Trenar og foreldremøte 1. oktober.

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Sep 2020



Trenar og foreldremøte torsdag 01.10.20 kl. 18.00 – 19.00, skihytta - Langeland skisenter.

 

Barmarkstrening for alle grupper startar opp i veke 42. FIL langrenn ynskjer å informere litt om våre tankar rundt treningane og sesongen 2020/2021. Mesteparten av tida vil vi bruke på å koordinere og planlegge treningane.

 

Sakliste:

Velkommen v/styret.
Diverse informasjon v/styret.
Organisering/oppstart av trening i veke 42.

 

 

Mvh Førde IL langrenn.



Henting av premier fra fjordårets sesong 27 september.

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Sep 2020

Den tradisjonelle premiefesten til Førde IL Langrenn måtte i år utgå pga situsjonen med Covid-19.

Søndag 27 september vil det vere mulighet for dei som gikk skirenn i vinter og hente premiane sine på Langeland skisenter. Dette gjeld for karusellrenn, Lagsmesterskap klassisk og fristil, merkerenn og SSF Cup.

 Premiane kan hentast fra kl. 10.00-13.00.



Enivest skiskule 8-11 oktober.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2020

Den 8-11 oktober 2020 er det igjen klart for Enivest skiskule med Gjøran Tefre. Dette er eit tilbod for utøvarar i årsklassane 2005 til 2009.

Enivest skiskule er eit tiltak for å fremje skiglede og skape ein arena der unge håpefulle utøvarar kan møtast, utveksle erfaringar og skape relasjonar på tvers av klubbar og alderstrinn.

Det blir mykje god og variert trening- og ved sia av treninga skal vi ha det sosialt og kjekt igjennom gode måltid og kjekke aktivitetar.

Skiskulen blir avslutta med Rulleskirenn søndag 11.oktober.

Velkommen til ei kjekk helg!

Les meir om skiskulen her: https://www.skiforbundet.no/globalassets/06-krets---medier/sogn-og-fjordane/langrenn/enivest-skiskule/2020/innbyding-2020.pdf 

Påmelding gjennom skikrinsen: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2020/9/enivest-skiskule-2020/


Samlinga vert gjennomført i tråd med gjeldane rettningslinjer for smittevert og koronaveiledar fra NSF: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/?npid=104639&page=NSF+koronaveileder+for+klubber+og+kretser



Foreldrekurs i Langrennsgruppa.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2020

Foreldrekurs i langrennsgruppa

Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland onsdag 21. oktober.

 

Tidspunkt:

Onsdag 21. oktober 2020, Kl. 17.00-20.30

 

Stad:

Langeland Skisenter

 

For kven:

Kurset er retta mot foreldre/ føresette som bidreg eller kan tenkje seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa.

Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta.

 

Kursinnhald:

  • Kva det vil seie å vere ein trenar for born
  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (som førebuing til langrennsaktivitet)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå

 

Program:

Kl. 17.00-18.00: Teoridel inne, «Barneidrettens verdigrunnlag og trenarrolla» v/ Ingrid Narum

Kl. 18.00-20.30: Praktisk økt ute, «Langrennstrening for barn på barmark» v/ Roger Pollen

 

I den praktiske økta nyttar ein gruppene som har trening parallelt med kurset.

 

PÅMELDING innan 19. oktober.

 

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.

Retningslinjer for kursdeltakarar:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene