Kva skjer? - Treningsstart, rulleskirenn og Enivest skiskule

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Aug 2024

Vel overstått sommerferie! Her er ein oversikt over aktiviteter for Førde Langrenn i løpet av hausten 2024. Vi ser framt til ein aktivitetsfylt haust og håper på god deltaking ved treningar, samlingar og at sjølvsagt at snøen kjem tidleg i år!


Fellestreningar: Fellestrening for utøvere fødd 2011 og eldre starta opp frå tysdag 20 august. Det vert eindel rulleski aktivitet fram til haustferien. Minner om Rulleskivettreglane! Alle må ha hjelm og godt synlege kle. Refleksband er ikkje godt nok i dagslys. Dei som er under 15 år, bør ha med seg vaksen på økta, spesielt når denne er på trafikert veg. 

Fellestreningar frå 1.klasse til 7. klasse starter opp frå haustferien. Vi vil legge ut informasjon om innmelding og treningstidar i vekene framover som kjem. Det vert også lagt opp til rulleskiaktivitet for dei yngre gruppane slik som i fjor. 

Rulleskirenn: Det vert 3 terminfesta rulleskirenn ved Langeland ski- og fritidssenter i løpet av hausten. 

Tysdag 27. august kl 18: SPENST Rulleskirenn  - Rulleskirenn Langeland (skiforbundet.no)

Laurdag 14. september: VEIDEKKE Rulleskirenn

Søndag 13. oktober: ENIVEST Rulleskirenn

For klasse 11 år og eldre går rennet i rulleskiløypa, for yngre årsklassar blir det moglegheit for å prøve aktitivtet på rulleski, samt ei rakettløype på stadion med startnummer på brystet.



Samlingar: Miljøsamlingar er viktige sosiale treff der vi møtast for gode treningsøkter og sosial aktivitet. I løpet av hausten vert der arrangert fleire samilinger som er aktuelle for våre utøvere:

Miljøsamling langeland skisenter søndag 15. september: Arrangerast i lag med Gaular Langrenn som ei dagssamling der heile skikrinsen vert invitert. Legg merke til at Veidekke rulleskirenn vert arrangert dagen før, så set av helga for mykje bra aktivitet for alle aldre. Under rulleskirennet vert det også aktivitetsløyper for dei yngre klassane. 

ENIVEST Skiskule haustferieveka: 11-13 oktober samlar Gjøran Tefre og Enivest skiskule håpefulle skiløparar i alderen 11-16 år for den tradisjonelle skiskulen, som no vert arrangert for 8. gong. Dette vert ein sosial arena der unge skiløparar frå heile skikrinsen kan møtast, trene saman, utvikle seg og bli inspirert av dyktige trenarar som Gjøran har med seg. Skiskulen tilbyr overnatting på hotell for dei som ønskjer, og mykje sosial aktivitet på kveldane med fellesmåltid. Sjå meir informasjon som publiserast på nettsidene til skikrinsen: Sogn og Fjordane Skikrins (skiforbundet.no)



Miljøsamling Beitostølen:  Første helgen på SKI!! Ved Beitostølen skisenter, er det tidleg vinter. Førde langrenn har i fleire år hatt tradisjon for ei kjekk miljø- og treningssamling for utøvere i alle aldersgrupper, samt foreldre. Set av helga 29-november til 1. desember, då dette truleg vert den mest aktuelle helga for denne samlinga. Meir info kjem! 



Klubbkle: Førde langrenn har avtale med Trimtex sporswear. Dette er treningsklede i god kvalitet, der det er høve å velge mellom ulike typer overtrekksklede, konklurransedrakter, t-skjorte og shorts, boblejakke og vester, og mykje meir. Klubben sin web-shop er berre open nokre veker tidleg på hausten, då vi må bestille klede samla. Vi reknar med at web-shop opner rundt haustferieveka, så følg med på nett og i sosiale medier. 



Skirenn: Vi gler oss alle til snøen kjem!! Første skirenn på Langeland skal etter planen vere Ribberennet den 26. desember. Karusellrenna startar opp like over nyttår, og vi håper like god deltaking blant dei aller yngste som vi hadde i fjor. Vi ser fram til ein vinter med mykje skileik og moro på skistadion. 



SMØREKURS: Er skiboden din eit kaos? Har du oversikt over barnas og eigne ski? Har du fylt smørekofferten med det essensielle? Førde Langrenn tilbyr smørekurs for nybyrjarar. Du treng ikkje kjøpe alt som ligg i butikkhylla! Vi hjkelper deg med eit lite, men essensielt utval av skismurning og gliprodukt. Vi hjelper deg også med korleis du legg dette på skia. Smørekurs er sjølvsagt GRATIS! Vi annonserar tid og stad, snarleg :) Og frykt ikkje! Det vert smørehjelp på skirenna påLangeland i år også! 

Informasjonskanalar: Førde langrenn nyttar heimesida, samt Facebook og Instagram for publisering av nyheitar og arrangement/aktivitet. Føl oss på desse kanalane for meir informasjon. For medlemmar, har vi ei lukka gruppe for utøvarar og foøresatte, der ein kan be om medemsskap. Det krevast at ein har barn som deltek, eller er sjølv utøvar for å vere medlem av gruppa. 


Førde langrenn Facebook side

Førde Langrenn instagram


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.