Foreldre/hjelpetrenarkurs 5 desember.
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Nov 2020
Foreldrekurs på Langeland
Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland laurdag 5. desember kl. 10.00-12.00.
For kven:
Kurset er retta mot foreldre/føresette som bidreg eller kan tenkje seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa.
Kurset blir ute på ski om vi har snøforhold, og på «barmark» om det ikkje er komt snø.
Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta.
Kursinnhald – praktisk økt:
- Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (evt. skileik dersom skiforhold)
- Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå
- Gode tips til aktivitetar
Påmelding innan måndag 30. november:
https://response.questback.com/norgesskiforbund/foreldrekurs_langeland
Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.
Retningslinjer for kursdeltakarar:
- Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
- Hald minimum 1 meter avstand
- Hugs god hand- og hostehygiene
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
Dugnadslister for sesongen 2025.
20.12.2024
Ribberennet 2024
20.12.2024
Parkeringskort Langeland skisenter for 2025
24.11.2024