Praktisk fagøkt på ski 25/1-2021.

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Nov 2020

Praktisk fagøkt på ski

Bli med på praktisk fagøkt på ski i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn 25. og 26. januar 2021. 

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2021 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dei dyktige kurslærarane Marianne Myklebust og Ingrid Robøle.

Her vil ein bli introdusert for spennande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen.

Vi opnar opp for at også andre interesserte kan få delta på fagøkta, og det er kostnadsfritt for alle å delta.

I Sunnfjord blir det praktisk fagøkt: 

Måndag 25. januar 2021: Langeland Skisenter, Sunnfjord – kl. 18.00-21.00

Påmeldingsfrist: Måndag 18. januar 2021

MELD DEG PÅ HER


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline