Jentesamling Langeland laurdag 30.09.17
Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Sep 2017
Førde IL langrenn ynskjer jenter født 2002 – 2005 velkommen til ei miljøsamling på Langeland skisenter.
Vi ynskjer å leggje vekt på både trening og trivsel.
Instruktørar vil vere Ingrid Narum og Andrea Skeide Bakke.
Førebels program:
09.00 – Oppmøte Langeland skisenter
09.15 – 11.00 – Første treningsøkt
11.30 – 12.30 – Varm lunsj i skihytta
12.30 – 14.30 – Pause/sosialt samvær og aktivitetar.
14.30 – 16.30 – Andre treningsøkt.
Utstyr:
Det du treng for å gå på rulleski (ski,skisko, stavar, hjelm og hanskar)
Joggesko og klede etter verforhold.
Skifteklede.
Manglar du rulleski, så gje beskjed i førekant. Vi har utstyr du kan få låne.
Samlinga vil vere gratis. Førde IL langrenn spanderer lunsj. Vi treng litt hjelp av foreldre til å lage lunsj og rydde/vaske etter samlinga.
Påmelding på epost/sms innan torsdag28.09 til Monica Otternes. Gje og beskjed om du kan hjelpe til med matlaging/rydding.
monicaotternes©hotmail.com
eller
Tlf/sms 91866557
Velkommen til ein kjekk dag!
Med helsing
Førde IL langrenn
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
ENIVEST skiskule og rulleskirenn
06.10.2024
Velkommen til ny langrenssesong
03.10.2024
PREMIEFEST søndag 9 juni
30.05.2024
Bli med på Sognefjellet Sommarskiskule 2024
22.05.2024