Godt Nyttår! - viktig medlemsinformasjon

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jan 2025

Godt nytt skiår for alle! Her kjem viktig informasjon for alle medlemmer i Førde Langrenn.



Snøen har lagt seg, for ei godt stund framover håper vi. Dette er særs viktig for at vi kan fortsette alle aktvitetar på snø framover. Vi vil difor informere litt om 
- Treningar på snø
- Sosial aktivitet og smnørekurs
- Medlemsgoder
- Skirenn lokalt og i krinsen
- Informasjonskanalar

Treningar på snø: Treningar på snø startar for fullt i 2025 frå og med i dag 2. januar. Det er meldt ei stabil kuldeperiode fremover, og difor er det moglet at skisenteret også vil starte snøproduksjon. Det er viktig for barn og vaksne at ein helder god avstand frå snøkanoner mens dei produserar snø. Følg med på informasjon som publiserast på Langeland skisenter sin FB profil for informasjon: 
Langeland skisenter Facebook

Aldersgruppane 1-7. klasse har treningar på snø kvar torsdag frå kl 18-19 fordelt på 3 aldersgrupper. Det meste av aktiviteten foregår på stadionområdet. Vi anbefalar at alle barn har "glatte ski", dvs utan festevoks/klister, med mindre anna er informert. Det er ikkje naudsynt med stavar for dei yngste. 
Aldersgruppa 8 klasse og eldre har treningar kvar tysdag og torsdag frå kl 18 -19.30. Stilart vert informert i lukka FB gruppe (sjå lenger nede)

Sosial aktivitet og smørekurs: Det vert lagt opp til kvelds og sosial møteplass i skihytta på Langeland torsdag 8. januar. Dette i samband med at det vert arrangert smørekurs for foreldre og utøvere frå kl 18-20. Smørekurset vert arrangert i den "nye skihytta", mens sosial kveld vert i den gamle skihytta. Vi prøver kanskje få til fleire sosiale kvelder ved høve. 
Smørekurs: Målgruppe er alle foreldre og utøvere uansett bakgrunnkjennskap. Vi ønsker at alle skal få tilbod om enkel innføring i basal festesmøring og glidsmøring. Kjell Bu informerer og demonstrerer korleis dette skal kunne gjerast enkelt uten avansert eller dyrt utstyr, 

Medlemsgoder: Alle som deltek på trening må vere meldt inn via lenke i tomppmeny på heimesida vår (Påmelding til trening). Dette uavhengig om barnet har vore medlem tidlegare år. Vi opplever utfordringar i minidrett, der det kan sjå ut som ein er medlem. Dette er kun fordi at ein er tilknytta ein klubb, men medlemskap må tegnast kvart år, og kontigent sendast ut etter registrering. Som medlem i Førde Langrenn har ein mange goder: 
- Klubbrabatt hos Erdal Sport - 20% på skiutstyr og smørning, samt løpesko. 15% på resten av vareutvalet.
- Refusjon på startkontigent for krinsrenn og nasjonale renn (ikkje karusellrenn og turrenn) - refusjonskrav sendast leiar på epost (bjorkhauganders@gmail.com) med billag. 
- Rabattavtale på årskort parkering for 1 bil ved Langeland skisenter (kr 500/år). 
- Refusjon på krinslagskontigent, nasjonale team og ved toppidrettsgymnas - eigne satser

Gode sponsorar og mange medlemmer gjer at vi kan yte gode økonomiske ordningar for våre medlemmer. 

Skirenn lokalt og i krinsen: Karusellrenn starter nå i januar, der første rennet vert arrangert allereie førstkommande tysdag 7. januar. Følg med på iSonen og sosiale medier for annonsering av påmelding. Påmelding er allereie opna for første renn: Karusellrenn 1 - påmelding

Karusellrenn: Lokale renn som vert arrangert på kveldstid tysdager 2 ganger i månaden fram til ut mars månad. Dette er eit lavterskelarrangement som skal spre skiglede og glede ved enkle konkurransar. Vi forsøker variere konkurransane med ulike former. 2 ganger i løpet av sesongen vert det arrangert som merkerenn (skimerket - sjå skiforbundet sine sider) og klubbrenn (premiering på slutten av sesongen). 

Sonerenn (SSF karusellrenn): Eit renn som vert arrangert i løpet av helga, knytta til ei sone i krinsen. Alle i krinsen kan delta ved sonerenn. Deltaking har ingen begrensning. 

SSF Cup: Dette er krinsrenn som vert arrangert ved ulike arena i Sogn og Fjordane skikrins. For barn som er 13 år og eldre, deltek ein i ein samanlagt cup, med poeng som fordelast gjennom sesongen. Det er premiering ved kvart renn, men også ei samanlagt premiering ved avsluttende Cuprenn. 
Full oversikt over alle sonerenn og cuprenn finn ein på skikrinsen sine nettsider: Sogn og Fjordane Skikrins

Nasjonale renn (informasjon finn ein på skiforbiundet sine nettsider): 
- Ungdommens Holmenkolllrenn: 13 og 14 års klasse - se eigen sak: UHKR 2025 på FIL
- Hovudlandsrennet: 15 og 16 års klasse
- Norgescup: juniorar og seniorar

Informasjonskanalar: Mykje av informasjon om skirenna vert publiser i ulike informasjonskanalar. Det er viktig å følge med på våre nettsider her, samt Sogn og Fjordane skikrins sin nettside (sjå lenke over). Førde IL Langrenn har ei open FB side, der generell informasjon, bilete (begrensa) og video (begrensa) vert publisert. Lenke til denne sida finn du her: Førde IL langrenn FACEBOOK side

Det er også ein lukka FB gruppe, som publiserar meir bilete og informasjon om treningar og aktivitetar for medlemmar. Ein må vere medlem eller ha barn som er medlem, for å kunne vere med i gruppa. Lukka gruppe vert nytta av omsyn til personvern: Førde IL Langrenn - gruppe for utøvere og foresatte

Sogn og Fjordane skikrins har også ei aktiv FB side med mykje informasjon: Sogn og Fjordane skikrins på Facebook

Søk oss opp på instagram. Mykje gode bilete og video publiserast her, samt lenker til viktig informasjon. Scann QR kode på forsida vår, så finn du Førde Langrenn på Instagram.

Med ønske om eit godt og snørikt år 
Helsing styret i Førde Langrenn


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.