Magnorpokalar til Rebekka og Niklas!

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Okt 2021

Rebekka Otternes Lundekvam (f. 2007) og Niklas Bosdal Thorsen (f. 2006) vart i dag tildelt Sogn og Fjordane Skikrins sin Magnorpokal. Dette skjedde i samband med Sogn og Fjordane skikrins sitt Haustmøte. Prisdrysset held altså fram for Førde IL langrenn og våre framifrå utøvarar. Dei unge utøvarane vart tildelt prisen for sine prestasjonar i langrennssporet dei to føregåande sesongane. Magnorpokalen vert vanlegvis delt ut til utøvarar i alderen 14-16 år.

                              Niklas Bosdal Thorsen og Rebekka Otternes Lundekvam           Foto: Monica Otternes 

 



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline