Bli med på Strava Påskerenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Apr 2020


FIL Langrenn inviterar sine medlemmar til Strava Påskerenn 2020 på Langeland.


Det er lenge sidan førre konkurranse, og mange av våre utøvarar har kanskje eit lite håp om å delta i ei god påsketevling.


Det er laga 4 Stravasegment på Langeland. Alle segmenta finn ein i innbydinga under med kart og link til Strava.


Tevlinga føregår i tidsrommet onsdag 8. april kl. 07:00 til mandag 13. april kl. 22:00.


Her kan du laste ned innbyding og meir informasjon om arrangementet.


Det er ingen startkontingent, men ein oppmodar deltakarane å VIPPSE ein valfrisum (t.d. kr. 50,- pr. segment ein deltek i) til Førde IL Langrenn. VIPPS nr: 130827


For orden skuld kan ein legge til at langrennsgruppa har fått løyve frå Sunnfjord kommune til å avvikle påskerennet.


Styret i FIL Langrenn ynskjer alle utøvarar og føresette ei retteleg god påske, og lykke til med eit godt påskerenn!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.