Behov for frivillige til arbeid med administrative system og tidtakarsystem
Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Okt 2016
Førde IL– langrenn treng fleire som kan vere med å drifte dei administrative systema og tidtakarsystemet vårt.
Vi har også stilt opp som tidtakar på sykkelløpet Jølster Rundt, Postvegrittet i Dale, Helse Førdestafetten, Førde Opp og andre.
Førde IL vart på grunnlag av førre sesong kåra til årets langrennsklubb i Noreg, og vi har ambisjonar om vidare utvikling og å ta på oss større oppdrag.
På Langeland ski- og fritidssenter ser vi no ei rivande utvikling med rulleskiløype på plass i 2017 og snøproduksjonsanlegg som vart sett i drift i 2016 og som blir utvida i 2017. Vi ser at dette gjev utslag i interessa for langrenn og at medlemstalet har ei betydeleg auke.
gjerne tre til som vil bruke dugnadsinnsatsen sin på desse områda. Det ideelle hadde vore og fått etablert eit team der fleire har høgare kompetanse på den teknologiske biten rundt arrangementa og andre administrative oppgåver.
I KlubbAdmin ligg det elektroniske medlemsregisteret vårt. Medlemene vert lagt inn manuelt, men er integrert med SportsAdmin og kan hente data der i frå. Frå systemet sender vi ut faktura for treningsavgift og evt. andre fakturaer til medlemene. Systemet gjev oss fullstendig oversikt over medlemer og status på alle krav som er sende ut. Systemet gjev oss høve til å skrive ut ulike rapportar til bruk for trenarar, styre og rekneskapsførar.
SportsAdmin er systemet vi nyttar til å produsere renn for påmelding og skrive ut skilisensar for medlemer som skal ha dette for første gong. Ved seinare høve vert desse krava sende ut frå skiforbundet. I dette systemet har vi full oversikt over kven som har fått tilsendt lisenskrav og status på kravet. Systemet kan også brukast for administrator til å melde på medlemer på renn og melde på stafettlag. I dette systemet har vi også oversikt over kven som har meldt seg på renn; både dei vi arrangerer sjølv og andre renn. I dette systemet produserer vi også fila med påmelde løparar til renn som vert overført til tidtakarsystemet Emit.
Alle våre innfordringar som gjeld treningsavgift og rennavgift skjer via Buypass. Systemet er integrert både med SportsAdmin og KlubbAdmin. Det er eit særdeles enkelt og effektivt system og vi køyrer over 2000 transaksjonar gjennom systemet pr år. Oppgjer går direkte inn på langrennsgruppa sin bankkonto.
Emit er tidtakarsystemet vårt. Heile systemet består av tre datamaskinar. Til komande sesong har vi kjøpt inn tre nye maskinar frå Kontorsenteret som vi håpar skal vise seg å ha betre kapasitet og stabilitet enn vi har hatt med dei som no vert skifta ut. Teknologien blir betre, meir avansert og krev oppdatert hardware og software.
Vidare består systemet av målestasjon, antenne, to loopar og skrivar.
Dei tre maskinane vert nytta høvesvis i sekretariatet, tidtakarbua og speakerbua. PC-en i tidtakarbua fungerer som sørvar, og dei to andre maskinane er klientar mot denne. Tidtakinga kan også skje ved bruk av berre ein PC, men det reduserer kvaliteten på sørvisen under renn.
Kontorsenteret om det skulle vere noko med maskinane eller kommunikasjonen mellom maskinane vi ikkje greier å ordne sjølve.
I Emit produserer vi rennet og legg til rette for tidtaking og gjennomfører tidtakinga. Deltakarar kan leggjas inn via fil frå SportsAdmin, Excel eller manuelt. Det finst også andre variantar. Vidare i systemet trekkjer vi startlister; tildeler startnummer og starttider og etterpå tildeler vi emiTagbrikkenummer.
Målestasjonen er tilkopla datamaskina som er plassert i tidtakarbua. Til målestasjonen er også kopla antenne og to loopar som vert lagde ut på kvar si side av målstreken.
datamaskina. Løparane har på seg EmiTagbrikker. Vi har 300 stk av desse. Startklokka tel ned til start og måltid vert registrert ved signal frå emiTagbrikkene når desse går i mål.
I systemet produserer vi startlister og resultatlister. Vi har også full oversikt over løparar som er gått i mål og kven som framleis er ute i sporet. Det er fleire ulike modular i systemet. Bl.a. ein speakermodul som gjev speaker full oversikt over kven som startar, kven som går i mål og resultat, slik at speaker fortløpande kan informere publikum.
Ta kontakt med underteikna eller andre i styret i langrennsgruppa dersom du ynskjer å bidra inn mot dette.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.