Foreldre/hjelpetrenarkurs 5 desember.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Nov 2020

Foreldrekurs på Langeland

Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland laurdag 5. desember kl. 10.00-12.00.

 

For kven:

Kurset er retta mot foreldre/føresette som bidreg eller kan tenkje seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa.

Kurset blir ute på ski om vi har snøforhold, og på «barmark» om det ikkje er komt snø.


Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta.

 

Kursinnhald – praktisk økt:

  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (evt. skileik dersom skiforhold)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå
  • Gode tips til aktivitetar

 

Påmelding innan måndag 30. november:

https://response.questback.com/norgesskiforbund/foreldrekurs_langeland

  

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.

Retningslinjer for kursdeltakarar:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline