Magnorpokalar til Rebekka og Niklas!

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Okt 2021

Rebekka Otternes Lundekvam (f. 2007) og Niklas Bosdal Thorsen (f. 2006) vart i dag tildelt Sogn og Fjordane Skikrins sin Magnorpokal. Dette skjedde i samband med Sogn og Fjordane skikrins sitt Haustmøte. Prisdrysset held altså fram for Førde IL langrenn og våre framifrå utøvarar. Dei unge utøvarane vart tildelt prisen for sine prestasjonar i langrennssporet dei to føregåande sesongane. Magnorpokalen vert vanlegvis delt ut til utøvarar i alderen 14-16 år.

                              Niklas Bosdal Thorsen og Rebekka Otternes Lundekvam           Foto: Monica Otternes 

 




Ski- og miljøsamling ved Beitostølen 26-28. november

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Okt 2021

Førde IL Langrenn inviterer til ski- og miljøsamling ved Beitostølen helgen 26-28. november. 


Vi satser på godt snøfall, slik at vi kan komme godt i gang med skiaktiviteter tidleg i sesongen. Samlinga passer for familier med barn frå skulealder og oppover, men det er ingen hindring i at yngre kan bli med. Utøvere vert inndelt i grupper ut frå alder og nivå, slik ein vert inndelt på treninger. For dei yngste deltakarane vert foreldre viktige i oppfølginga. Nærare program og info vert publisert på nettsida og Facebook når det nærmar seg. 

På samlingen bur vi i lag ved Knuts hyttegrend i hytter og/eller leiligheter. Skiløyper er svært nærliggande med både lysløyper (med kunstsnø) og fjell løype traseer. Samlinga vert ei trenings- og miljøsamling, der familiene sjølv syt for innkjøp av mat, men planlegg ei sosial samling laurdagskvelden.

Pristilbod pr hytte:

  • Hytte type 85 kvm nr .1                     10         Kr. 4 900,-
  • Leilighet type 70 kvm                          8         Kr.  3 900,-
  • Leilighet type 120 kvm                      10         Kr.  4 800,-
  • Hytte «Stølen»                                  10         Kr.  4 600.-
  • Hytte nr. 16 og 17     2x 4 p a kr. 2600      =  Kr.  5 200,-
  • Hytte nr 9                                            4         Kr.   2400,-

 

Påmelding med informasjon om alle deltakere, (navn og kontaktinformasjon) inklusive foreldre/føresette sendast helst i god tid, og innan 12. november. Vi ønskjer også alder på utøver. Påmelding sendast på epost til: yngve.thorsen@coop.no 




Årets arrangør!

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Okt 2021

Vi er årets arrangør, kåra av Norges skiforbund! Tenk det, vi er best til å arrangere skirenn i år!

Her er teksten NSF las opp når Førde IL og Gauler IL vart kåra som årets arrangør i langrenn:

"De viste ingenting om den kommende pandemien da de takket ja til å arrangere Equinor NC i 2020. De stod på, de samlet inn sponsortøtte, de tilpasset løypenettet, de engasjerte mange frivillige; MEN de måtte til slutt melde: VI ER HELT KLARE; DET ENESTE VI IKKE HAR KONTROLL PÅ ER SNØEN! Dermed ble 2020-arrangementet avlyst og flyttet.
 De fikk et nytt spørsmål etter 2020-sesongen: Er dere klare til å forsøk på nytt  i 2021?
 JA, var svaret – og i vinter arrangerte de et helt supert arrangement. Engasjerte frivillige, en engasjert hovedkomitee med fokus på oppgaven, sportslig ble det et suverent gjennomført arrangement – og jaggu ble det også et pent økonomisk overskudd!


 Hvem greide dette her?
Førde il og Gauler LF – gratulerer som årets arrangør langrenn!"

 Med vennlig hilsen 

Asgeir Moberg 

Arr. ansvarlig, NSF langrenn


Og dette er det leiaren  Yngve Thorsen vår seier om saka: 

«Vi er glade, stolte og utruleg takknemlege for alle som stiller opp på dugnad for langrennsporten i Sunnfjord- Både under Norgescupen og elles! Dette var ein lagseier og eg gratulerer alle som er glade i langrenn i Sunnfjord. Dette plasserer oss som ein nasjonal aktør med tanke på nasjonale arrangement innan langrenn, og opnar nye dører og moglegheiter i framtida om vi ynskjer det og held fram det gode samarbeidet mellom dei to idrettslaga.» 

Gratulerer alle saman!



Bli med på Spenst Rulleskicup 19. oktober!

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2021

Meld deg på det siste rulleskirennet på Langeland i haust! 

Vi held fram vårt gode samarbeid med Spenst, og inviterer til det siste rennet i Spenst Rulleskicup 2021.

Min idrett - Påmelding (nif.no)

Alle frå klasse 11 år (f. 2011) og eldre kan delta! Fyrste start er klokka 18:30.

Påmelding seinast laurdag 16. oktober 2021 

Vi inviterer også alle nybyrjarar på rulleski, frå 7 år og eldre til leik og moro frå kl. 17.30-18.20. Som nybyrjar får du eller dine høve til å prøve rulleski i trygge rammer med god rettleiing av dyktige instruktørar. Denne aktiviteten høver også for deg over 11 år, og som ikkje ynskjer å delta i konkurransen.

foto: Spenst/ Asle Tonning   



Meld deg på treninga i haust!

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Okt 2021

Vinteren nærmar seg, den gjer det. Mange er godt i gang med treninga, mens andre skal starte no etter haustferien. Felles for alle er at: 

OM DU TRENAR ELLER SKAL TRENE MED LANGRENNSGRUPPA I HAUST, MÅ DU MELDE SEG PÅ TRENINGANE  VED Å BRUKE LINKEN UNDER!

https://response.questback.com/coopnordvestsa/langrennstreningpmelding2122