Norges Cup i langrenn til Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jul 2020

Førde IL er på nytt til tildelt Norges Cup i langrenn for seniorar.

Arrangementet skal gå av stabelen v/ Langeland Skisenter 12.-14. februar 2021. 

Førebelse øvingar:

- Fredag 12. februar 2021, Sprint
- Laurdag 13. februar 2021, 15km/ 10km
- Søndag 14. februar 2021, 30km/ 20km

Som kjent skulle Norges Cup`en opphaveleg avviklast i februar 2020, men grunna manglande snøtilhøve v/ Langeland Skisenter vart arrangementet flytta.

På vegne av org. komiteen ser Førde IL fram til å ynskje utøvarar, støtteapparat, samarbeidspartar og publikum velkommen til eit snørikt og forhåpentlegvis koronafritt arrangement på Langeland i februar.

Førde IL Langrenn kjem tilbake med øvrige detaljar (tilbod om overnatting m.m.) om arrangementet i august.

Vi vil også nytte høve til å ynskje alle våre skivener ein strålandes sommar!


Sommarhelsing frå
Førde IL Langrenn

Yngve Thorsen (s)
Leiar/ NC 2021


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline