Siste skitrening vert torsdag 22. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mar 2018

Vi  avsluttar fellestreningane for dei yngste gruppene i morgon torsdag 22. mars.

For gruppa 7. klasse og eldre held vi fram med treningar torsdagar kl 18.00-19.30 så lenge det er forhold til det. Yngre utøvarar som ønskjer å delta er velkomne til det, men det vert ikkje laga eige opplegg for desse, om ikkje anna er annonsert spesielt på facebook/nettside.

Vi vil få takke for ein flott skisesong, som ikkje er på langt nær over, sjølv om fellestrening vert avslutta. Vi håpar alle har hatt det kjekt på trening, og vil vere med når vi startar opp att til hausten. I mellomtida håpar vi alle vil nytte seg av løypene på Langeland utover våren!

Vel møtt til siste trening!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline