Tidenes beste plassering på NM-stafett!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Feb 2017

NM på Lygna vart i dag avslutta med stafett. Laget frå Førde gjorde ein flott jobb, og enda på 22. plass. Dette er beste plassering nokonsinne for eit lag frå Førde!

Gjøran Tefre starta stafetten på beste vis, og veksla som nr. 4! Roger Øye Pollen gjekk andre etappe, før Ole Martin Erdal avslutta med siste etappe for Førde.

Gratulerer til dei tre utøvarane, og til Førde IL langrenn med ein godt gjennomført stafett!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.