Rulleskivettreglar

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jun 2019

Vi er no inne i sesongen for rulleski, og i den anledning passar det å igjen minne om rulleskivettreglane. For at alle rulleskiløparar og dei vi møter langs vegen skal vere trygge oppfordrar klubben alle våre medlemmer til å setje seg inn i reglane.

https://www.skiforbundet.no/langrenn/skirenn/rulleski/rulleskivettregler/

I tillegg til det som står i desse reglane minner vi om at de er forsiktige når de møter dyr langs vegen, spesielt gjeld dette hest med ryttar/vogn. Hestar er vare for lyd og bevegelse, og er sjeldan godt vande med å møte rulleskiløparar langs vegen. For at både du som rulleskiløpar og hest og rytter skal ha ei trygg oppleving langs vegen ber vi om at du stoppar til hesten har gått forbi.

Vi oppfordrar også alle til å nytte det flotte anlegget for rulleski vi har på Langeland!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline