Skibytedag på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Nov 2022

Søndag 20. november 2022  inviterar Førde IL og Gaular IL til Skibyte- og aktivitetsdag ved Langeland Skisenter.

Treng du eller dine håpefulle nytt skiutstyr eller har du utstyr som du ynskjer å selje? Då er skibytedagen ein perfekt anledning!

Alle som har utstyr å selje tek med utstyret søndag. Utstyret må merkast med namn, telefonnummer, lengde/ størrelse og pris.

På programmet står også barmarkstrening/ aktivitet for 1.-4. klasse og 5.-7. klasse.

Erdal Sport arrangerar smørekurs for nybyrjarar, og det vert høve til å kjøpe smurningsprodukt.

Det vert servering av kaffi og saft i skihytta. 

Vi fyrer også opp bålpanna slik at det vert mogleg å grille pølser.

For meir informasjon sjå innbyding under.

Skibytedag.pdf





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.