitle.html
Du skal motta en ordrebekreftelse fra oss når din ordre har gått gjennom. Vi anbefaler å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukere av Internet Explorer kunne oppleve noen problemer.
Hvis noen har problemer med å logge inn, eller andre henvendelser, nøl ikke med å ta kontakt enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.
Treningsplan vår 2022
Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Mai 2022
Ny sesongoppkjøring er rett rundt hjørnet. Her følgjer treningsplan for eldste gruppe fram til skuleferie.
Vi legg opp til 3 fellesøkter, der fellesøkt i helg stort sett gjennomførast uten trenere. På rulleskiøkter som gjennomføres andre steder enn Langeland skisenter (som t.d. Angedalen eller opp Sundsdalen), anbefales det at vaksne følgjer barn som er yngre enn junioralder. Sikkerheit er viktig. Det kan vere vanskeleg for trenere å ha full oversikt over alle utøvere, og difor fint om fleire vaksne kan følgje opp spesielt dei yngste.
Vi jobber vidare med utvikling av treningstilbudet til både yngre og eldre utøvere. Les igjennom nyhetsbrevet som vart lagt ut tidlegare, og kom gjerne med innspill til styret. Dine meininger er viktig for oss! Vi planlegg også eit møte med utøvere, tilknytta ei av dei første øktene. Følg med på Facebook.
Informasjonsskriv vår 2022
Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mai 2022
Ein sesong er over, men det skjer framleis mykje i Førde langrenn,
les vårt Informasjonskriv for våren 2022!
Veidekke, vår nye samarbeidspart!
Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Apr 2022
Vi ynskjer Veidekke velkommen som ein viktig samarbeidspart og støttespelar i dei komande åra!
Vi har nyleg inngått eit samarbeid som vill bidra til å løfte vår satsing enda eit steg vidare. Veidekke vert frå haustenav synleg på våre klubbklede, på mange av våre arrangement, på nettsidene og på Facebook.
Kalsetrennet skiftar namn
Kalsetrennet heiter frå 2023 Veidekke Kalsetrennet. Når Veidekke satsar på oss, satsar vi også på Veidekke.
Veidekke støttar oss året rundt
Difor er det viktig at vi og synleggjer Veidekke heile året. Eit av våre rulleskirenn vil i åra som kjem heite Veidekke rulleskirenn. No gjelde det å halde fram med den gode treninga mot ein aktiv og morosam rulleskisesong!
Bruk Intersport-appen og få rabattar på Erdal Sport Intersport Førde!
Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Mar 2022
VI MINNER OM AT ALLE MEDLEMMAR I FØRDE LANGRENN FÅR RABATT PÅ SINE KJØP V/ ERDAL SPORT. FOR Å FÅ TILGANG TIL RABATTEN MÅ DU LASTE NED INTERSPORT SIN APP.
Dette er ein app som kunden sjølv må laste ned til sin telefon. Utan denne får du ikkje rabattar du er sikre gjennom vår viktige avtale med Erdal Sport. Erdal Sport er ein viktig samarbeidspart for Førde Langrenn og vi oppfordar alle til å laste ned og nytte appen! Slik støttar du også Førde langrenn.
Velukka Årsmøte!
Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2022
Onsdag 2. mars gjennomførte Førde Langrenn eit vellukka årsmøte! Alle saker vart vedteke einstemmig og styret vart valt ved akklamasjon.
Høveleg god økonomi:
Rekneskapen syner eit imponerande overskot på kr. 151 727.-. Storparten kjem frå Equinor Norgescup for seniorar. Dette saman med ein god likviditet frå før, gjer oss gått rusta til å satse vidare på Førde Langrenn!
Endring i treningskontingenten:
Årsmøtet vedtok nokre justeringar i treningskontingenten. Det er mange år sidan dette vart gjort sist og årsmøtet fann det riktig å gjera nokre justeringar. Førde Langrenn skal framleis vere eit lågterskeltilbod for alle og kontingenten er framleis i nedre sjikt om vi samanliknar oss med andre grupper i Førde idrettslag.
Dei nye satsane vert:
Treningskontingent barn 1-4 klasse | kr. 950,- |
Treningskontingent barn 5-9 klasse | kr. 1 200,- |
Treningskontingent 10 klasse og eldre | kr. 1 500,- |
Støttemedlemer (ikkje medlemsfordelar) | kr. 250,- |
Vi skal lage Utviklingsplan!
Vi skal lage vår heilt eigen utviklingsplan. Ein slik plan skal sei noko om korleis Førde Langrenn skal utvikle seg vidare, kva mål vi skal setje oss og korleis vi skal nå desse måla! Meir om dette i eiga sak.
Stabilt styre
Valet synte stor stabilitet i styret vårt. Berre eit verv var ledig. Førde Langrenn er så heldige at Tonje Siren Bjørset har takka ja til å tre inn i styret, og vi ser fram til å samarbeide med Tonje. Alle val vart gjort ved akklamasjon.
Oppsummert vart dette eit god årsmøte med gode drøftingar, godt humør og god stemning. Til neste år håpar vi at enda fleire tar turen innom gruppa sitt øvste styrande organ!
Vedlagt finn du protokollen frå årsmøtet.
12 utøvarar skal delta på Norges Cup for junior!
Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Jan 2022
Førde Langrenn stiller med rekordstor tropp til NorgesCup for juniorar, Nes 28.-30. januar 2022!
"Tenk at vi har 12 utøvarar på norgescup frå Førde IL. Det er rett og slett heilt fantastisk!!," seier leiaren i Langrennsgruppa Yngve Thorsen til den utsendte bladfyken.
Dei tolv er:
Guri Line Brekke, K17 | Aksel Bjørkhaug, M17 | Magnus Furnes Degnepoll, M17 |
Stian Vårdal Helle, M17 | Sonde A. Hofstad, M17 | Mali Monica Engesæter, K18 |
Linnea Lundekvam, K18 | Martin Espe, M18 | Elias A. Husa, M18 |
Erik Alnes Litsheim, M18 | Thomas Tefre, M18 | Ivar Nistad, M19/20 |
Rennprogram:
Fredag - Sprint F (NM 19/20 år)
Laurdag – 5/10 km F
Søndag – 10/15km K
Resultatservice og meir info. om arrangementet:
https://www.skiforbundet.no/aasen22/
Førde Langrenn ynskjer alle dei 12 lukke til!
Lyst til å bli ein enda betre trenar?
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2022
Bli med på: Praktisk fagøkt på ski
i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn: 31. januar og 1. februar 2022.
Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2022 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dyktig kurslærar.
Du blir introdusert for spanande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen.
Andre interesserte kan også få delta på fakøkta. Det er kostnadsfritt for alle å delta.
For å nå flest mogleg legg vi opp til den same fagøkta både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn:
- Måndag 31. januar 2022: Ullsheim Skisenter - kl. 11.00-14.00
- Måndag 31. januar 2022: Skileikanlegg i Årdalen, Sunnfjord - kl. 18.00-21.00
- Tysdag 1. februar 2022: Heggmyrane Skisenter - kl. 11.00-14.00.
Påmeldingsfrist: Måndag 24. januar
Etterpåmelding fram til torsdag 27. januar dersom plass på kurset.
Påmelding gjer ein til kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern.
Ved spørsmål kontakt Sogn og Fjordane Skikrins:
E-post kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Tlf 406 36 964