Hipp hurra for 17. mai!

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mai 2019

Førde IL stiller som vanleg med fane i årets 17. mai-tog, og vi oppmodar våre medlemmer om å gå saman med resten av idrettslaget i toget!

Det er oppstilling til toget på kunstgrasbana frå kl. 10:30.

Faneberarar er som vanleg vinnarane av årets toppidrettstipend og Finn Friis Hafstad minnefond. Desse utmerkingane vert delt ut på folkefesten i idrettshallen etter toget (12.30). I år går tildelinga til følgjande utøvarar:

  • Karoline Holsen Kyte                     (FIL Friidrett - Toppidrettstipend)
  • Gjøran Tefre                                     (FIL Langrenn - Toppidrettstipend)
  • Håvard Gutubø Bogetveit           (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Ole Martin Erdal                              (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Karoline Erdal                                  (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Ane Brekke                                        (FIL Langrenn/FIL Friidrett - Finn Friis Hafstad minnefond)


Gratulerer med dagen!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline