Overnatting Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Des 2018

Overnatting i høve BAMA Ungdommens Holmenkollrenn Oslo - 15-17 februar 2019.

Ungdommens Holmenkollrenn er landsrenn for årsklassane 13 og 14 år i Holmenkollen (f.2006 og 2005)

Vi har henta inn tilbod frå Scandic Holmenkollen Park hotel  - som ligg ca. 5 min. gange i frå arrangementsområdet  og er dermed ein praktisk stad å overnatte i høve dette arrangementet – i tillegg er det sosialt og kjekt om fleire bur på same staden.


Førde IL langrenn har mottatt følgande tilbud for overnatting 15-17 februar: 

Pris kr 1.025,- per person per natt i flersengsrom. Enkeltromstillegg kr 300,-.

Dette inkluderer.

  • Overnatting
  • Frokostbuffet
  • Matpakkelunsj med påfyll termos
  • Middagsbuffet med en drikke (saft e.l.)
  • Kornbuffet til kvelds.


Dei som ønskjer overnatting ut over desse dagane, må tinge dette sjølv. 

Ein er oppmoda om å gjere ein felles reservasjon -  dermed fint om dei som ønskjer overnatting melder dette innan fredag 21.12.18. (Individuell betaling pr familie ved avreise). I fjor deltok 15 løparar frå Førde. Vi håpar på ein minst like stor delegasjon som deltek i år.

Legg inn nann, antall som overnattar og tlf. nr. i kommentarfeltet på Facebook.


https://www.scandichotels.no/hotell/norge/oslo/scandic-holmenkollen-park


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.