Trening og skirenn avlyst ut sesongen!.

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mar 2020

I dag 12. mars 2020 har Norges Skiforbund anbefalt at all breiddeaktivitet i organisasjonen opphøyrer for resten av sesongen og fram til 30. april 2020. 


Førde IL Langrenn følgjer tilrådinga frå Norges Skiforbund, og avlyser all trenings- og konkurranseaktivitet i denne perioden. Styret i Norges Skiforbund har fatta vedtaket i styremøtet 12.03.2020, som eit tiltak for å bidra til å hindre spreiing av Koronaviruset, og dermed lette belastninga for lokale helsemyndigheiter. 

Styret i Førde IL Langrenn understrekar viktigheita av at også vi tek ansvar for å bidra i denne dugnaden. 

For orden skuld kan ein legge til at alle renn i terminlista til Sogn og Fjordane Skikrins vert avlyst ut sesongen (t.o.m. 30. april 2020), samt all breiddeaktivitet i regi av skikrinsen. 


Med venleg helsing Styret i Førde IL Langrenn.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline