Kalsetrennet for 45. gong - søndag 5. mars!
Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

Det er meldt god vêr til helga, og forholda i skiløypene er bra. Vi vil difor arrangere turklassen i Kalsetrennet søndag 5. mars.
Sekretariatet i skihytta er ope frå kl 09:00 til kl. 13:00
Turklasse: utan tidtaking start frå kl. 09.00.
Påmelding: ved frammøte på Langeland.
Startkontingent: kr 60,–, familie kr 200,–.
Deltakarar betalar kontant ved frammøte.
Løypelengder: 11 eller 22 km
Alle som deltek får diplom, og det blir langtidspremiering for dei som har delteke fleire gongar.
Det blir trekning av deltakarpremiar for alle som deltar.
Kiosksal på skihytta
Smøreservice i smøreboden v/Erdal Sport
Velkommen til ein flott skidag på Langeland!

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
Langrennstrening Førde Langrenn 2025/2026
25.09.2025
Årsmelding - sesongen 2024/25
20.03.2025
BLI MED PÅ SPLEIS MED FØRDE IL LANGRENN
28.01.2025