Premiefest torsdag 9 april.
Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Mar 2026

Førde Langrenn inviterer til premiefest torsdag 9. april kl. 17.30 på Førde Camping. Vedlagt er også oversikt over kven som får utdelt premie på premiefesten.
Det blir premieutdeling for dei som har deltatt på fire eller fleire karusellrenn, lagsmesterskap og/eller merkerenn.
Alle er hjarteleg velkomne til å ta del i avslutninga av årets skisesong! Vel møtt.
Tre nye år på same lag
Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Mar 2026

Førde Langrenn er stolte over at samarbeidet med SpareBank 1 Sogn og Fjordane held fram i tre nye år. Avtalen sikrar langrennsgruppa ein viktig og stabil støttespelar i åra som kjem, og betyr mykje for utviklinga av langrennssporten i regionen.
- Vi set stor pris på samarbeidet med Sparebank 1 Sogn og Fjordane, som er med på å leggja til rette for at barn og unge får gleda av å gå på ski. Gjennom eit langt og godt samarbeid er det mange som har fått sitt første møte med både skitreningar og SSF-karusellrenn på Langeland. Og vi skal gjere vårt beste for at enno fleire skal få gleda av å gå på ski i åra som kjem, seier styreleiar i Førde Langrenn, Asgeir Årdal.
Med denne støtta i ryggen kan Førde Langrenn halda fram med å utvikla gode treningsvilkår, arrangement og eit sterkt langrennsmiljø i Sunnfjord. Vi ser fram til tre nye år saman!
Biletet:
Asgeir Årdal, saman med konstituert banksjef personmarknad, Rune Vosseteig.
Foto: Gunn Aase Moldestad, SSF.
Årsmøte Førde IL Langrenn 2026
Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2026

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FØRDE IL LANGRENNSGRUPPA
Styret ønskjer alle hjarteleg velkommen til årsmøte i langrennsgruppa! Håper så mange som mogleg har høve til å stille.
STAD: Førde, Idrettens Hus.
TIDSPUNKT: Måndag 09.03.2026 kl.19:00 - 20:30.
Saksdokument: