Førde Langrenn invitere til Miljø- og treningssamling på Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mai 2020

Det har vore ein snørik vinter som uheldigvis vart avslutta litt for tidleg. Forøvrig ser det ut til å bli svært gode snøforhold på Sognefjellet i sommar. 

Førde Langrenn invitere difor til Miljø- og treningssamling tidleg i sommarferien.

Tidsrom:            25.-28. juni 2020

Innkvartering: I hytter ved Nymoen Leirplass.
 Sjå
http://www.skjolden.com/nymoen/ for detaljar (inkl. informasjon om hytter, leiligheter og prisar). Nymoen Leirplass ligg i Skjolden, i gåavstand til sentrum. Det tek ca. 30 minutt å køyre opp til skiløypene på Sognefjellet. Innkvartering skjer familievis. Hyttene har stove, soverom, kjøkken og bad med dusj/toalett. Meir informasjon om korleis ein gjer det med måltider vert sendt ut på eit seinare tidspunkt.  

 

Prisane for innkvartering finn ein på nettsidene til Nymoen Leirplass.
 Kvar enkelt familie/ utøvar vert plassert på førehandsbestilte hytter, og ordnar det økonomiske oppgjeret sjølve ved avreise.

 

Trening: Vi tek sikte på ei treningsøkt torsdag, to treningsøkter fredag og laurdag og ei økt søndag. Føremiddagsøktene vert gjennomført på Sognefjellet, medan ettermiddagsøktene vert gjennomført som barmarksøkter i området Skjolden/ Fortun. Transport til og frå Sognefjellet organiserast privat. Påmelde familiar/ utøvarar vert tilsendt detaljar og program for samlinga i begynnelsen av juni.

 

Treningsavgift: Ein legg ikkje opp til noko treningsavgift i samband med samlinga, men alle skal betale løypeavgift til Sognefjellet Sommarskisenter. Prisar og informasjon om løypeavgift finn ved å følgje denne lenka; http://sognefjelletsommerski.no/prisar/

 

Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern

 

Påmeldingsfrist: 20. mai 2020

 

Påmelding gjer ein til: yngve.thorsen@coop.no

 

 

Med venleg helsing
 FIL Langrenn

 

Førde, 09.05.2020


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline