Det blir Ribberenn 29.12 i Hodlekve
Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Des 2015
Det tradisjonsrike RIbberennet skal arrangerast også i år. På grunn av snøtilhøva på Langeland har vi måtta flytte det til Sogn Skisenter (Hodlekve). Datoen er endra til 29.12 kl. 18.30 på grunn av ulike forhold i Hodlekve.
Merk også at stilart er endra frå klassisk til fristil.
Link til innbyding og påmelding finn de her http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...
Hugs at viss klubben skal beale starkontigenten er fristen for påmelding eitt døgn tidlegare enn det som er oppgitt i innbydinga. Melder du på seinare må du sjølv betale.
Oppdatert mannskapsliste finn de her: Mannskapsliste Ribberennet 2015 - Sogndal 29.12.15.docx
Vel møtt til Ribberennet 2015!
Har du lyst til å vere med på stafett?
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Des 2015
Søndag 10.1.2016 arrangerar Markane IL stafett på Ullsheim. Det er tre etappar på kvart lag og vi håpar Førde IL langrenn kan stille med mange lag!
Dei som ønskjer å vere med må gje tilbakemelding til trenarane på dei respektive gruppene innan tysdag 5.1.2016. For dei yngste utøvarane er det foreldra som må gje denne beskjeden. Trenarane, ev. saman med sportsleg utval, vil sette opp lag og melde på desse. Vi gjer så godt vi kan for at alle som har lyst skal få eit lag å gå på!
Dei aktuelle trenarane er:
2003 og eldre: Yngve Thorsen/Eivind Skaar
2005-2004: Harald Aarøen
2007-2006: Bjørn Olav Espe
2009-2008: Ola Sølvberg
Mannskapsliste for Ribberennet
Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Des 2015
Vedlagt finn de mannskapsliste for Ribberennet. Ver snill og sjekk om du har fått oppgåver! Dersom det skulle vere umogleg for deg å stille ber vi om at du prøver å byte med nokon andre.
Det er framleis usikkert om vi kan arrangere Ribberennet. Følg med på nettsida for oppdatert informasjon om ev. endringar i arrangementsstad og dato.
Ta også ein kikk på den nye gjeremålslista.
Det nærmar seg jul og Ribberenn!
Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Des 2015
Jula nærmar seg, og det same gjer det tradisjonsrike Ribberennet. Dei seinare åra har Ribberennet stort sett vore arrangert 2. juledag, men årsmøtet i Førde IL langrenn vedtok 25.3.2015 å flytte rennet til 4. juledag.
.
For dei som lurer på bakgrunnen for dette refererer vi informasjon frå årsmøteprotokollen:
"Førde IL langrenn har i ei årrekkje arrangert det tradisjonsrike Ribberennet. Dei seinare åra har det som oftast vore arrangert 2. juledag, men det har også vore arrangert seinare i jula dersom dette har vore i ei helg, mellom anna i 2001 (laurdag 29.12 på Langeland), 2003 (søndag 28.12 på Langeland) og i 2007 (søndag 30.12 i Hodlekve)
Førde IL langrenn arrangerer om lag 10 skirenn i løpet av ein sesong (Ribberennet, Kalsetrennet, 6 karusellrenn og 2 renn i den fylkesdekkande SSF-cupen). I tillegg bidreg klubben med personell og utstyr til ein del andre arrangement som t.d. Førde opp og Helse Førde stafetten. Arrangementa er viktige for klubben sin økonomi og identitet, og det er såleis ønskjeleg frå styret si side å halde oppe aktiviteten på om lag same nivå som tidlegare.
Arrangementa inneber relativt høg dugnadsbelastning for klubben sine medlemmer, og erfaringar frå den seinare tid tilseier at styret vurderer det som rett å ta grep som kan redusere denne. I eit slikt perspektiv vurderer styret at det er viktigare at Ribberennet vert arrangert enn at det må vere på ein spesiell dag.
2. juledag er ein dag mange ønskjer å unngå å måtte jobbe dugnad. For ein del av personellet inneber førebuinga til rennet arbeid som grip inn i fleire dagar av julefeiringa.(*) Flytting av renndag til seinare i romjula vil gjere det lettare å skaffe personell til dugnad og redusere belastninga for dei som deltek. Med omsyn til seinare års deltaking, er det også grunn til å tru at rennet kan få minste like høg deltaking dersom det vert arrangert seinare i jula.
Styret har vurdert at 4. juledag er ein eigna dag for å etablere ein ny og framleis positiv tradisjon for rennet. Styret har vidare vurdert at det vil vere ein fordel å forsøke å halde fast på å arrangere rennet på ein fast dato. Styret ser då for seg at rennet kan arrangerast ettermiddag/kveld dei åra 4. juledag/28. desember ikkje fell på laurdag eller søndag.
Styret sitt framlegg til vedtak: Ribberennet vert frå og med 2015 flytta frå 2. juledag til 4. juledag (28.desember)
Samrøystes vedtak: Ribberennet vert frå og med 2015 flytta frå 2. juledag til 4. juledag (28.desember)
(*) Avvikling av Ribberennet 2. juledag inneber at delar av personellet til Førde IL Langrenn m.a. må jobbe dugnad 1. juledag."
Tilleggsinformasjon om årets Ribberenn, pr 17.12.2015:
Førde IL langrenn planlegg ut i frå at Ribberennet 2015 skal avviklast som ordinært på Langeland 28.12.2015.
Verutsikter pr dato – med mykje nedbør og for årstida høge temperaturar gjer det desverre usikkert om det er mogleg å arrangere skirenn på Langeland. Her vil det måtte bli ei fortløpande vurdering mht. snø/løype forhold. I så måte vil også endring av stilart vere ei vurdering.
Reservearrena for Ribberennet er Hodlekve i Sogndal.
Skal arrangementet avviklast der må det vere med Førde IL langrenn som teknisk arrangør, dvs. at heile arrangementet med tilhøyrande arrangørstab må flyttast.
I så fall kan det vere aktuelt å endre dato for arrangemente til 27.12.15, endring av stilart vil også her vere ei vurdering.
- Arrangementstad, dato og stilart er såleis ikkje avklara pr i dag.
- Ein vil i løpet av 22.12.15 måtte ta ei endeleg vurdering frå arrangøren si side.
Gjøran nr. 49 i sin verdscupdebut
Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Des 2015
Laurdag hadde Gjøran Tefre sin debut i verdscupen på 30 km med skibyte på Lillehammer. Intervju med Gjøran kan du lese her: http://www.firda.no/sport/langrenn/forde/har-vore-...
Påmelding - Klubben betalar
Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Des 2015
Ved påmelding til renn der de skal velje Klubben betalar, må påmelding skje 24 timar tidlegare enn den fristen som står i innbydinga. Dersom de ikkje rekk denne fristen, må de betale rennet sjølve og evt. krevje refusjon i etterkant.
For at klubben skal betale, ev. refundere, må du ha betalt treningsavgift til FIL langrenn for sesongen 2015/2016.
Lukke til Gjøran!
Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Des 2015
I helga stiller Gjøran Tefre til start i verdscuprenna på Lillehammar. Gjøran er no i selskap med mellom anna Odd Bjørn Hjelmeset og Roger Aa Djupvik frå Sogn og Fjordane. Frå Førde IL er Gjøran den aller første løparen som stiller til start i eit verdscuprenn i langrenn.
Førde IL langrenn ynskjer Gjøran lukke til!
Foreldrehjelp skitrening, Torsdagar årsklassane 2-4 klasse (inne)
Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Nov 2015
Foreldrehjelp skitrening, Torsdagar årsklassene 2-4 klasse (inne)
Vi treng 5-6 foreldre til kvar torsdagstrening til dugnadsinsats.
Dei skal hjelpe til å ta fram og rydde vekk utstyr som skal nyttast på treninga. (Friidretten sitt materiale som tjukkas, risposar, rokkeringar osv)
Dei må også rekne med å verte nytta som hjelp ved «stasjonane» som ein lagar til. Her er det ofte berre å stå på stasjonen og guide barna på stasjonen (dvs hjelpe dei å stå i kø og utføre korrekt øvelse)
Kan du ikkje møte ber vi deg byte med andre på lista.
Miljøsamling Beitostølen 27. - 29 november 2015
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Nov 2015
B
Vedlagt følgjer oppdatert deltakarliste. Deltakarliste Beitostølen November.xlsx
Økta i friteknikk ved ankomst fredag 27. november skal gjennomførast på eige initiativ.
Reknar med dei fleste kjem til ulikt tidspunkt, og at det vert vanskeleg å få til noko felles denne ettermiddagen/ kvelden.
Når det gjeld øktene laurdag og søndag vert det frammøte på stadion jf. samlingsprogram:
Fredag 27. november 2015
- Ved ankomst, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 20 min.- 1t 45min. (På eige initiativ).
Laurdag 28. november 2015
- Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur klassisk, 1t 30min.-2t
- Kl. 16.00, økt 2: Distansetrening friteknikk/ klassisk, 1t 30 min.-2t
Søndag 29. november 2015
- Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 30 min – 2tTrenarar:
Yngve Thorsen, Inge Brigt Kvile m.fl.
Utstyrsliste
- sengeklede/sovepose
- godt med treningsklede
- superundertøy / ullundertøy
- overtrekksklede
- handkle
- fritidsklede
- toalettsaker
- innesko
- hue, hanskar / vottar
- drikkebelte / drikkeflaske
- liten dagstursekk
- godt med sokkeskift
- fleecegensar / ullgensar
- klassisk og skøyteski med tilhøyrande stavar og sko
- skismurning
1 Kommentar
Miljøsamling på Langeland.
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Nov 2015
Miljøsamlinga for 2004 på Langeland er godt i gang!
Miljøsamling Førde IL langrenn for utøvarar født 2004
Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Nov 2015
Stad: Langeland skisenter
Tidspunkt: 20.-21.november 2015 (startar fredag klokka 17.30 og avsluttar laurdag klokka 16)
Pris: Kr. 200.- pr. deltakar. Betaling kontant ved frammøte fredag.
Pris inkl.; mat (middag fredag, frukost og lunsj laurdag, frukt og drikke), varierte treningsøkter, overnatting i skihytta og mykje sosialt samvere.
Føresette må rekne med litt dugnad (matlaging, nattevakt og utvask).
Førebels program:
Fredag 20.november 2015
- kl. 17.30: Frammøte
- kl. 18.00: Spenst, hurtighet v/ Y. Thorsen
- Kl. 20.30: Kveldsmat
Laurdag 21.november 2015
- Kl. 08.00: Frukost
- Kl. 09.00: Intervall, (lysløype traseen evt. postvegen) v/Y.Thorsen.
- Kl. 11.30: Lunsj
- Kl. 14.00: Langtur beina, 2 t.
- Kl. 16.00: Avslutning/ heimreise
Påmelding innan mandag 16.november til:
Meld deg på!
Mvh
Førde IL langrenn, v/Gry Aase Alnes.
Utstyrsliste
- sovepose, laken og madrass.
- pute med putevar
- godt med treningsklede
- superundertøy / ullundertøy
- regnklede / overtrekksklede
- handkle
- fritidsklede
- toalettsaker
- joggesko (gjerne 2 par dersom du har det)
- hue, hanskar / vottar
- drikkebelte / drikkeflaske
- liten dagstursekk
- godt med sokkeskift
- fleecegensar / ullgensar
Dugnadsliste –dette må vi ha foreldre til å gjere:
Fredag 20.11.15:
Treningsøkt spenst/hurtighet oppmøte kl 17:30:
1 stk i tillegg til hovedtrener Y.Thorsen
Innkjøp, kveldsmat fredag og førebu frukost – oppmøte 18.00:
3 stk.
Overnatting fredag – laurdag – oppmøte 21.30:
2-3 stk (avhenging av deltakermengd)
Laurdag 21.11.15:
Intervalltrening :
1 stk i tillegg til hovedtrener Y.Thorsen og hjelpetrener B. Espe og I.B.Kvile
Lunsj laurdag – oppmøte 10.30:
3 stk.
Langøkt:
B.Espe, C. Litsheim og S.Kvile ev 1 stk til.
Rydding/utvask laurdag – oppmøte 15.30:
3 stk.
Klubbkveld på Erdal Sport 28. oktober
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Okt 2015
Onsdag 28.oktober kl. 17.00 - 20.00 er det klubbkveld hjå Erdal Sport, der ein får kjøpt skiutstyr til gode prisar. Frå utstyrsleverandørane møter mellom anna Fischer, Madshus, Rossignol, Swix og Alpina.
Bruktsal og bytedag laurdag 24. oktober
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Okt 2015
Bruktsal og bytedag
Laurdag 24 oktober blir det høve til å få seg rimeleg skiutstyr.
Då har Førde IL Langrenn rigga seg til på COOP EXTRA, Brulandsvellene frå kl 11.30 – kl 15.00.
Her kan du kjøpe brukt skiutstyr eller selge utstyr som ikkje passer. Alle som har langrennsutstyr som dei ikkje nyttar lenger blir oppfordra til å ta det med til COOP EXTRA. Det er mange som treng utstyr og då kan det være eit godt alternativ å kjøpe brukt.
Utstyr de kan selje er for eksempel ski, staver, sko, Førde Langrenn kle og rulleski etc. Merk alt med namn.
Viktig at ein ikkje prisar for høgt, og alle er sjølve ansvarlege for sitt eige utstyr, sjølv om vi som står der kan være behjelpelige.
NB. Alle må hente utstyr som ikkje blir selt, så det ikkje blir ståande att på COOP.
Vi sel vaflar, kaffe og saft til særs gode prisar. Inntekta går til eit godt føremål.
Håper at mange nytter høvet til å komme, med eller uten skiutstyr.
Hugs og klubbkvelden på Erdal Sport- G-Sport, onsdag 28 oktober frå kl 17.00-20.00.
Fotografering av Førde IL langrenn utøvarar torsdag 29.10.2015
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Okt 2015
Førde IL langrenn har fått tilbod om gratis fotografering av utøvarar hjå Foto-Expressen. Det er ikkje nokon «kjøpetvang» av bilder i etterkant, men det er mogleg å bestille bilder dersom ein ønskjer dette.
Fotograferinga vil skje i samband med treninga i Førdehuset torsdag 29. oktober. Vi håpar at flest mogleg har moglegheit til å vere med på dette.
Det vil bli tatt individuelle bilder, men også eit gruppebilde som skal publiserast i papirutgåva av Firda.
For dei som har vorte fotograferte saman med fotballaget sitt denne sesongen, så er dette same opplegg.
Tidskjema vert om lag slik:
kl 18.00: 1.klasse
kl 18:30: 2 klasse (Ola Sølvberg)
kl.19:00: 3 klasse
kl.19:30: 4. klasse (Frode Lundekvam)
kl.20:00: 5 klasse
kl 20:30.-6. klasse (Harald Aarøen)
kl 21.00: 7. klasse-senior (Yngve Thorsen/Eivind Skaar)
Profilklede:
Alle som har må møte i profilklede for Førde IL langrenn. Gjerne overtrekksdressen, evt. t-skjorte/genser. Viss du ikkje har slike klede er det fint om du kan stille med svarte klede. Dette vil ta seg bra ut på gruppebildet :-)
Vedlagt skjema:
Vedlagt finn de informasjon frå Foto-expressen og eit skjema (Skjema fotografering.pdf). Eit tilsvarande skjema vert delt ut på treninga torsdag 22. oktober (kvart skjema inneheld ein unik strekkkode, og de kan difor ikkje bruke det som er vedlagt). Dette skjemaet må vere underskrive og ungane må ha det med seg på trening torsdag 29. oktober. Viss dei ikkje har med skjemaet kan vi ikkje ta bilder av dei.
Eit tips frå fotografen ang. dette skjemaet er at ein vel «Nei takk, vi ønsker ikke å få hjem bildene for gjennomsyn». Det som då skjer er at foreldre får ein link via e-post, og dermed får tilgang til å sjå bildene, og evt. Bestille. På denne måten slepp ein å få tilsendt bilder, med evt. Påfølgjande retur.
Dei som trenar på Sunde:
Fotograferinga skjer i Førdehuset og de må difor komme til Førdehuset i etterkant av treninga. De kan gjerne møte litt før 21.00 i tilfelle vi har sett av vel god tid.
Aktivitetsleiarkurs barneidrett
Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Okt 2015
Her er nytt frå Idrettskrinsen. https://www.idrettsforbundet.no/globalassets/sogn-...
Legg merke til at det allereie no til helga vert arrangert aktivitetsleiarkurs barneidrett her i Førde.
Langrennsgruppa er heilt avhengig av at foreldre deltar som trenarar/medhjelparar. Eit slikt aktivitetsleiarkurs kan vere ein fin inngangsport til grunnleggande kunnskap om idrettsaktivitet for barn opp til 12 år.
Påmeldingsfristen har gått ut, men viss nokon har anledning til å delta, så ordnar vi det! Ring eller send ein sms til Silje Aakre Solheim på tlf. 48 02 17 60.
Langrennsgruppa dekker kursavgifta.
Velkommen på skitrening!
Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Okt 2015
Torsdag 15.oktober startar vi opp med skitrening for sesongen 2015-2016.
Treningstid og stad er som følgjer:
1. klasse: kl. 18.00-19.00 inne i Førdehuset (Hall 1, sal 4).
2.-4. klasse: kl. 18.00-19.00 inne i Førdehuset (Hall 1, sal 1-3).
5.-6. klasse: kl. 18.00-19.00 ute ved Førdehuset (kunstgrasbana).
7.-8. klasse, 9.-10. klasse, junior og senior: kl. 18.00-20.30 ute og inne på Sunde skule. Det vil bli differensiert trening i høve alder.
Skjema for påmelding finn de her på nettsida. Faktura på treningsavgift vert sendt ut gjennom Min Idrett.
Vel møtt til trening og ein ny skisesong!
2 Kommentarer
Langrennstreninga for den eldste gruppa!
Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Sep 2015
Trening torsdag 17.12.2015, utøvarar f. 2003 og eldre.: Økta vert gjennomført i friteknikk på Langeland. Frammøte kl. 18.30 (merk tidspunktet!!). I økta vil ein ha fokus på balanse og fart/ hurtigheit.
Treningane har vore delvis på Langeland, og delvis på Sunde i det siste. Dette grunna litt skiftande forhold på Langeland. Tysdag 15.12.15 vert treninga i klassisk stil på Langeland kl. 18.00. Dette gjeld utøvarar fødde i 2003 og eldre! Møt presis!
Det vil bli lagt ut løpande informasjon på Facebook-sidene til Førde Langrenn framover, so det er viktig å følge med der ( https://www.facebook.com/groups/189339804416559/ ).
Treningane for dei eldste har gått som normalt. (Flott rulleskitur i kveld 10 september). Etter innspel så vert tysdagane fast på Hafstadfjellet. God oppvarming og nedjogging. Ymse intervallseriar. Det er ynskje om klokkeslett 18.00. Torsdagar vert på rulleski i Angedalen klokka 17.00
Tysdag 15.september kl. 18.00 "Hafstadfjellet". Oppmøte Bunnpris på Bruland. Intervall. God oppvarming og nedjogging. Dei som vil ha roleg langtur, gjer det. Utøverar fødd i 2003 og eldre er velkomne på denne økta.
Onsdag 16.september. Kl 17.30 ved Angedalen skule. Teknikktrening med Frank Heggebø - hovudtrener for Team Veidekke Vest, der Gjøran Tefre og Torstein Bu er med. Ta med både skøyte- og klassiske rulleski. Dette er ei økt for utøverar som har gått ein del på rulleski. (Ikkje nokon økt for nybegynnerar.) Har ikkje lyst å setje eksakt aldersgrense, men tenkjer 2002 og eldre utøverar
Torsdag 17. september.Kl. 17.00. Rulleski i Angedalen. Oppmøte ambulansestasjonen på Tefre. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte og å gå roleg forbi hestane.
Tysdag 22. september kl. 18.00 "Hafstadfjellet". Oppmøte Bunnpris på Bruland. Intervall. God oppvarming og nedjogging. Dei som vil ha roleg langtur, gjer det.
Torsdag 24. september. Kl. 17.00. Rulleski i Angedalen. Oppmøte ambulansestasjonen på Tefre. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte og å gå roleg forbi hestane.
Tysdag 29. september kl. 18.00 "Hafstadfjellet". Oppmøte Bunnpris på Bruland. Intervall. God oppvarming og nedjogging. Dei som vil ha roleg langtur, gjer det.
Torsdag 1. oktober Kl. 17.00. Rulleski i Angedalen. Oppmøte ambulansestasjonen på Tefre. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte og å gå roleg forbi hestane.
Veke 41 Haustferie, men Jørund vil ha økta på Hafstadfjellet på tysdag 06.okt. kl.18.00 for dei som har anledning til å være med.
Etter haustferien blir det Hafstadfjellet kl.18.00 på tysdagar og Sunde Skule kl.18.00 på torsdagar.
Meir info vert lagt ut etter kvart..................
1 Kommentar
Trenarmøte saman med Førde IL friidrett
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2015
Alle som skal vere trenarar for desse aldersgruppene er oppmoda om å møte.
Agenda:
- evaluere sesongen i fjor
- planlegge neste sesong
- eventuelt
Tenknikktrening på rulleski med Frank Heggebø - hovudtrenar for Team Veidekke Vest og treningar dei neste vekene
Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Sep 2015
Tysdag 15.september kl. 18.00 "Hafstadfjellet". Oppmøte Bunnpris på Bruland. Intervall. God oppvarming og nedjogging. Dei som vil ha roleg langtur, gjer det. Utøverar fødd i 2003 og eldre er velkomne på denne økta.
Onsdag 16.september. Kl 17.30 ved Angedalen skule. Teknikktrening med Frank Heggebø - hovudtrener for Team Veidekke Vest, der Gjøran Tefre og Torstein Bu er med. Ta med både skøyte- og klassiske rulleski. Dette er ei økt for utøverar som har gått ein del på rulleski. (Ikkje nokon økt for nybegynnerar.) Har ikkje lyst å setje eksakt aldersgrense, men tenkjer 2002 og eldre utøverar
Torsdag 17. september.Kl. 17.00. Rulleski i Angedalen. Oppmøte ambulansestasjonen på Tefre. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte og å gå roleg forbi hestane.
Tysdag 22. september kl. 18.00 "Hafstadfjellet". Oppmøte Bunnpris på Bruland. Intervall. God oppvarming og nedjogging. Dei som vil ha roleg langtur, gjer det.
Torsdag 24. september. Kl. 17.00. Rulleski i Angedalen. Oppmøte ambulansestasjonen på Tefre. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte og å gå roleg forbi hestane.
Tysdag 29. september kl. 18.00 "Hafstadfjellet". Oppmøte Bunnpris på Bruland. Intervall. God oppvarming og nedjogging. Dei som vil ha roleg langtur, gjer det.
Torsdag 1. oktober Kl. 17.00. Rulleski i Angedalen. Oppmøte ambulansestasjonen på Tefre. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte og å gå roleg forbi hestane.
Det kan bli endringer......
Eivind 11.09.2015
Miljøsamling på Langeland for utøvarar fødde i 2000-2003
Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Sep 2015
Førde IL langrenn inviterer til miljøsamling på Langeland
Kven: Utøvarar fødde i 2000 til 2003.
Stad: Langeland skisenter
Tidspunkt: 25.-26. september 2015 (startar fredag klokka 17.30 og avsluttar laurdag klokka 16)
Pris: Kr. 200.- pr. deltakar. Betaling kontant ved frammøte fredag.
Pris inkl.; mat (middag fredag, frukost og lunsj laurdag, frukt og drikke), varierte treningsøkter, overnatting i skihytta og mykje sosialt samvere.
Føresette må rekne med litt dugnad (matlaging, nattevakt og utvask).
Førebels program:
Fredag 25. september 2015
- kl. 17.30: Frammøte
- kl. 18.00: Intervall, beina (lysløype traseen evt. postvegen)
- Kl. 20.30: Kveldsmat
Laurdag 26. september 2015
- Kl. 08.00: Frukost
- Kl. 09.00: Styrke, spenst, koordinasjon
- Kl. 11.30: Lunsj
- Kl. 14.00: Langtur beina, 2 t.
- Kl. 16.00: Avslutning/ heimreise
Påmelding innan mandag 21. september til:
yngve.thorsen@skiforbundet.no
Meld deg på!
Mvh
Førde IL langrenn, v/miljøansvarleg Ørjan Igelkjøn.
Utstyrsliste
- sovepose, laken og madrass.
- pute med putevar
- godt med treningsklede
- superundertøy / ullundertøy
- regnklede / overtrekksklede
- handkle
- fritidsklede
- toalettsaker
- joggesko (gjerne 2 par dersom du har det)
- hue, hanskar / vottar
- drikkebelte / drikkeflaske
- liten dagstursekk
- godt med sokkeskift
- fleecegensar / ullgensar
Trenarmøte måndag 31.8 kl. 17.00 i Hafstadparken
Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Aug 2015
Agenda:
- Opplegg fram til innetreninga startar
- Kven av dei vaksne kan vere med på opplegget fram til innetreninga startar?
- Grupper på innetreninga. kan vi "kopiere" frå i fjor, eller er det behov for endring?
- Kven av dei vaksne kan vere med på dei ulike gruppene når vi startar med innetrening?
- Skal vi ha ei felles trening ute, når innetreninga startar opp? f.eks Hafstadfjellet på tysdagar.
- Snøproduksjon
- Bytedag
- Samlingshelg når mange utøverar er heime, med tilbod om økter for dei yngre, eller liknande som enkelte utøverar har hatt før?
- Innspel frå Yngve Thorsen og Ola Hegrenes om tilbod om aktivitet til spesifikk gruppe.
- Ymse
Vel møtt!
Førde Opp laurdag 29. august
Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Aug 2015
Laurdag 29. august er det klart for årets Førde Opp. Vi håpar at mange langrennsløparar vert å sjå i Hafstadkleiva denne dagen!
Program:
09:00 – 12:00 – Mosjonsklasse utan tidtaking, og Førde Opp Flatt.
12:45 – Konkurranseklasse, stafettlag, mosjonsklasse med tidtaking. Finale i Norges Cupen.
Målgang på toppen av Hafstadfjellet, 706 moh visast på storskjerm ved Førde Rådhus.
14:15 – Underhaldning frå scena ved Rådhuset, Marion Ravn m.fl.
15:00 – Premieutdeling frå scena.
19:00 – Mat, fest og premieutdeling for stafett på Scandic Sunnfjord Hotel. DeLillos, Marion Ravn m.fl
Meir info, og påmelding:
www.fordeopp.no
Inga Kårstad Skaar til juniorlandskamp i friidrett
Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Aug 2015
Etter flott innsats under junior-NM på Byrkjelo er Inga no klar til nordisk juniorlandskamp i friidrett. Juniorlandskampen går av stabelen i finske Espoo 29. - 20. august.
Lukke til Inga!
http://www.nrk.no/sognogfjordane/friidrettskomet-_...
Ny heimeside
Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Aug 2015
Som mange kanskje har fått med seg er den gamle heimesida til Førde IL langrenn meir eller mindre lagt ned. Vi har no jobba ei stund for å få på plass eit alternativ. Valet falt på leverandøren idrettenonline. Framover vil denne nettsida ta heilt over for den gamle, og vi håpar og trur at alle vil bli godt nøgde med den nye sida!
Her er det meininga at de skal kunne melde dykk på trening, og de skal finne informasjon om arrangement, dugnad o.l. Trenarane vil også bruke nettsida for å legge ut informasjon om treningane.
Den nye nettsida har også ein "bloggfunksjon". Dette inneber at det er mogleg for alle klubben sine medlemmar å skrive blogginnlegg frå sn trenings- og konkurransekvardag. Dette er ein funksjon vi håpar det vl nytte dykk av!
Vi har framleis litt opplæring att før vi er heilt "ekspertar" på bruken av nettsida, så om det skulle vere nokre oppstartsproblem får de bere over med oss :-)
Flott innsats av Gjøran Tefre under Blinkfestivalen
Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Aug 2015
Gjøran gjorde sine saker bra under Blinkfestivalen i Sandnes i helga. i sprintkonkurransen låg han i tet gjennom store deler av både kvalifiseringsheat og finale. I finalen møtte han velkjende namn som Petter Northug og Calle Halfvarsson. Finalen enda med ein tredjeplass til Gjøran, berre slått av Calle Halfvarsson og Sindre Bjørnstad Skar.
Les meir her: http://www.firda.no/sport/langrenn/forde/sette-nor...
Langrenn er gøy for alle
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Jun 2015
Lorem ipsum dolor sit amet
Ny Hjemmeside
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Jun 2015
Brukervennlig, godt design, idrettstilpasset, klubbtilpasset og billig i drift
er noen av stikkordene som passer Idretten Online sin nye hjemmesideløsning.Her kan alle forskjellige ledere (eller utøvere om man ønsker) få tilgang til å skrive blogg artikler og nyhetssaker. Siden kan enkelt oppdateres med ny informasjon, nyhetssaker, arangementer eller annet som klubben ønsker å informere om. Alt ved hjelp av en PC med internett. Noen få klikk, dra et bilde inn fra skrivebordet, lagre og publiser og så har du den siste informasjonen tilgjengelig for alle på nettsidene deres.
Vi gleder oss til å ønske Ullensaker vannskiklubb med sine 350 medlemmer velkommen som ny bruker av Idretten Online. En komplett hjemmesideløsning tilpasset idretten, og så enkel å bruke at selv far kan klare det.