På tide å skrive kontrakt til krets- og impulslag!? Fristen er 14. mai!

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mai 2021

Kvart år får nokre heldige utøvarar tilbod om å delta på krets- og impulslag. No er det på tide å skrive kontrakt med tanke på 21/22-sesongen.

Dei det gjeld, skal ha fått tilsendt tilbod  frå Sogn og Fjordane Skikrins. For å delta på Impulslaget må du vera født i 2006 eller eldre og på kretslaget i 2005 eller eldre. For å delta må kvar utøvar betale ein eigenandel på 1000.- kroner, resten vert dekka av Førde IL Langrenn. 

Kontrakten skal signerast av føresette/ utøver og leiar i langrennsgruppa. Når de har skrive under kontrakten sender de den i pdf- format til yngve.thorsen@coop.no. 

PS: Om nokon saknar tilbod om deltaking på krestag eller impulslag sender de ein e-post til yngve.thorsen@coop.no for nærare informasjon.

foto: Asle Tonning/ Spenst


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline