Samleside for KM 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2023


På denne nettsida finn ein all relevant informasjon om KM-helga på Langeland, 27.-29. januar 2023.

(Informasjonen er sist oppdatert (27.01.2023, kl. 21.55) med startliste-prolog, og tidsskjema for avvikling av KM Sprint Friteknikk, 28.01.2023).



WhatsApp-gruppe for utøvarar, føresette og funksjonærar.



PROGRAM

Fredag, 27. januar 2023

KM Friteknikk (frå klasse 11 år og eldre)

Merk: Første start, kl. 18.30

Resultat KM Friteknikk.pdf

Startliste

Innbyding KM friteknikk.pdf (oppdatert per 22.01.2023)

Løypekart KM Friteknikk.pdf

Med bakgrunn i verprognonsane med mykje nedbør framfor KM-helga, legg arrangøren opp til å bruke løypene med kunstsnø i samband med KM Friteknikk. Om vertilhøva tillet det, vil arrangøren på kort varsel ev. endre konkurransetraseane frå kunstsnøløypene og over til dei tradisjonelle traseane på Langeland. Denne avgjersla blir tatt seinast fredag 27. januar 2023, kl. 15.00, og ev. nye løypekart blir publisert her.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste

Laurdag, 28. januar 2023
KM Sprint Friteknikk (ope for alle klassar).

Merk: Første start, kl. 12.00

Resultatliste prolog

Resultatliste 11 år og eldre/ Heat.pdf

Startliste (prolog)

Tidsskjema Heat.pdf

Innbyding sprint KM.pdf (oppdatert per 22.01.2023)

Løypekart KM Sprint.pdf
NB! Ver merksam på at løypelengdene avvik noko i høve til opplysningane i invitasjonen til arrangementet.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste

Informasjon om KM Sprint Friteknikk

Ein legg opp til følgjande arrangementavvikling i samband med KM sprint. Merk at antal påmeldte vil kunne ha innverknad på korleis sprinten vert gjennomført. Ein tek sikte på at også klassene 11 år og eldre har element av skicross i sprinten, men det vil avhenge av snøforhold. 

For klassene 10 år og yngre blir rennet gjennomført med ein «prolog» - det vil seie enkeltstart med løype med skicrosselement. Det vert ikkje heat-gjennomføring for denne aldersgruppa. I tillegg vil det dersom gode nok snøtilhøve bli lagt til rette for eit skileikområde og ekstra «rakettløype» på skisenteret. 

For klassene 11 og 12 år blir rennet gjennomført slik:

  • Alle går prolog, løypelengde ca 500m
  • Alle i klassene 11-12 år går to finaleheat
  • Finaleheat blir sett opp etter rangering i prolog (blanda klasse/kjønn 11-12 år). 
  • Heatoppsett: Dei 5-8 svakaste prologtidene går i heat 1, dei 5-8 neste prologtidene i heat 2 osv. Dei 5-8 beste prologtidene går då i siste heat.
  • Etter første heatrunde rykker dei to best plasserte opp til heatet over og dei to sist plasserte til heatet under gjeld ikkje heatet med dei best plasserte etter prolog, der rykker kun to ned, og i heatet med dei lågast plasserte etter prolog, der rykker kun to opp)
  • Det blir notert poeng per heat, som ein summerer opp etter alle har gått to heat (sjå poenginformasjon under). Endeleg plassering blir då rekna ut etter det andre heatet. 
  • Rangering til slutt etter kjønn og alder i opphaveleg klasse (J11, G11, J12, G12). 
  • Gjennomføring er lagt opp slik med føremål om mest mogleg tette heat og jamne duellar. 

For klassene 13 år og eldre rennet gjennomført slik:

  • Alle går prolog, løypelengde 700-800 m
  • Alle i klassene 13 år og eldre går tre finaleheat
  • Finaleheat blir sett opp etter rangering i prolog (blanda klasse/kjønn alle 13 år og eldre). 
  • Heatoppsett: Dei 5-8 svakaste prologtidene går i heat 1, dei 5-8 neste prologtidene i heat 2 osv. 
  • Etter første heatrunde rykker dei to best plasserte opp til heatet over og dei to sist plasserte til heatet under (gjeld ikkje heatet med dei best plasserte etter prolog, der rykker kun to ned, og i heatet med dei lågast plasserte etter prolog, der rykker kun to opp)
  • Det blir notert poeng per heat, som ein summerer opp etter alle har gått tre heat (sjå poenginformasjon under). Endeleg plassering blir då rekna ut etter det andre heatet. 
  • Rangering til slutt etter kjønn og alder i opphaveleg klasse. 

Poengberekning og sluttresultat 

  • Det er ikkje tidtaking i heat, der er det kun plassering som gjeld
  • 1. plass i heatet med dei beste prologtidene (heat A) gir 1 poeng, 2 plass i heat A gir 2 poeng osv. Om ein tek utgangspunkt i 6 stk i heat A, vil 1. plass i heatet med plassering 7-12 i prolog gi 7 poeng. Etter tre heat (to for 11-12 år) vil ein stå med tre (to for 11-12 år) poenggivande plasseringar som summerast og gir ein totalscore. 
  • Gjennomføring er lagt opp slik med føremål om mest mogleg tette heat og jamne duellar. 
  • Det vil på denne måten lønne seg å prøve å få best mogleg plassering i kvart heat, både for å prøve på evt «opprykk» og på poengsummering til slutt. 
  • Rangering til slutt etter kjønn/alder 


Søndag 29. januar 2023
KM klassisk (ope for alle klassar)

Merk: Første start, kl. 12.00

Startliste

Innbyding KM klassisk.pdf (oppdatert 22.01.2023)

Løypekart KM Klassisk.pdf

Med bakgrunn i verprognonsane med mykje nedbør framfor KM-helga, legg arrangøren opp til å bruke løypene med kunstsnø i samband med KM Klassisk. Om vertilhøva tillet det, vil arrangøren på kort varsel ev. endre konkurransetraseane frå kunstsnøløypene og over til dei tradisjonelle traseane på Langeland. Denne avgjersla blir tatt seinast laurdag 28. januar 2023, kl. 18.00, og ev. nye løypekart blir publisert her.

Teknikksone
Det er planlagt å ha ei teknikksone der berre diagonalteknikk kan nyttast. Sona vert merka med skilt og linje i snøen. Funksjonær held kontroll med teknikksona.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste


KM- og jubileumsbankett, laurdag 28. januar 2023

I samband med KM-helga, og at Sogn og Fjordane Skikrins feirar 100 år i 2023, blir det lagt opp til bankett ved Scandic Hotel Sunnfjord, laurdag 28. januar. Her blir det premieutdeling, middag, og litt underhaldning.

Banketten er gratis for alle utøvarar.

For meir informasjon og påmelding - sjå skikrinsen sine nettsider.


Tilbod om overnatting v/ Scandic Sunnfjord Hotell & Spa
Saman med arrangøren tilbyr Scandic Sunnfjord Hotell følgjande overnatting i samband med arrangementet:  

Middag er inkl. i rompris.

- Fredag, varmmat

- Laurdag, varmmat/ dessert.

For bestilling av rom – kontakt: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa.

Tlf. nr.; 57 83 40 00.

E-post; sunnfjord@scandichotels.com

Frist for bestilling av overnatting/ opphald er fredag 20.01.2023.

Bookingkode; 48326038



Førde IL og Gaular IL ynskjer velkommen til ei flott KM-helg på Langeland!





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.