Snøproduksjonen startar i desember

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Nov 2021

Vasspumpa som gjev vatn til snøproduksjonen på Langeland har pumpa sin siste liter. Etter 18 år i teneste for ivrige langrennsløparar har den takka for seg. Den har gjort si teneste og må skiftast ut. 


Dei gode nyhenda er at dette vart oppdaga før det var aktuelt med snøproduksjon og at ny pumpe allereie er tinga. Langeland skisenter melder at det dessverre, er noko leveringstid på slike pumper.

Difor vil det ikkje vera råd å lage snø på Langeland før i starten av desember, sjølv om vinteren skulle slå til med minusgrader. Vi ber om at alle har forståing for dette, og er glade for at dette vart oppdaga så tidleg. Det gjer at det får liten innverknad på sesongen. Dette syner kor godt og grundig arbeid alle i Langeland skisenter gjer for at vi skal få gå på ski så lenge som råd kvart einaste år!



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline