Trening og skirenn avlyst ut sesongen!.
Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mar 2020
I dag 12. mars 2020 har Norges Skiforbund anbefalt at all breiddeaktivitet i organisasjonen opphøyrer for resten av sesongen og fram til 30. april 2020.
Førde IL Langrenn følgjer tilrådinga frå Norges Skiforbund, og avlyser all trenings- og konkurranseaktivitet i denne perioden. Styret i Norges Skiforbund har fatta vedtaket i styremøtet 12.03.2020, som eit tiltak for å bidra til å hindre spreiing av Koronaviruset, og dermed lette belastninga for lokale helsemyndigheiter.
Styret i Førde IL Langrenn understrekar viktigheita av at også vi tek ansvar for å bidra i denne dugnaden.
For orden skuld kan ein legge til at alle renn i terminlista til Sogn og Fjordane Skikrins vert avlyst ut sesongen (t.o.m. 30. april 2020), samt all breiddeaktivitet i regi av skikrinsen.
Med venleg helsing Styret i Førde IL Langrenn.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
![PREMIEFEST søndag 9 juni](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1473/2024/5/30/premiefest.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
PREMIEFEST søndag 9 juni
30.05.2024
![Bli med på Sognefjellet Sommarskiskule 2024](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1473/2024/5/22/img-6985-2.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Bli med på Sognefjellet Sommarskiskule 2024
22.05.2024
![Innbyding SSF Cup Finale 2024](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1473/2024/4/1/7455e489-1ace-4c98-a0a4-6d12501ff409.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Innbyding SSF Cup Finale 2024
01.04.2024