Dugnadslister Ribberennet og KM

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Des 2018

No nærmar det seg sesongstart med stormskritt (forhåpentlegvis). Også i år skal det sjølvsagt arrangerast skirenn på Langeland, og til det treng vi mannskap. I år skal Førde IL langrenn arrangere tre KM-distansar, så det vert ekstra mange renn på Langeland. Vi håpar folk er positive til at vi får arrangere renn på Langeland, sjølv om dette også inneber at ein må stille opp på dugnad. På den andre sida så slepp ein jo å køyre langt avgårde på skirenn :-) 

Ved å følgje lenkene nedanfor finn de dugnadslister til Ribberennet og til KM. Ver snill å sjå etter om du har fått oppgåver. Dersom du er sett opp på ein dato/oppgåve som ikkje passar, ber vi om at du byter med nokon andre og gir beskjed til rennleiar om kven som kjem.

Lister for Karusellrenna kjem snart.


Ribberennet: https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/25613/mannskapsliste

KM: https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannskapsliste




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline