Rabattert brukarbetaling på Langeland.

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Okt 2019

Brukarbetaling på Langeland vert mellom anna nytta til løypekøyring og anna vedlikehald av anlegget. Prisane for sesongen 2019/2020 er som følgjer:

  • Årskort 800,-
  • Dagskort 75,-
  • Årskort for aktive medlemmer i Førde IL langrenn 500,-

Den rabatterte prisen for våre medlemmer føreset at ein betalar treningsavgift og årskort innan 30.11.2019. For å få tilsendt faktura for brukarbetaling og trening må de melde på til trening via denne lenka https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13979/trening. Dette kan de gjere allereie no!  

Sidan Langeland Ski og Fritidssenter no er eit heilårsanlegg, med rulleskiløype, er det innført brukarbetaling heile året.

Satsane for treningsavgift 2019/2020 finn de her https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/15017/medlemskap



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline