Ullsrenna 7. og 8. januar - påmelding til stafett

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Des 2016

Kommande laurdag og søndag er det klart for skirenn på Ullsheim i Stryn.

Laurdag er det individuelt renn i fristil. Merk at dette er første renn i SSF-cupen. Påmelding til dette rennet skjer på vanleg måte.

Søndag er det stafett og klubben melder på lag. Førde IL langrenn v/sportsleg utval set opp lag i samråd med trenarane. Vil du vere med på stafetten så melder du deg på slik:

  • 3-6 klasse: send epost til yngve.thorsen@skiforbundet.no
  • 7 kl og eldre ( født 2004 - 2001 ): send sms til Harald Aarøen tlf 99394364
  • Junior og seniorløparar: send sms til Eivind Skaar tlf 99233925

Påmeldingsfrist er onsdag 04.01.17.

Les meir om renna her http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...

Om du vil overnatte frå laurdag til søndag, anbefaler vi Stryn camping. Det er fleire frå Førde IL langrenn som vil bu her.




Parkering i Hodlekve

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Des 2016

Til informasjon så er det no brukerbetaling for parkering i Hodlekve. Sjå Sogndal skisenter sine heimesider for meir informasjon.



Ribberennet 2016 - 28. desember kl. 18.30

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Des 2016

Ribberennet vert arrangert i Hodlekve i Sogndal onsdag 28. desember kl. 18.30 med Førde IL - langrenn som arrangør og Sogndal IL som medarrangør. Det er opna for påmelding. Førdeløparar, som har betalt treningsavgift til langrennsgruppa, kan velje "Klubben betalar" ved påmelding.


OBS: Meld på i rett klasse. Det er kor mange år du blir i 2017 som er rett årsklasse.


Lenkje til påmelding

minidrett.nif.no


GOD JUL!

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Des 2016

Førde IL langrenn vil ønskje alle våre medlemmer og samarbeidspartnarar ei riktig god og fredeleg jul! Til jul ønskjer vi oss sjølvsagt snø og skiføre på Langeland. Foto: Heidi Lise Bakke



Mannskapslister for karusellrenn og kiosk

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Des 2016

Det nærmar seg (forhåpentlegvis) første karusellrenn for sesongen, og første helg med open kiosk på Langeland. No finn de mannskapslister for dei to første karusellrenne her http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads... og for heile sesongen i kiosken her http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18753/dugnads...

Ta også ein kikk på oppdatert gjeremålsliste som de finn her http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13916/gjerema...

Førde IL langrenn er heilt avhengige av at foreldre stiller opp på dugnad for å kunne tilby dei aktive utøvarane eit godt trenings- og konkurransetilbod.

Vi har prøvd å ta omsyn til dei ønskja som vart sendt til dugnadsansvarleg tidlegare i haust om oppgåver og datoar.

Ver snill å sjekk om du står på lista, og om det ikkje skulle passe, prøv å byte med nokon andre!

Det manglar nokre namn på listene. Dette fordi vi ikkje har motteke desse frå Gaular IL, som også er med og arrangerer karusellrenna. Listene blir oppdatert så fort vi har fått desse namna.

Listene for resterande renn kjem etterkvart.





Ribberennet på Langeland er avlyst

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Des 2016

Ribberennet på Langeland, som er terminfesta 28.12.16 er pr 20.12.16 beslutta avlyst.

Dette med bakgrunn i manglande snø, og det faktum at det heller ikkje er utsikter til snø/ forhold for skirenn fram til aktuell dato på Langeland.

Ei alternativ løysing er eventuell flytting av Ribberennet – iflg. terminlista er Sogndal IL reservearrangør.

I så fall vil rennet bli avvikla i Hodlekve - utfordring pr no er at det heller ikkje der er forhold for skirenn, ut frå dette blir også andre alternativ fortløpande vurdert.

Skikrinsen vil i samråd med aktuell arrangørklubb ta endeleg avgjersle for kvar ein kan få avvikla renn.

Vi viser difor til Skikrinsen sine nettsider http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/ for nærare informasjon og oppdatering kring dette.



Overnatting i samband med KM​

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Des 2016

KM 2017 vil verte avvikla over tre dagar på tre ulike stadar i Sogn, fredag 27.1.17 - søndag 29.1.17. Fredag kveld er det renn på Haflso, laurdag på Seimsåsen, og søndag i Hodlekve. Meir informasjon om arrangementa vil komme når arrangørane er klar med dette.

Førde IL langrenn har reservert fem hytter (alt som var ledig) ved Kjørnes camping i Sogndal. Dersom du vil bestille ei av desse hyttene tek du sjølv kontakt med Kjørnes camping, og gir beskjed om at du bestiller gjennom Førde IL langrenn.

Her vert det altså "førstemann til mølla"!

Sjå heimesida til campingplassen http://www.kjornes.no/alternativ-4/ for meir informasjon om hyttene og prisar. Alle hyttene er alternativ 4.

Reservasjon gjennom Førde IL langrenn må gjerast før 15.1.17.

Andre aktuelle hytter kan vere hjå Vesterland på Kaupanger http://www.vesterland.no/. Her har vi ikkje gjort nokon reservasjon.



Julegåvetips!

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Des 2016

Manglar du ei julegåve eller to, kan kanskje ein Førde IL langrenn gensar vere tingen! Denne og andre profilklede for langrennsgruppa får du kjøpt på Erdal Sport. Førde IL langrenn oppfordrar til å bruke profileringsklede på trening og i konkurransar når dette er mogleg!

Gensar


Jakke

  • Skogstad Fliseeggen https://www.skogstadsport.no/herre/fliseeggen
  • Dette er ei vass- og vindtett jakke for allsalgs ver. Perfekt for trenarar og foreldre som er med på renn og trening.
  • Klubbpris i butikk: 799 kr.
  • Veiledande pris frå Skogstad: 1899 kr.



Siste fellestrening før jul

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Des 2016

For gruppene 1.-2. klasse, 3.-4. klasse og 5.-6 klasse blir treninga i dag den siste før jul. Gruppa for 7. klasse og eldre vil trene også 22. desember.

Etter nyttår satsar vi på skiføre og trening for alle på Langeland. Følg med på heimesida/facebook for meir informasjon.



Førdeløparar til Scandinavisk Cup på Lillehammer

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Des 2016


I helga er det klart for Scandinavisk Cup/VM mønstring for junior på Lillehammer. Frå Førde IL er 5 løparar påmeldt. Desse er:

  • Torstein Bu
  • Oddne Håvardstun Munkvold
  • Roger Øye Pollen
  • Inga Kårstad Skaar
  • Gjøran Tefre

I dag (fredag) er det sprint, laurdag 5 og 10 km friteknikk, og søndag står skiathlon på programmet.

Meir informasjon kan de finne på arrangøren sine nettsider: http://www.skiforbundet.no/lhammer2016/

Vi ønskjer lukke til!



Resultat frå Gålåsprinten i helga

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Nov 2016

I helga var det opning av Norgescupen med Gålåsprinten. Løparane våre opna sesongen med følgjande resultat:

Sprint laurdag

Kvinner junior

  • Inga Kårstad Skaar nr. 35

Menn junior

  • Vetle Uhre Hammersvik nr. 78

Menn senior

  • Torstein Bu nr. 38
  • Roger Øye Pollen nr. 126


Individuell start søndag

Kvinner 18 år

  • Inga Kårstad Skaar nr. 9

Menn 18 år

  • Vetle Uhre Hammersvik nr. 17

Menn senior

  • Torstein Bu nr. 44
  • Roger Øye Pollen nr. 80
  • Oddne Håvardstun Munkvold nr. 147

Fullstendige resultatlister finn de her: http://www.galaidrett.no/index.php?option=com_cont...



Gratulerer med uttak til verdscup Karoline!

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Nov 2016

Karoline Erdal har så langt hatt ein supersesong! Etter ein knallsterk 7. plass i IBU-cupen i helga er ho no klar for verdscup i Østersund kommande onsdag. Karoline skal etter planen gå både, normaldistanse, sprint og jaktstart i Østersund.

Førde IL langrenn er imponert, og vi ønskjer lukke til!

http://www.firda.no/sport/skiskyting/forde/det-er-...



Gålå-sprinten 2016

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Nov 2016


Til helga er det klart for Gålå-sprinten 2016. Dette er første runde i sesongens Statoil norgescup. Laurdag står sprint på programmet og søndag klassisk intervallstart. I år kan ein følgje Norgescuprenna direkte på Ski-TV. Sjå meir om dette her: http://www.skiforbundet.no/langrenn/nyhetsarkiv/20...

Følgjande utøvarar frå Førde IL langrenn er påmeldt:

Gjøran Tefre

Roger Øye Pollen

Oddne Håvardstun Munkvold

Inga Kårstad Skaar

Vetle Uhre Hammersvik

Torstein Bu

Vi ønskjer lukke til i sesongstarten!



Medlemsrabattar hjå G-sport

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Nov 2016


Medlemmar i Førde IL langrenn får gjennom heile året gode prisar på varar hjå Erdal sport. Vi vil presisere at rabatten er personleg og at den ikkje kan nyttast til kjøp av gåver, eller varer til andre. Avtalen vi har gjev oss 20 % rabatt på sportsrelatert utstyr i butikk. Pulsklokker er unnateke frå avtalen.



Byggmakker Bruland er ny samarbeidspartnar!

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Nov 2016


Byggmakker Bruland er ny samarbeidspartnar for Førde IL langrenn. Biletet viser Øystein Hope (Byggmakker) og Bjørn Kristian Sunde, som har skrive under samarbeidsavtale frå 2016-2018. Førde IL langrenn er heilt avhengige av gode samarbeidspartnarar for å kunne tilby medlemmane våre eit godt sportsleg og sosialt miljø.

Vi ser fram til eit godt samarbeid dei neste åra, og oppfordrar medlemmane våre til nytte seg av Førde IL langrenn sine samarbeidspartnarar!

http://www.byggmakker.no/



Byttedag

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Nov 2016

I fjor haust arrangerte Førde IL langrenn byttedag for medlemmane våre. Dette er noko vi ønskjer å gjenta i år. Mange har fullt brukbart utstyr liggande i garasjar og kjellarar, som andre kan ha glede av. I år vil vi prøve å ha ein slik byttedag på Langeland når snøen kjem . På den måten kan det vere enklare å få prøve om utstyret passar før ein kjøper det. Det er foreløpig ikkje sett nokon dato for arrangementet, men informasjon kjem så fort vi veit.

I mellomtida kan jo alle nytte sjansen til å rydde litt i garasje og kjellar og finne fram utstyr, som ein har vakse frå, eller berre ikkje brukar lenger :-)



Sportsplan for Førde IL langrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Nov 2016



Sportsplan for 2016/2017 er no klar. Denne er utarbeidd av styret og sportsleg utval. Her finn du mellom anna informasjon om klubben sine verdiar, målsetjing og organisering. Her ligg også ei oversikt over kva trening vi tilbyr og diverse anna nyttig informasjon.

Du finn Sportsplanen her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13975/sportsp...



Opptur med Sparebanken Sogn og Fjordane 15. november

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Nov 2016

Vår hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer til "Opptur 2016", tysdag 15. november i Flora samfunnshus. Dette er eit gratis arrangement med foredrag mellom anna av Aleksander Kristoff sin trenar Stein Ørn. Meir informasjon om arrangementet og påmelding finn de her:

http://www.anpdm.com/newsletterweb/44475B437848425...



Miljøsamling på Beitostølen 25.-27. november

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Nov 2016

Miljøsamling Førde IL Langrenn.

Stad:
Beitostølen

Tidspunkt:
25.-27. november 2016. Avreise fredag ”etter lunsj”. Heimreise søndag ettermiddag.

Pris:
Pris for overnatting er ca. kr 850.- pr. person for heile opphaldet. Merk at pris kan avvike litt, avhengig mellom anna av antall påmelde. Eventuell løypeavgift må kvar enkelt dekke sjølv. Denne var kr 50 pr. døgn i 2015.
Mat og transport kjem i tillegg.

Påmelde utøvarar vert tilsendt faktura for opphaldet direkte frå Førde IL Langrenn.

Informasjon om reserverte hytter:
Arena 1 Gjendebu http://www.bookingservice.no/index.php?side=detalj&id=150

Andresenhytta Arena 20 http://www.bookingservice.no/index.php?side=detalj&id=182

Andresenhytta Arena 23 http://www.bookingservice.no/index.php?side=detalj&id=230

Trollslottet http://www.bookingservice.no/index.php?side=detalj&id=709

Målgruppe:
Samlinga vil vere open for alle, men aldersgruppa f. 2000-2004 vert prioritert.
I utgangspunktet har vi ca. 40 sengeplassar, dersom det vert fleire påmeldingar enn det er sengeplassar vil ein vurdere å reservere fleire hytter.

Førebels program:
Fredag 25. november 2016

  • Ved ankomst, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 20 min.- 1t 45min.

Laurdag 26. november 2016

  • Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur klassisk, 1t 30min.-2t
  • Kl. 16.00, økt 2: Distansetrening friteknikk/ klassisk, 1t 30 min.-2t

Søndag 27. november 2016

  • Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 30 min – 2t

Trenarar:
Yngve Thorsen m.fl.

Påmelding:
Påmelding innan fredag 11. november til: yngve.thorsen@skiforbundet.no

Påmeldinga er bindande.

Påmelde utøvarar og føresette vert tilsendt detaljinformasjon i god tid før samlingsstart.

Meld deg på!

Mvh

Førde IL langrenn, v/miljøansvarleg Ørjan Igelkjøn.


Vil du sjå bilete frå samlinga i fjor finn du det her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/blog/post/65091...


Utstyrsliste

- sengeklede/sovepose

- godt med treningsklede

- superundertøy / ullundertøy

- overtrekksklede

- handkle

- fritidsklede

- toalettsaker

- innesko

- hue, hanskar / vottar

- drikkebelte / drikkeflaske

- liten dagstursekk

- godt med sokkeskift

- fleecegensar / ullgensar

- klassisk og skøyteski med tilhøyrande stavar og sko

- skismurning





Behov for frivillige til arbeid med administrative system og tidtakarsystem

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Okt 2016

Førde IL– langrenn treng fleire som kan vere med å drifte dei administrative systema og tidtakarsystemet vårt.

Førde IL langrenn har aukande tal medlemer og produserer mange renn i løpet av vinteren; Seks
karusellrenn, eitt til to fylkes- eller sonerenn, kvart tredje år har vi KM, Ribberennet og Kalsetrennet.

Vi har også stilt opp som tidtakar på sykkelløpet Jølster Rundt, Postvegrittet i Dale, Helse Førdestafetten, Førde Opp og andre.

Førde IL vart på grunnlag av førre sesong kåra til årets langrennsklubb i Noreg, og vi har ambisjonar om vidare utvikling og å ta på oss større oppdrag.

På Langeland ski- og fritidssenter ser vi no ei rivande utvikling med rulleskiløype på plass i 2017 og snøproduksjonsanlegg som vart sett i drift i 2016 og som blir utvida i 2017. Vi ser at dette gjev utslag i interessa for langrenn og at medlemstalet har ei betydeleg auke.

For å kunne få avlasting og backup, og for å kunne ta vidare steg skulle vi gjerne hatt ein, to eller

gjerne tre til som vil bruke dugnadsinnsatsen sin på desse områda. Det ideelle hadde vore og fått etablert eit team der fleire har høgare kompetanse på den teknologiske biten rundt arrangementa og andre administrative oppgåver.

Vi brukar følgjande system

KlubbAdmin

I KlubbAdmin ligg det elektroniske medlemsregisteret vårt. Medlemene vert lagt inn manuelt, men er integrert med SportsAdmin og kan hente data der i frå. Frå systemet sender vi ut faktura for treningsavgift og evt. andre fakturaer til medlemene. Systemet gjev oss fullstendig oversikt over medlemer og status på alle krav som er sende ut. Systemet gjev oss høve til å skrive ut ulike rapportar til bruk for trenarar, styre og rekneskapsførar.

SportsAdmin

SportsAdmin er systemet vi nyttar til å produsere renn for påmelding og skrive ut skilisensar for medlemer som skal ha dette for første gong. Ved seinare høve vert desse krava sende ut frå skiforbundet. I dette systemet har vi full oversikt over kven som har fått tilsendt lisenskrav og status på kravet. Systemet kan også brukast for administrator til å melde på medlemer på renn og melde på stafettlag. I dette systemet har vi også oversikt over kven som har meldt seg på renn; både dei vi arrangerer sjølv og andre renn. I dette systemet produserer vi også fila med påmelde løparar til renn som vert overført til tidtakarsystemet Emit.

Buypass

Alle våre innfordringar som gjeld treningsavgift og rennavgift skjer via Buypass. Systemet er integrert både med SportsAdmin og KlubbAdmin. Det er eit særdeles enkelt og effektivt system og vi køyrer over 2000 transaksjonar gjennom systemet pr år. Oppgjer går direkte inn på langrennsgruppa sin bankkonto.

Emit

Emit er tidtakarsystemet vårt. Heile systemet består av tre datamaskinar. Til komande sesong har vi kjøpt inn tre nye maskinar frå Kontorsenteret som vi håpar skal vise seg å ha betre kapasitet og stabilitet enn vi har hatt med dei som no vert skifta ut. Teknologien blir betre, meir avansert og krev oppdatert hardware og software.

Vidare består systemet av målestasjon, antenne, to loopar og skrivar.

Dei tre maskinane vert nytta høvesvis i sekretariatet, tidtakarbua og speakerbua. PC-en i tidtakarbua fungerer som sørvar, og dei to andre maskinane er klientar mot denne. Tidtakinga kan også skje ved bruk av berre ein PC, men det reduserer kvaliteten på sørvisen under renn.

I Emit har vi support på systemet frå Eqtiming og på datamaskinane har vi no avtale med

Kontorsenteret om det skulle vere noko med maskinane eller kommunikasjonen mellom maskinane vi ikkje greier å ordne sjølve.

I Emit produserer vi rennet og legg til rette for tidtaking og gjennomfører tidtakinga. Deltakarar kan leggjas inn via fil frå SportsAdmin, Excel eller manuelt. Det finst også andre variantar. Vidare i systemet trekkjer vi startlister; tildeler startnummer og starttider og etterpå tildeler vi emiTagbrikkenummer.

Målestasjonen er tilkopla datamaskina som er plassert i tidtakarbua. Til målestasjonen er også kopla antenne og to loopar som vert lagde ut på kvar si side av målstreken.

Vi nyttar frittståande startklokke. Denne må derfor på førehand vere synkronisert med klokka i

datamaskina. Løparane har på seg EmiTagbrikker. Vi har 300 stk av desse. Startklokka tel ned til start og måltid vert registrert ved signal frå emiTagbrikkene når desse går i mål.

I systemet produserer vi startlister og resultatlister. Vi har også full oversikt over løparar som er gått i mål og kven som framleis er ute i sporet. Det er fleire ulike modular i systemet. Bl.a. ein speakermodul som gjev speaker full oversikt over kven som startar, kven som går i mål og resultat, slik at speaker fortløpande kan informere publikum.

Systemet gjev oss høve til profesjonelle og særdeles effektive arrangement.

Ta kontakt med underteikna eller andre i styret i langrennsgruppa dersom du ynskjer å bidra inn mot dette.

Asgeir Tveit
System- og økonomiansvarleg
Førde IL – langrenn
Mob 908 74 388
E-post: at@kryssrevisjon.no
E-post fordelangrenn@fordelangrenn.no


Dugnad i samband med skirenn - sesongen 2016-2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Okt 2016

Dugnad i samband med skirenn - sesongen 2016-2017

I samband med avvikling av skirenn i regi av Førde il langrenn for sesongen som kjem, er vi no i gang med planlegginga. Arrangementa er «grunnmuren» for langrennsgruppa sin aktivitet og økonomi, og vi er heilt avhengige av dugnad for å kunne få dei gjennomført. Vi håpar difor på positiv velvilje frå alle som kan bidra med dugnadsinnsats

Vi skal i sesongen som kjem arrangere:

  • 6 karusellrenn, som vi samarbeider med Gaular IL langrenn om.
  • Våre «eigne» renn, Ribberennet i romjula og Kalset-rennet.
  • Eit renn i SSF-cupen , SSF-finalen.
  • Eit førjulsrenn

Vi tek sikte på å få klar dugnadslister for renn i desember og januar til 1.desember, og resterande renn til 15 januar 2017. For at vi kan ta mest muleg omsyn til kva som høver for den enkelte, ber vi om innspel frå dei som har særlege ønskjer/behov angåande tidspunkt eller oppgåver.

Renndatoar:

  • Førjulsrenn, søndag 18.12.16
  • Ribberennet, onsdag 28.12.16 (ved lite snø kan rennet bli flytta til t.d. Sogndal)
  • Karusellrenn nr. 1,klassisk, tysdag 10.01.17
  • Karusellrenn nr. 2, fristil, tysdag 17.01.17
  • Karusellrenn nr. 3,klassisk, tysdag 07.02.17
  • Karusellrenn nr. 4, fristil, tysdag 14.02.17
  • Kalsetrennet, sundag 26.02.16
  • Karusellrenn nr. 5/ lagsmeisterskap klassisk og merkerenn, tysdag 07.03.17
  • Karusellrenn nr. 6/ lagsmeisterskap fristil og merkerenn, tysdag 14.03.17
  • SSF cup finale, fristil, laurdag 18.03.17

Vi treng også personar som kan vere kioskvakter på Langeland laurdagar og sundagar mellom nyttår og påske ved ski forhold. Desse vaktene er mellom ca. 10.30 og 16.00

Oversikt over funksjonar vi har behov for i samband med renn:

  • Rennleiar
  • Ordne startnummer og brikker ( Kan gjerast når det høver, men seinast kvelden før renn)
  • Tidtakarar (rigg av tidtakingsutstyr og ta tid under renn)
  • Måldommarar
  • Startar
  • Speaker
  • Ta inn startnummer og brikker ved målgang
  • Lage og dele ut saft etter målgang
  • Rigg av stadion
  • Løypevakter
  • Kioskvakter
  • Vask av garderober før renn (kvelden før renn)

Vi utfordrar særleg til å prøve seg på oppgåvene som rennleiar og speaker. Du skal sjølvsagt få opplæring av personar som kjenner oppgåva her.

Vi prøver å fordele belastninga, men dei fleste må pårekna å delta ved fleire arrangement.

Tilbakemelding sendast til m-kjetbe@online.no, eller på SMS/telefon 99241911.

Frist for tilbakemelding på ønskje om dugnadsoppgåve : 15.November 2016.



Hugs klubbkveld på G-sport - Erdal sport i kveld!

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Okt 2016


Førde IL langrenn minner om klubbkveld i kveld, 26.10.2016, frå kl 17.00 til kl 20.00 på G-sport - Erdal sport. Vi har fått klare ny Førde IL langrenn jakke og gensar. Denne kvelden vil det vere ekstra gode prisar på desse produkta. Førde IL langrenn oppfordrar til å bruke profileringsklede på trening og i konkurransar når dette er mogleg!

Gensar

  • Swix starlit midlayer http://www.swixsport.com/Products/Apparel/Mid-Laye...
  • Storleikar til barn og vaksen.
  • Pris på klubbkveld 26.10.2016: 170 kr for barn og 220 kr for vaksen.
  • Klubbpris i butikk ved seinare høve: 199 for barn og 249 for vaksen.
  • Veiledande pris frå swix: 399 for barn og 499 for vaksen.


Jakke

  • Skogstad Fliseeggen https://www.skogstadsport.no/herre/fliseeggen
  • Dette er ei vass- og vindtett jakke for allsalgs ver. Perfekt for trenarar og foreldre som er med på renn og trening.
  • Pris på klubbkveld 26.10.2016: 699 kr.
  • Klubbpris i butikk ved seinare høve: 799 kr.
  • Veiledande pris frå Skogstad: 1899 kr.



Førde IL langrenn - Årets langrennsklubb!

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Okt 2016

I helga har Arne vore på haustmøtet til Norges Skiforbund, i Oslo, og motteke prisen for "Årets langrennsklubb". Diplom vart overrekt av leiar i langrennskomiteen Torbjørn Skogstad.

Denne kåringa er ei anerkjenning av det arbeidet, aktiviteten, resultat og kompetanse, som alle involverte har bidrege med gjennom mange år - både sportsleg og administrativt.

Den vurderinga som er gjort av Norges Skiforbund/Langrennskomiteen er mellom anna basert på antal aktive utøvarar innanfor ulike aldersgrupper, antal aktive trenarar, registrert deltaking på klubbrenn, registrerte arrangement og ulike planar på administrativt nivå.

Målet til Førde IL langrenn har alltid vore å skape eit godt og inkluderande langrennsmiljø, som legg til rette for breiddeaktivitet. Over tid har dette resultert i auka rekruttering, og også utvikling av lovande utøvarar, både på junior- og seniornivå. At Norges Skiforbund no har tildelt denne prisen til Førde IL langrenn, viser at aktiviteten i klubben blir lagt merke til. Dette er ein pris til alle som har bidrege for å skape denne aktiviteten.

Gratulerer til trenarar, alle de som har vore løypevakter, stått i kiosken, vore tidtakar, parkeringsvakt, og elles har bidrege med dugnadsinnsats for at born og unge skal kunne drive med langrenn i Førde!

Styret i Førde IL langrenn håpar at denne utmerkinga kan skape ny motivasjon og inspirasjon til alle aktive, og alle de andre som bidreg, i og rundt Førde IL langrenn. Dette kan vi alle saman vere stolte av!


Yngve Thorsen og Arthur Hegrenes var også til stades på prisutdelinga.

Yngve Thorsen og Arthur Hegrenes var også til stades på prisutdelinga



Eit handfast bevis på at Førde IL langrenn er "Årets langrennklubb"



Klubbkveld på G-sport onsdag 26. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Okt 2016


Onsdag 26. oktober kl. 17.00-20.00, er det tid for den årlege klubbkvelden på G-sport Erdal sport. Denne kvelden vil der vere representantar frå Fischer, Madshus, Rossignol, Alpina, Swix og Rode til stades i butikken. Medlemmer av Førde IL langrenn får denne kvelden 25 % rabatt på skiutstyr, skiklede og mykje anna i butikken. NB! det er ikkje rabatt på pulsklokker og Norrøna. Om alt går som planlagt, vil vi og ha ei ny klubbjakke (Skogstad) og ein ny klubbtreningsgrensar (Swix), klar for sal.

Vel møtt til ein god handel og mykje skiprat!



Trenar- og foreldremøte 3.10.2016

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Sep 2016

Trenar og foreldremøte måndag 03.10 kl. 18 - 20 i Hafstadparken.

Førde IL langrenn ynskjer trenarar, foreldre og andre interesserte velkomne til trenar/foreldremøte i Hafstadparken.

Trening for alle grupper startar opp i veke 42. Vi ynskjer å informere om våre tankar rundt treningane og sesongen 2016/2017

Sakliste:

  • Velkommen v/styret.
  • Treningstips v/Yngve.
  • -Diverse informasjon v/styret.
  • -Vi deler oss i grupper:

1 og 2 kl: Kristin er koordinator.

3 og 4 kl: Eivind er koordinator.

5 og 6 kl: Yngve er koordinator.

7 kl og eldre: Ørjan er koordinator.

Velkommen!



Dugnadsliste for miljøsamlinga 23.-24. september

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Sep 2016

Her finn de dugnadslista for miljøsamlinga kommande helg:

Dugnadsliste miljøsamling.docx



Gjøran kjem til Miljøsamlinga på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Sep 2016

I samband med Miljøsamlinga på Langeland til helga vert Gjøran Tefre hovudtrenar på spenst- og hurtigheitsøkta fredag. I tillegg får du høve til å høyre Gjøran snakke om langrennstrening fredag kveld i skihytta på Langeland.


Deltakarliste pr. 20.09.2016


Miljøsamling Førde IL langrenn for utøvarar født 2000-2004

Stad:
Langeland skisenter

Tidspunkt:
23.-24. september 2016 (startar fredag klokka 17.30 og avsluttar laurdag klokka 16)

Pris:
Gratis.
Dette er eit dugnadsbasert lågterskeltilbod. Førde IL Langrenn dekkjer kost.

Måltider:
Middag fredag kveld, frukost og lunsj laurdag, frukt og drikke.

Overnatting:
I skihytta på Langeland.

Føresette må rekne med litt dugnad (til dømes matlaging, nattevakt og utvask).

Førebels program:

Fredag 23. september 2016

- kl. 17.30: Frammøte

- kl. 18.00: Spenst/ hurtigheit v/ Gjøran Tefre

- kl. 20.00: Foredrag m/ Gjøran Tefre

- kl. 21.15: Kveldsmat

-kl. 22.30: God Natt

Laurdag 24. september 2016

- Kl. 08.00: Frukost

- Kl. 09.00: Ymse intervall beina v/ Yngve Thorsen m. fl.

- Kl. 11.30: Lunsj

- Kl. 14.00: Langtur beina v/ Yngve Thorsen m. fl.

- Kl. 16.00: Avslutning/ heimreise

Påmelding innan mandag 19. september til: yngve.thorsen@skiforbundet.no

Meld deg på!

Mvh

Førde IL langrenn

v/miljøansvarleg Ørjan Igelkjøn.


Utstyrsliste

- sovepose, laken og madrass.

- pute med putevar

- godt med treningsklede

- superundertøy / ullundertøy

- regnklede / overtrekksklede

- handkle

- fritidsklede

- toalettsaker

- joggesko (gjerne 2 par dersom du har det)

- hue, hanskar / vottar

- drikkebelte / drikkeflaske

- liten dagstursekk

- godt med sokkeskift

- fleecegensar / ullgensar



Treningssamling med Steinar Mundal

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Sep 2016

Landslagstrenar for skiskyttarlandslaget Steinar Mundal kjem til Førde onsdag 21.9., for å ha treningssamling med Førde IL Langrenn.

Opplegg blir som følger:

Rulleski fristil, utøvarar 12 og 13 år (2004 og 03) kl 17 - 18 i Hafstadparken.

Rulleski fristil, utøvarar frå 14 og oppover. Desse møter ved SE basen på Tefre kl 18.

Kl 20 blir det oppsummering, tips og innspel frå Steinar. Denne sekvensen blir avvikla i lokala i Hafstadparken, og er open for utøvarar, trenarar og føresette.

Steinar Mundal er ein kapasitet på langrennstrening, og han har ved fleire tidlegare høve besøkt Førde IL Langrenn.

Dette er ein flott sjanse til å få nyttige tips i sesongoppkøyringa, så vi håpar mange har moglegheit til å komme!



Foredrag med Gjøran Tefre søndag 18. september

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2016


Gjøran går, som mange nok har fått med seg, i år for Thomas Alsgaard sitt lag Team LeasePlan Go http://teamleaseplango.no/.

Midt i ei travel oppkøyring til skisesongen som nærmar seg, har Gjøran funne tid til å dele litt av sine erfaringar med oss.

Søndag 18. september har de sjansen til å høyre Gjøran fortelje om kvardagen til ein skiløpar. Han vil ta for seg ulike typar langrennstrening og fokuset på teknikk. Gjøran vil prøve å dekke alle aldersgrupper. Gjøran seier også at spørsmål er lov :-).

Gjøran og klubben håpar at så mange som mogleg har tid til å komme å høyre på.

Hafstadparken, søndag 18. september kl.17.00

Informasjonen her er henta frå Gjøran sin facebook-profil.



Klubbtilbod på hotell - Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2016


Ungdommens Holmenkollrenn 2017 – Gjeld utøvarar født i 2003-2004.

Klubbtilbod hotell:

Førde IL langrenn har reservert 11 rom ved Scandic Holmenkollen Park .

https://www.scandichotels.no/hotell/norge/oslo/sca...

Hotellet ligg ca 10 minutt gange frå skiarenaen.

Vi har fått følgande prisar under UHR (fredag 17.02 – søndag 19.02)

Frå 13 år og opp: Kr. 1125,- per person per døgn

Frå 12 år og yngre: Kr. 805,- per person per døgn

Dette er pensjonsprisar som inkluderer frukost, matpakkesmøring / termospåfyll, middagsbuffet og en enkel kveldsbuffet.

Dersom ein kjem torsdag og ynskjer overnatting 16.02 – 17.02 vil prisane kun vere inkludert frukost:

Singelrom kr 1320,-

Dobbeltrom kr 1570,-

Trippelrom kr 1820,-

4- mannsrom kr 2070,-

Vi må sende inn felles booking for klubben. Klubben oversender namneliste til hotellet.

Individuell betaling ved avreise.

”Førstemann til mølla” gjeld ved bestilling .

Påmelding overnatting innan 01.01.2017

Send e-post til orjan.igelkjon©enivest.net

Hotellet ynskjer å ha namn og fødselsdato på alle gjestane så før på dette i e-posten.

Eit alternativt hotell som vi vil anbefale er Thon Hotel Oslofjord i Sandvika. Her har vi ikkje nokon avtale i år, så ein må bestille sjølv.

http://www.thonhotels.no/hoteller/land/norge/sandv...

Hugs at du sjølv er ansvarleg for å melde deg på sjølve rennet.

Meir informasjon om opplegg rundt arrangementet vil kome seinare.

Med helsing:

Styret v/Ørjan Igelkjøn



Treningsøkt med Gjøran torsdag 25. august

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Aug 2016


Gjøran inviterer til trening torsdag 25. august kl. 18.00-20.00 i gymsalen på Flatene skule. Dette vert ei basisøkt med fokus på basistrening (koordinasjon, ballanse og styrke) for langrennsteknikk. Dette vil bli ei økt der Gjøran vil demonstrere og vise øvingar som er gode og viktige for lettare å kunne gå teknisk riktig på ski.

Økta er tiltenkt foreldre /trenerar og eldre utøvarar, men er sjølvsagt open for alle som vil sjå og lære om «moderne» basistrening for langrennsløparar. Meininga med økta er å dele kva dei beste jobbar med og triks for å lettare kunne få seg sjølv og andre til å gå betre på ski. Denne kunnskapen er viktig at foreldre, trenerar og dei eldste i klubben sit på. Økta inneheld mange gode øvingar som bør vere ein del av skitreninga til både dei yngste og eldste i klubben. Teknikktreninga gjer ein best på ski, men grunnlaget for god skiteknikk legg vi før snøen kjem. Det blir i utgangspunktet Gjøran som viser og fortel om forskjellige øvingar og kvifor vi brukar dei, men det blir sjølvsagt mogeligheit for å prøve, samt stille spørsmål.

Denne informasjonen er også lagt ut av Gjøran på facebook-gruppa vår.

Dette er eit flott initiativ av Gjøran og vi håpar flest mogleg ar anledning til å stille!




5. plass til Gjøran på Blinkfestivalen!

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jul 2016


Gjøran Tefre leverte eit sterkt sprintløp under Blinkfestivalen i Sandnes. Også i år tok Gjøran seg heilt til finalen, og enda til slutt på ein sterk 5.plass! Biletet er frå fjorårets Blinkfestival (www.firda.no) og viser Gjøran i duell med Petter Northug.

http://www.blinkfestivalen.no/home



Treningssamling med Roar Hjelmeset måndag 11. juli.

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Jul 2016

Førstkommande måndag kjem landslagstrenar Roar Hjelmeset på besøk til Førde, og det vert treningssamling for utøvarar frå 2004 og eldre.

Detaljar om oppmøte og gjennomføring finn de på facebook-sida vår (sjå link nedanfor).

Utøvarar frå Gaular IL er også velkommen.

Hugs rulleski, stavar, refleksvest, hjelm og drikke!

Det er kort varsel og ferietid, men vi håpar at så mange som mogleg har anledning til å stille, når vi får besøk av ein slik ressursperson som Roar Hjelmeset!

https://m.facebook.com/groups/189339804416559?view...



Årets langrennsklubb 2016 - Førde IL langrenn!

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Jul 2016


Norges Skiforbund/Langrennskomiteen har kåra Førde IL langrenn til årets langrennsklubb. Denne kåringa er ei anerkjenning av det arbeidet, aktiviteten, resultat og kompetanse, som alle involverte har bidrege med gjennom mange år - både sportsleg og administrativt.

Den vurderinga som er gjort av Norges Skiforbund/Langrennskomiteen er mellom anna basert på antal aktive utøvarar innanfor ulike aldersgrupper, antal aktive trenarar, registrert deltaking på klubbrenn, registrerte arrangement og ulike planar på administrativt nivå.

Målet til Førde IL langrenn har alltid vore å skape eit godt og inkluderande langrennsmiljø, som legg til rette for breiddeaktivitet. Over tid har dette resultert i auka rekruttering, og også utvikling av lovande utøvarar, både på junior- og seniornivå. Meir om måla våre kan de lese i Sportsplanen til klubben http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13975/sportsp....

Førde IL langrenn er 100 % basert på dugnad, og ein er såleis heilt avhengig av at frivillige stiller opp for å få avvikla trening, samlingar, renn og anna aktivitet. Ei spesiell takk rettast til trenarane med Eivind Skaar i spissen, som stiller opp for born og unge, år etter år - uansett ver og føre. Elles har alle de som stiller på dugnad som alt i frå løypevakt og tidtakar, til kioskdrift og parkeringsvakt ein del av æra for at vi som klubb oppnår ei slik utmerking.

Styret i Førde IL langrenn håpar at denne utmerkinga kan skape ny motivasjon og inspirasjon til alle aktive, og alle de andre som bidreg, i og rundt Førde IL langrenn. Dette kan vi alle saman vere stolte av!

Gratulerer!







Fellestreningar i sommar!

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Jun 2016


Under står informasjon om "fellestreninger" i sommer. Dei som møter gjennomfører. Underteikna og andre trenarar deltek ikkje på alle øktene, men desse tidspunkta vert Førde langrenn sine fellestreninger i sommer. Utøveren vel sjølv om ein vil ha "roleg langtur", eller om ein vil delta på intervall. Intervalla vert tilpassa utøveren. Ellers så håpar vi at de finn kvarandre og trener i lag på mange økter. Vær forsiktig i trafikken!

Tirsdagar kl. 18.00 barmark. Ingen aldersgrense. Alle er velkomne. God oppvarming - intervall - god nedjogging. Vi grupperer oss ut i frå dei behova utøverane har. Roleg langtur for dei som ynskjer det. Rullering på 3 ulike stader: Reset - Hafstadfjellet (oppmøte Bruland lågpris) - Vie/Soleide (oppmøte gamle sementfabrikken)

Torsdagar kl 18.00 rulleski Angedalen. Alltid oppmøte ved ambulansestasjonen på Tefre. Valfri stilart. Langtur eller intervall ut i frå dei behova utøveren har. Hugs hjelm, refleksvest, drikkebelte, handsker, briller og å gå roleg forbi hestane.

Skiforbundet, vegvesenet, trygg trafikk med fleire har laga rulleskivett-regler: www.skiforbundet.no/langrenn/rulleski/rulleskivett... . Anbefalt aldersgrense er 15 år. Yngre utøverar bør øve på lite traffikerte område. Til dømes Hafstadparken, Rulleskøyter kan og nyttast av dei yngste. Dersom foreldre ikkje vil gå med, så kan de gjerne sykle med!

Rulleski/rulleskøyter er ein artig og god treningsform, men hugs at du er ein mjuk traffikant!

Tirsdag 28. juni kl.18.00 Reset. Oppvarming til grinda etter Støylen midt på Langelandsvatnet. Legge frå seg drikkebelte. Intervall fram og tilbake, Enkellt å lage ulike intervalldrag. Vi har ofte brukt 3 minuttsdrag på denne økta, og 2 minutts pasuse. Kupert løype. (5 drag ++?). Nedjogging til Reset.

Torsdag 30 juni kl. 18.00 Angedalen (oppmøte ambulansestasjonen)

LAURDAG 2. JULI - JØLSTER MARATON.

Tirsdag 5. juli kl. 18.00 Hafstadfjellet. (oppmøte Bruland lågpris).Oppvarming via sementvarefabrikken-hengebrua-riksvegen til parkeringsplassen til Hafstadfjellet. Ulike lengder på intervalla tilpassa utøverane. 2 minutts pauser. Alltid gå ned og samlast i pausene på den intervallgruppa du deltek på. (5 drag ++?). Nedjogging til Bruland lågrpis

Torsdag 7. juli kl. 18.00 Angedalen

Tirsdag 12. juli kl.18.00 Vie/Soleide (oppmøte "ganle sementfabrikken"). Oppvarming langs Jølstra og opp ved Brulandsfossen til Soleide. Intervall fram og tilbake. ca. 400m til den store steinen, vel 600m til ferista, ca 1000m til asfaltkanten, osv. 2 minutts pauser. Flatt terreng. (5 drag ++?). Nedjogging motsatt veg tilbake.

Torsdag 14 juli kl. 18.00 Angedalen


Tirsdag 19. juli kl.18.00 Reset. (oppmøte på Reset)

Torsdag 21 juli kl. 18.00 Angedalen (oppmøte ambulansestasjonen)

Tirsdag 26 juli kl. 18.00 Hafstadfjellet. (oppmøte Bruland lågpris).

Torsdag 28. juli kl. 18.00 Angedalen

Tirsdag 2. august kl.18.00 Vie/Soleide (oppmøte "ganle sementfabrikken")

Torsdag 4. august kl. 18.00 Angedalen

KRETSLAGSAMLING 4.- 7. august i Markane.

Tirsdag 9. august kl.18.00 Reset

Torsdag 11 august kl. 18.00 Angedalen


Eivind Skaar 25.06.2016



Trenarkurs på Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Mai 2016

Engasjerte og dyktige trenarar er viktige for at utøvarane i Førde IL langrenn skal trivast og bli gode på ski. Vi ønskjer difor å legge til rette for foreldre elller andre som ønskjer å ta trenarkurs. Klubben dekker heile kursavgifta, mot at ein bidreg på treningane frå hausten av.

I perioden 17. til 23. juni arrangerer Sogn og Fjordane Skikrins / Norges skiforbund Trenar I og Trenar II kurs på Sognefjellet.

  • 21.-23. juni: Trenar I kurset er "grunnkurset" til Norges skiforbund og rettar seg mot dei som trenar born opp til 12-13 år.Eit trenar I kurs er ein flott anledning til å lære meir om langrenn og trening av barn. Det er ikkje krav til forkunnskapar.
  • 17.-21. juni: Trenar II kurset rettar seg mot trenarar til ungdommar på 13/14 til 16 år.

Vi håpar nokon av foreldra som har aktive ungar ser nytte av, og har lyst til å ta eit slikt kurs. De må ikkje verte skremt av at vi ovanfor her skriv at ein må bidra på treningane. Vi kjem ikkje til å kreve at nokon som ikkje vil det skal stå som "ansvarleg trenar", men vi ønskjer at de kan vere med å bidra til at dine og andre sine ungar har det kjekt, og får utbytte av treninga.

Påmeldingsfrist er 1. juni.

Meir om kursa og påmelding finn de her: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...

Samtidig med trenarkurset er det også Sommarskiskule for utøvarar mellom 11 og 17 år, så her er det anledning for at dei unge lovande kan ha det kjekt på skiskule medan foreldra tek trenarkurs.

Meir om sommarskiskulen finn de her: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/sognef...

Ta gjerne kontakt med nokon i styret, eller Skikrinsen dersom du har spørsmål.



Dugnad på skihytta tysdag 26. april

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Apr 2016


Etter ein lang skissesong er det tid for å gjere ein siste innsats på Langeland. Tysdag treng vi hjelp til å vaske ned skihytta, slik at den er triveleg å komme attende til neste sesong. Dersom vi vert mange går jobben fort!

Møt opp med bøtte og mopp på tysdag kl. 17.30 - kl. 20.00!

Dersom du ikkje har anledning til å komme på premiefesten søndag, vil det vere moglegheit for å hente uavhenta premiar på Langeland denne kvelden.

Vel møtt!



Kakebakarar til premiefesten 24. april

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Apr 2016


På premiefesten 24. april skal det tradisjonen tru vere kakebord til kaffien. Vi treng difor hjelp til å fylle bordet med kaker og bollar. Erfaringa viser at vi treng ganske mykje kaker for å mette svoltne skiløparar, og den vedlagde lista over kakebakarar er difor ganske lang :-)

Ver snill å sjå etter om du står på lista! Det er opp til deg kva du ønskjer å bake. Langpannekaker og gjærbakst pleier å vere populært.

Takk for hjelpa!

Kakebakarliste 2016.docx



Velkommen til premiefest søndag 24. april!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Apr 2016

Søndag 24. april er det klart for den tradisjonelle premiefesten og sesongavslutninga til Førde IL langrenn. Festen skal vere på Sunnfjord Hotel og vi startar kl. 14.30.

Det vert utdeling av premiar for SSF-cup/karusellrenn, lagsmeisterskap klassisk og fristil, og skimerke.

Det vert kaffi, kaker og loddsal.

Velkommen!

Kakebakarliste 2016.docx




Gjøran nr. 2 samanlagt i Norgescup U23!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Apr 2016


Siste renn i Norgescupen vart unnagjort på Beitostølen i helga, og Førde sin Gjøran Tefre kan skilte med ein sterk 2. plass samanlagt i klassen U23. Ser ein heile seniorklassen under eitt hamna Gjøran på 5. plass! Førde IL langrenn gratulerer med ein flott sesong!

Også Torstein Bu har som førsteårs senior gått gode løp i Norgescupen, og enda til slutt på ein flott 14. plass i U23-klassen. I klassen K17 tok Inga Kårstad Skaar ein sterk 7. plass samanlagt. Vetle Uhre Hammersvik og Brage Burø Sunde kom på høvesvis 31. og 40. plass i M17.

Fullstendige resultatlister finn de her: http://www.skiforbundet.no/langrenn/skirenn/statoi...



NM del 2 på Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Mar 2016

NM del 2 er i gang på Beitostølen. I dag har det vore lagsprint, der Torstein Bu og Gjøran Tefre kom på 6. plass i sin semifinale. Dette var eit sterkt heat der dei konkurrerte mot mellom anna Petter Northug, Finn Hågen Krogh og Pål Golberg.

NM held fram i morgon med 5 og 10 km fristil, og med 30 og 50 km fristil på laurdag. Helga vert avslutta med skiathlon, som er finale i Norgescupen for juniorar søndag.

Frå Førde er følgjande løparar påmeldt til eitt eller fleire renn i helga:

Brage Burø Sunde

Vegard Hegrenes

Inga Kårstad Skaar

Vetle Uhre Hammersvik

Torstein Bu

Gjøran Tefre

Oddne Håvardstun Munkvold


http://www.beitoworldcup.com/



Sesongavslutning/trening 3-4 klasse 17.03.16 kl 17:30-18:30

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Mar 2016


Møt med glatte ski til treninga. Vi gå ut i 2 km løypa og samlast oppe på flata som tidlegare.
Mvh Gry Aase Alnes



Junior-NM på Gåsbu

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Mar 2016


Kommande helg (fredag-søndag) vert junior-NM arrangert på Gåsbu. Fredag er det klassisk og laurdag fristil. Søndag står stafett på programmet. Dei individuelle konkurransane inngår også i Norgescupen. Frå Førde er det påmeldt ein tropp på 7 løparar:


Inga Kårstad Skaar (K17)

Karoline Erdal (K19/20)

Brage Burø Sunde (M17)

Vetle Uhre Hammersvik (M17)

Andreas Bjørvik Fugle (M18)

Vegard Skaflestad Hegrenes (M19/20)

Adrian Helgheim (M19/20)


Startlister og resultat finn de her: http://www.skiforbundet.no/nmjr2016/

Lukke til!



Bronse til Gjøran Tefre i U23 NM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Mar 2016

Laurdag tok Gjøran Tefre bronsemedalje i U23 NM sprint på Lygna. Søndag følgde han opp med 3. plass i seniorklassen på 15 km friteknikk. I U23-klassen var dette 2. plass!

Førde IL langrenn gratulerer!

Øvrige resultat frå Førde IL langrenn sine løparar:

Sprint seniorSprint U2315 km fri senior15 km fri U23
Gjøran Tefre8332
Torstein Bu422010462
Roger Øye Pollen1317610058
Oddne Håvardstun Munkvold163102
Ole Martin Erdal60

http://www.skiforbundet.no/lygna/start--og-resulta...

http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...

http://www.firda.no/langrenn/sport/vintersport/jub...



Årsmøte for Førde IL langrenn 8.3.2016

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2016

Tysdag 8.3.2016 kl. 18.30 er det årsmøte for Førde IL langrenn. Møtet skal vere på "loftet" på FIL-huset i Hafstadparken. Alle medlemmer er velkomne.

Saksdokument finn de her:

Innbyding/sakliste

Budsjett 2016

Årsmelding 2015

Rekneskap 2015

Revisjonsmelding 2015



Statoil Norgescup for senior på Lygna

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2016


I helga er det Norgescup for senior på Lygna på Hadeland. På programmet laurdag er det klassisk sprint, som også er U23 NM på distansen. Søndag er det 10/15 km friteknikk. Lygna er neste års NM-arena, så dette blir ein god anledning til å teste NM-løypene.

Frå Førde IL langrenn er Roger Øye Pollen, Torstein Bu og Gjøran Tefre påmeldt.

http://www.skiforbundet.no/lygna/

Lukke til!



Trening 3-4 klasse

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Mar 2016

Møt med glatte ski. Vi får hjelp av Eivind Skaar også i dag. Vi starter som vanlig med å gå ut ei runde i 2 km løypa.

Mvh Gry Aase Alne



Påminning til foreldre på karusellrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Mar 2016

På karusellrenna tidlegare i vinter har det vore ei ufordring med mange foreldre som følgjer ungane sine gjennom heile løypa. Dette gjev unødvendig mykje folk i løypene og utfordringar knytt til gjennomføring av rennet.

Vi minner om regelverket frå Norges Skiforbund som seier at det berre er lov til å følgje ein løpar 15 m i konkurranse.

Dersom barna skal gå på tid må dei kunne gå gjennom løypa på eigahand. Alternativet er å melde barnet på i klassen utan tid.

Dette er spesielt viktig for dei to siste renna som også er merkerenn og lagsmeisterskap.

Vi håpar foreldra tek oppfordringa og held seg på sidelinja og heiar!

Vel møtt til skirenn!



Kalsetrennet 2016 oppsummert

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Feb 2016

Det 44. Kalsetrennet vart avvikla under flotte forhold på Langeland søndag 28. februar.

Best tid i seniorklassa stod ekteparet Bodil Ryste og Andre Haugsbø frå Gaular IL for, og dei vann dermed dame og herreklassa for andre året på rad. Vinnar av Knut Grimeland "Knut" pokalen for beste 3-manns lag vart Førde IL langrenn, representert ved Brage Burø Sunde, Adrian Helgheim og Vegard S. Hegrenes. Totalt 111 løparar fullførte i dei ulike konkurranse klassane i dag - i tillegg til dei fleire hundre som gjekk i trimklassa.

Dessverre var det eit par løparar som var uheldige og skada seg undervegs i dag, då er det godt å ha Førde Røde Kors på plass som kan sørge for assistanse og oppfølging. Gaulars Sindre Hoff "ofra" seg ved å hjelpe den eine som skada seg,og måtte følgeleg bryte eige løp. Ansvarleg og flott gest av Sindre, slikt står det virkeleg respekt av.

For å få til eit arrangement som Kalsetrennet er det mange som er involvert med planlegging og gjennomføring av dei ulike arbeids- og dugnadsoppgåvene. Stor takk til alle som har bidratt - hugs at alle bidrag er avgjerande for at ein skal få til eit arrangement som Kalsetrennet.

Ekstra takk til Ole Johan Hegrenes for rutinert rennleiing, til drifts og løypeansvarleg Magne Øvrebø samt til Torill Øye som på kort varsel "steppa inn" som speaker.

Vidare takk til alle bedrifter som har bidratt med gåvepremiar og økonomisk støtte til arrangementet - samt samarbeidspartnar Erdal Sport for smøreservice. Oversikt over desse finn de her:


Gåvepremiar-Kalsetrennet-16.docx

Økonomisk støtte Kalsetrennet 2016.docx


Vel blåst til alle som har bidratt!




430 deltok på den 44. solskinsutgåva av Kalsetrennet!

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Feb 2016


Heile 430 løperar stilte til start i den 44. solskinns-utgåva av Kalsetrennet søndag 28. februar 2016. Det vart favorittsigrar til Gaular-paret Bodil Ryste (1:19:03) og André Haugsbø (1:03:29). Vi tek med at vår eigen Brage Burø Sunde vann si årsklasse (M17-18 år), og staka seg inn til 4. plass totalt med den gode tida 1:07:18 - kun slått av eldre løperar!

Offisiell resultatliste Kalsetrennet 28.02.2016.pdf


Flott reportasje i Firda 29.02.2016:



Resultat frå Hovudlandsrennet

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Feb 2016

Våre fire løparar gjekk alle dei individuelle distansane på hovudlandsrennet i Fauske. I tillegg gjekk Thomas stafett for Sogn og Fjordane sitt krinslag.

Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.skiforbundet.no/hl2016/start--og-result...


Hovudlandsrennet 2016klassisksprintlangrennscrossstafett (krins)
Thomas WalakerG1622221616782
Øystein StøfringG15180192127
Sebastian TveitG15214227156
Synneva Iren KvileJ166610726




Hovudlandsrennet 2016

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Feb 2016

I helga vert Hovudlandsrennet arrangert på Fauske, utanfor Bodø. Hovudlandsrennet er "NM" for 15- og 16-åringar. Fredag står klassisk 5 km/7,5 km på programmet. Laurdag er det både sprint fristil og langrennscross. Søndag vert Hovudlandsrennet avslutta med stafett.

Frå Førde IL langrenn stiller følgjande løparar:

Synneva Iren Kvile

Øystein Støfring

Sebastian Tveit

Thomas Walaker

Meir informasjone om Hovudlandsrennet finn de her: http://www.skiforbundet.no/hl2016/

VI ønskjer lukke til!



Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Feb 2016


Ungdommens Holmenkollrenn står for døra denne helga. Dette er eitt av årets høgdepunkt for skiglade 13- og 14-åringar. Førde IL langrenn har lang tradisjon med løparar på startstreken i nasjonalanlegget, og mange har komme heim med gode minner og gode resultat. I helga er det desse løparane som skal gå i løypene der Therese Johaug og Martin Johnsrud Sundby knuste konkurrentane for eit par veker sidan:

Hedda Kleiven Eikeset

Lukas Bruland Gurvin

Henriette Skaflestad Hegrenes

Kristina Skaflestad Hegrenes

Steffen Sjøvold Igelkjøn

Oliver Bosdal Thorsen

Tristan Engebø Ullebø


https://bvhif.klubb.nif.no/arrangement/uholmenkoll...


Vi ønskjer lukke til!



Skitrening for 3-4 klasse går ut på grunn av vinterferie

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2016

Det blir ikkje halde skitrening denne veke 7.

Håpar at de som er heime har nytta skiføret på Langeland.

Neste trening vert torsdag 25.2.2016

Mvh Gry Aase Alnes



Treningstilbod frå Puls!

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2016

Puls er ein av Førde IL langrenn sine samarbeidspartnarar og har no komme med eit godt tilbod til alle våre medlemmer.

Puls tilbyr 3 månadar trening, inkludert ein time med personleg trenar og kroppsanalyse, til 1500 kr. Ordinær pris er 2446 kr.

Tilbodet er gyldig til 29.2.2016. Ta med dokumentasjon på medlemsskap hjå Førde IL langrenn (kopi av betalt treningsavgift).

Alle er også velkomne til ein gratis uforpliktande prøvetime hjå Puls.




Godt treningstilbod frå vår samarbeidspartnar Puls!

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Feb 2016


Kvar fredag arrangerer Puls styrketrening i sandhallen på Vie. Dette skal vere ei skadeforebyggande økt, der ein deltar på tvers av idrettane. Tilbodet er gratis for alle medlemmer i Førde IL!

Les meir om tilbodet i Firda:

http://www.firda.no/sport/forde/volleyball/her-tre...



Mannskapsliste for Kalsetrennet 28.2.2016

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Feb 2016


Søndag 28.2.2016 er det klart for årets Kalsetrenn på Langeland. Mannskapsliste for rennet finn de no her http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/19334/mannska...



Torstein og Gjøran med sølv og bronse i U23 NM !!!

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Feb 2016

Glade og dyktige Førdeløperar i Meråker: Torstein Bu og Gjøran Tefre.

Førdeløparane Torstein Bu og Gjøran Tefre tok høvesvis sølv og bronse under U-23 NM i langrenn i Meråker i helga.

Under laurdagens sprint tok Gjøran Tefre ein svært sterk bronsemedalje i U-23 NM i Grova Skisenter. Totalt enda Tefre som nummer 6. Og ikkje nok med det. I same konkurranse enda klubbkamerat og førsteårssenior Torstein Bu som nummer 12 totalt.

Under søndagens klassiske 30 kilometer fulgde Bu opp med ein svært imponerande sølvmedalje i U-23 NM. Her enda Bu som nummer 7 totalt, kun 4 sekund bak vinnaren Sindre Sætre Hammerlund frå Asker.

Sogn og Fjordane Skikrins gratulerar Gjøran Tefre, Torstein Bu og Team Veidekke Vest med svært gode prestasjonar.



Stengt kiosk lørdag 13.2 redusert opningstid søndag 14.2

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Feb 2016

Det har diverre ikkje lukkast å finne personale til å halde kiosken open lørdag 13.2

Søndag vert kiosken halden open i tida 11-14

Vi håpar like vel at mange nyttar det flotte skiføret.

Mvh Gry Aase Alnes



Norgescup for junior på Hovden

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Feb 2016


I helga vert det arrangert Norgescup for juniorar på Hovden. Fredag står sprint på programmet. Denne har også status som norgesmeisterskap. Laurdag er det klassisk renn, og helga vert avslutta med fristil på søndag.

Frå Førde IL langrenn er det meldt på fire løparar:

Brage Burø Sunde (M17)

Adrian Helgheim (M19/20)

Vetle Uhre Hammersvik (M17)

Inga Kårstad Skaar (K17)


http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...

http://www.skiforbundet.no/hovden/


Lukke til!



3-4 klasse skitrening 11.2.16

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2016

Det blir truleg noko lavere oppmøte på trening i morgon på grunn av at 3 klassene ved Slåtten skule har Prøysenkveld. Trenarane Espe og Deknepoll er også fråverande då dei skal være på Slåtten skule.

Eg treng at 2 foreldre melder seg for å gå på ski saman med oss denne dagen.

For oss som møter opp vil det bli ein god treningsøkt der eg tenker at vi skal gå to heile rundar i 2 km-løypa. Vi går ut kl 1735 etter oppmøte.


Vi samlast på flata før nedkjøring til stadion.

Det blir stafett på flata ei stund (20min) Ein går så avsluttande runde i 2 km-løypa

Vel møtt

Mvh Gry Aase Alnes



Karusellrenn i staden for trening torsdag 4.2

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2016

Grunna karusellrenn torsdag 4. februar, blir det ikkje vanleg trening for 1. og 2. klasse. Håpar mange har lyst til å vere med på rennet. Dei skal gå 1 km. Om det er nokon som ikkje vil vere med, kan eg (Kristin) gå ein runde i 2 km med dei. Vi må i tilfelle gå kl 17.30. Vil gjerne ha ei tilbakemelding frå dei som ønsker å gå i lag med meg :-) Om det blir mange må eg ha med eit par foreldre :-)

Helsing Kristin Burø



Skitrening torsdag går ut på grunn av Karusellrenn 1

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Feb 2016

Håpar at mange av de som vanlegvis deltek på trening torsdag vel å stille opp på karusellrenn.

Meld dykk på.

Mvh Gry Aase Alnes



Eit nytt godt løp av Torstein!

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jan 2016



I dag har det vore 30 km med skibyte, for herrane i NM i Tromsø. Petter Northug stakk av med kongepokalen, men vår mann; Torstein Bu gjorde nok eit godt løp i NM-løypene. Torstein gjekk inn til ein 37. plass i eit felt der 110 mann fullførte rennet.

God innsats i NM Torstein!



Gull til Karoline Erdal!

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Jan 2016

Førde IL langrenn gratulerer Karoline så mykje med gull på sprinten i junior-VM skiskyting i dag! Vi er imponert!

https://www.facebook.com/ntggeiloskiskyting/photos...

http://www.firda.no/sport/skiskyting/forde/no-er-h...



Karusellrenn nr. 1 og 2

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Jan 2016


KARUSELLRENN NR. 2: Det er opna for påmelding til karusellrenn nr. 2 tysdag 2.2 – denne datoen er som tidlegare annonsert.

  • stilart vert fristil som tidlegare annonsert


KARUSELLRENN NR. 1: Dette rennet er utsett frå 26.1 og skal no avviklast torsdag 4.2.

  • stilart vert klassisk som tidlegare annonsert


PÅMELDING


DUGNADSLISTER

  • Dugnadslister gjeld som tidlegare sett opp for dei to renna.


Det er betre vérutsikter til kommande veke, og ein har god tru på at vi – endeleg –kan komme i gang med SSF Cup karusellrenn for 2016.

Vi må likevel ta høgde for at det igjen kan bli endringar, mht. vér og føreforhold.

Oppmodar i så måte til at de følgjer med på våre nettsider og facebook.




Flott innsats av Torstein i NM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Jan 2016

Torstein Bu gjekk i dag inn til ein flott 26. plass på 15 km klassisk i NM i Tromsø. Gratulerer så mykje!



NM i Tromsø

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Jan 2016

Frå i dag og ut helga går senior-NM av stabelen i Tromsø. Frå Førde er Torstein Bu påmeldt til alle individuelle distansar. Opphavleg var det også påmeldt eit stafettlag frå Førde IL, men dette måtte trekkast pga sjukdomsforfall. Vi kjem sterkare attende neste år!

Løpsprogram, startlister og resultatlister finn de her http://www.skiforbundet.no/nmtromso/

Vi ønskjer Torstein lukke til!



BARMARKSTRENING for 3-4 klasse Torsdag 28.01.16

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2016

På grunn av manglande snø på Langeland vil vi halde treninga for 3-4 klasse i Førde Sentrum. Festplassen ved klatreparken er staden oppmøte kl 1730 og henting kl 1830.

Alle møter kledd etter været, men med joggesko og reflexvest.

Foreldre er oppmoda om å ta del i treninga.

Treninga vil bestå av oppvarming - lett jogg på festplassen og kring laksen.

Etter oppvarming vert det øvelsar som stafett, stiv heks og lignende.

Vi avsluttar med klatring i klatreparken (ca 20 siste minutta) Ha derfor kle som ikkje lett heng seg fast i klatretaua.

Vel møtt



Trening for 1. og 2. klasse torsdag 28.1

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2016

Litt dumt, men i morgon torsdag 28. januar må vi ha barmarkstrening igjen. Vi møtast i Hafstadparken kl. 17.30. Ta på refleksvest, og hugs lue og vottar :-) Mvh Kristin



Nybegynner smørekurs med Terje Steinsland, Swix og Erdal Sport!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2016

Nybegynner smørekurs med Terje Steinsland, Swix og Erdal Sport!

Vi arrangerer torsdag 4. februar eit nybegynner smørekurs. Kurset vert halde på Hafstad Vidaregåande Skule frå kl. 18.00 - 19.45. Dette er kurset som svært mange vil ha godt utbytte av. Vi kjem til å gjere smøringa heilt basic og forklare det så lett som overhode mulig. Kurset blir arrangert av Erdal Sport og Swix, og det er Terje Steinsland som skal holde kurset. Vi håper mangen vil ta turen! Kurset er GRATIS :)



NB! Karusellrenn i kveld, 26.01.16 er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Jan 2016

NB! Karusellrenn i kveld, 26 01 16 er utsett på ubestemt tid- pga. rådande løypeforhold

Ein må dessverre utsette kveldens renn. Mildvær og store nedbørsmengder har dessverre sett sitt klare preg på løypene.

Det er m.a. mykje jord i trasen, og mykje overflatevatn – som gjer det svært vanskeleg å få ei forsvarleg renn avvikling.

Rennleiar har i samråd med løypesjef og arrangør Førde IL langrenn komme til den slutning at det ikkje er forsvarleg å gjennomføre skirenn på Langeland i kveld.

Beklager sein tilbakemelding - dette har bakgrunn i at ein har gjort ei fortløpande vurdering ut over dagen - i håp om at arrangementet skulle kunne gå som planlagt. Dei som er påmeldt arrangementet har betalt - dette vil bli hensyntatt når rennet blir sett opp på ny.



Løypelengder SSF-karusellrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Jan 2016

skifigur.jpg

På grunn av snøtilhøva og begrensa tilgjengeleg løypenett, vert det for nokre klassar litt avvikande distansar på karusellrennet i morgon.


Gutar/menn

10 år og yngre 1 km

11 og 12 år 2 km

13 og 14 år 3 km (2 rundar i 2 km)

15 og 16 år 5 km (3 rundar i 2 km)

17 og 18 år 10 km (5 rundar i 2 km)

E.j./S/Vet. 10 km (5 rundar i 2 km)


Jenter/kvinner

10 år og yngre 1 km

11 og 12 år 2 km

13 og 14 år 3 km (2 rundar i 2 km)

15 og 16 år 5 km (3 rundar i 2 km)

17 og 18 år 5 km (3 rundar i 2 km)

E.j./S/Vet. 5 km (3 rundar i 2 km)



Mannskapslister for alle SSF-cup/karusellrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Jan 2016


Mannskapslister for alle dei 6 karusellrenna finn de no her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

Ber alle om å sjå etter kvar de er sett opp og ev. byte med andre dersom det er ein dag som ikkje passar.

Takk for innsatsen og vel møtt til karusellrenn på Langeland!



Dugnadslister for kiosken på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2016

Kiosken i skihytta på Langeland vert driven på dugnad av Førde IL Langrenn mellom nyttår og påske når snøforholda tillet det. Dette er ei viktig inntekt for klubben.

Opningstid for skihytta i helgane er kl. 11.00-16.00.

Dugnadslister for 2016 finn de no her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18753/dugnads...

Alle spørsmål om kioskdrifta kan rettast til Gry Aase Alnes på tlf. 900 69 957

Dersom de ønskjer å vere fleire på vakt kvar dag eller organisere dykk på andre måtar, oppmodar vi til at de kontaktar dei som har ansvar den andre dagen i helga og finn ei løysing i lag.

Dersom de har behov for å byte vakt, ber vi om at de byter innbyrdes, og gjev melding om dette til kioskansvarleg.



Plan for 3-4 klasse torsdagstrening kl 1730 v Langeland skisenter.

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Jan 2016


Vi starter presis 1730 med registrering av oppmøte. Foreldre kan rekne med å bli spurt om å hjelpe til som løypevakt og liknande. Registrering skjer ved utgang til 2 kilometeren. 1735 går gruppa samla ut i 2 km løypa. Gruppa stoppar på flata før nedfart til stadion. Her blir det skileik til gruppa er samla etter 2 km runde. (Fram til ca kl 1755)Gruppa delast så i 3 deler før nedfart til slalåmløypa/stadion. Ein fordeler seg så på stasjonar og held på 10 min før stasjonsskifte. No kjem ein inn på stasjonar saman med 1-2 klasse. Kl 1825 møter heile gruppe 3-4 klasse samla ved vestenden av skihytta.
Her blir det opptelling og informasjon før heimreise
Mvh Gry Aase Alnes



SSF-Cup Karusellrenn - nye datoar

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Jan 2016

På grunn av snømangel måtte karusellrenn nr. 1 og 2 utsettast. Vi prøver no å komme i gang, og ny revidert plan er som følgjer:

Renn nr. 1 26. januar: klassisk

Renn nr. 2 2 februar: fristil

Renn nr. 3 9. februar: klassisk

Renn nr. 4 23. februar: fristil

Renn nr. 5 1. mars: klassisk (lagsmeisterskap og merkerenn)

Renn nr. 6 15 mars: fristil (lagsmeisterskap og merkerenn)

Det kan verte variasjonar i løypetrase og løypelenger på grunn av snøforhold. Dette kjem vi tilbake til seinare.

Dugnadslister: For renn nr. 1 og 2. gjeld dugnadslistene som allereie er lagt ut her http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads... Dugnadslister for dei andre renna vil komme fortløpande. Ber også om at alle les gjennom gjeremålslista som de finn her http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13916/gjerema... slik at alle veit kva dei skal gjere.

Påmelding til alle renna skjer via Minidrett. Det er no opna for påmeldng til renn nr. 1 https://minidrett.nif.no/Event#299789-011

Påmeldingsfrist til renna er kl. 23.59 måndagen før rennet. Det vert ikkje anledning til å etterpåmelde.

Betaling: De må sjølve betale startkontigent for karusellrenna. Dei som vel "klubben betalar" vert sletta frå lista utan tilbakemelding.

Vel møtt til renn!



Vel blåst KM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Jan 2016

Som kjent har det i fleire veker vore ein storstilt dugnad ved Langeland Skisenter for at krinsmeisterskapen i langrenn skulle kunne avviklast. Til tross for at ein delvis måtte tilpasse løypelengder og berre hadde begrensa delar av løypenettet intakt - arrangementet har blitt avvikla på godt vis med godt "gammaldags" vintervèr som ramme - spesielt laurdag var det fint.

Tilbakemeldingar frå Sogn og Fjordane Skikrins, løparar, føresette og andre involverte under helgas arrangement har vore gode. Detaljar kan justerast og det vil alltid vere rom for forbetring, men totalt sett er ein frå Førde IL langrenn si side godt nøgd med gjennomføringa av dei tre KM arrangementa.

Sportsleg har det vore mange gode prestasjonar, både frå Førde IL langrenn sine utøvarar og frå besøkande klubbar. Laurdagens sprint var prega av mange tette duellar - som seg hør og bør under et KM. Fleire av deltakarane har klart å vinne "trippelt" spesiell honnør til desse utøvarane. Om lag 600 deltakarar var påmeldt for dei tre arrangementa, 582 er antallet som har fullført. Forfall skuldast sjukdom undervegs, eit slikt arrangement vil slik sett vere prega av både opp- og nedturar for dei ulike deltakarane.

Frå arrangøren si side er det slik at det ligg mykje dugnadsinnsats bak - i forhold til planlegging og gjennomføring av eit så pass stort arrangement. Om lag 40 personar står på mannskapslista pr dag, fleire av desse har stått på både fredag, laurdag og i dag. Nyttar dermed høvet å takke alle for god innsats - skal vi få til skirenn er vi heilt avhengig av dugnadshjelp!
Ei spesiell takk til rennleiarane desse tre dagane; Torill Øye, Rune Strømmen og Anita Kårstad - som alle har bidrege med erfaring og trygg rennleiing.

Avslutningsvis vil ein rette ei ekstra stor takk til driftsansvarleg ved Langeland Skisenter, Magne Øvrebø. Magne har stått på "seint og tidleg" i samband med snøproduksjon og utkøyring i forkant - på dei tre arrangementsdagane har han bidratt som løypesjef med ansvar for løypekøyringa, og presentert flotte løypeforhold samtlege tre dagar.

Summen av bidrag har resultert i et godt og utviklande arrangement for langrennssporten i fylket - vel blåst til alle involverte!



Skitrening 1. - 4. klasse torsdag 14.01.2016 kl. 17.30 på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jan 2016

1. klasse og jenter 2. klasse byrjar på stadion utanfor skihytta.

Gutar 2. klasse og alle 3. og 4. klassingar byrjar med å gå 2 km løypa. Etter 2 km. vert det trening på stadion.

For dei som skal smørje ski tilrår vi VR 45 Light Violet. Blå ekstra V40 vil gje litt glattare ski, medan, Lilla V50 vil gje betre feste. Det er meldt - 2 grader og lett snøfall.


Smøretips med atterhald om at veret blir som meldt.





Unngå lapp på ruta!

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jan 2016

Det er no gjort ein svært stor jobb med snøproduksjon på Langeland. Dette kostar i form av både pengar og dugnadstimar! Det er difor svært viktig at alle som brukar anlegget har orden på brukarbetalinga, anten i form av årskort eller dagskort frå automaten. Det vil vere kontrollar av dette framover. Hugs at det er brukarane, som gjennom si betaling, avgjer kor godt anlegget og tilbodet om preparerte løyper skal vere. Brukarbetaling til Langeland Skisenter er del av medlemsvilkåra i Førde IL langrenn!

Velkommen på ski!




Oppdatert Mannskapsliste til KM

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jan 2016

Her finn de oppdatert mannskapsliste for KM til helga. Ber om at alle ser gjennom denne! Legg spesielt merke til at starttidspunktet, og dermed oppmøtetidspunkt er endra for renna fredag og søndag. Dette er gjort fordi vi på grunn av eit avgrensa løypenett må bruke 30 sekund startintervall mellom løparane, i staden for 15 sekund som opphavleg var tenkt.

Vel møtt!

Mannskapslister KM 2016 Førde Langrenn (1).docx



Bendit Langrennsfestival Ungdommens Holmenkollrenn 2016

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Jan 2016

Bendit Langrennsfestival Ungommens Holmennkollrenn er eit renn for jenter og gutar i alderen 13-14 år( født 2002 -2003). Rennet har blitt arrangert av Bærums Verk sidan 1986. Mange av langrennsløparar på noværande og tidligare landslag kan vise til gode resultat frå dette rennet. Rennet føregår i Holmenkollen og ein får sjansen til å konkurrere i dei same løypene som brukast under World Cup. Eit bra arrangement i flotte omgjevnader.

Når: 20.02 – 21.02.16

Kvar: Holmenkollen

Påmeldingsfrist: 13.02.16 (Du har sjølv ansvaret for å melde deg på gjennom min idrett).

http://www.skiforbundet.no/langrenn/terminliste-la...

I samband med rennet har Førde IL langrenn framforhandla ein avtale med Thon Hotel Oslofjord i Sandvika for utøvarar med familie.

Enkelt og dobbeltrom 795,- per døgn.

Trippelrom 995,- per døgn.

Hotellet kan også tilby utøvarmeny om ein ønskjer det.

Gratis parkering.

Bestilling:

Kontakt hotellet på telefon 67 55 66 00 og oppgje Førde IL langrenn sin referansekode 24117616.

Kvar og ein bestiller til seg sjølve. Hotellet held av 12 rom til oss og reservasjon til avtalt pris må gjerast innan 03.02.16.

Vi vil råde utøvarar å kome til Oslo torsdag kveld, då vi tenkjer å prøve ut løypene i Holmenkollen fredag.

Med helsing:

Førde IL langrenn v/Ørjan Igelkjøn



Gode resultat frå Førdeløparar i helga!

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2016


Både i Norgescup junior og i Skandinavisk Cup har Førdeløparar levert gode resultat i helga.

Norgescup junior på Steinkjer


Klassisk

K17 Inga Kårstad Skaar nr. 4

M 17 Vetle Uhre Hammersvik nr. 44 og Brage Burø Sunde nr. 108

M 18 Andreas Bjørvik Fugle nr. 116

M 19/20 Adrian Helgheim nr. 135

Sprint

K 17 Inga Kårstad Skaar nr. 24

M 17 Brage Burø Sunde nr. 103, Vetle Uhre Hammersvik nr. 139 og Eirik Nordeide Berg nr. 167

M 18 Andreas Bjørvik Fugle nr. 140

M 19/20 Adrian Helgheim nr. 153

Fristil

K 17 Inga Kårstad Skaar nr. 3

M 17 Vetle Uhre Hammersvik nr. 20, Brage Burø Sunde nr. 64 og Eirik Nordeide Berg nr. 179

M 18 Andreas Bjørvik Fugle nr. 109

M 19/20 Adrian Helgheim nr. 102


Fullstendig resultatliste http://www.liveresultater.no/livesider/livesenter....


Skandinavisk Cup Østersund

15 km fristil

Torstein Bu nr. 42, Roger Øye Pollen nr. 121

16 km klassisk

Torstein Bu nr. 25, Roger Øye Pollen nr. 127

Fullstendig resultatliste http://www.oskskidor.com/scandinavian-cup-8-10-jan...



3.plass til Inga Kårstad Skaar i Norgescupen!

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2016


Gratulerer til Inga, med eit flott resultat på 5 km fristil i Norgescupen på Steinkjer i dag!

1(31)Stav , AstridIL Varden Meråker12:52,7
2(58)Skistad , Kristine StavåsKonnerud IL12:52,8+00:00,1
3(18)Skaar , Inga KårstadFørde IL12:56,7+00:04,0


SSF-Cup nr. 2 er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Jan 2016

skifigur.jpg

Det er per i dag usikkert kva tid løypenettet på Langeland er klart til bruk. Kommande helg skal det arrangerast KM på Langeland i eit svært begrensa løypenett. For å kunne tilby eit best mogleg arrangement til helga, krev dette ekstra planlegging og ressursar i førekant. Vi må difor utsette også karusellrenn nr. 2, som var sett opp tysdag 12. januar.

Vi håpar på at vi snart får natursnø i tillegg til kunstsnøen, slik at vi kan ta i bruk heile lysløypa til karusellrenn. Målsetjinga til klubben er framleis å kunne arrangere 6 karusellrenn denne sesongen. Vi kjem tilbake med informasjon og ev. nye datoar.

Oppsummert:

Karusellrenn nr. 1 og 2 er begge utsett - målsetjinga er framleis å kunne tilby 6 karusellrenn - SSF Cup 2016 i løpet av sesongen.

Informasjon om kor tid første karusellrenn blir avvikla vil bli publisert straks dette er klart.



Trening torsdag 7. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2016

Snøproduksjonen går for fullt på Langeland, men på grunn av begrensa areal er det ikkje plass til å ha store grupper på trening samtidig.

I morgon vert treninga som følgjer:

1-2 klasse møter på kunstgrasbana ved Førdehuset kl. 17.30

3-4 klasse møter på kunstgrasbana ved Førdehuset kl 17.30

5-6 klasse møter på Langeland kl 17.30 med ski for skøyting

7. klasse og eldre møter på Langeland kl 18.30 med ski for skøyting





Gjøran er folkets favoritt!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Jan 2016

Gjøran Tefre har fått suverent flest stemmer frå folket, i Firda si kåringa av årets idrettsnamn. Gratulerer!

http://www.firda.no/sport/forde/sunnfjord/gjoran-t...



Norgescup junior i Steinkjer og Skandinavisk Cup i Østersund

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2016


Kommande helg skal mange juniorar og seniorar frå klubben delta i viktige konkurransar. Det er norgescup for junior i Steinkjer og Skandinavisk Cup i Østersund. Frå Førde IL langrenn vil følgjande løparar stille:

Norgescup junior

Eirik Nordeide Berg

Andreas Bjørvik Fugle

Vetle Uhre Hammersvik

Adrian Helgheim

Åsa Lerum

Inga Kårstad Skaar

Brage Burø Sunde

Skandinavisk Cup

Oddne Håvardstun Munkvold

Roger Øye Pollen

Gjøran Tefre

Torstein Bu


Vi ynskjer lukke til!



Mannskapslister SSF-cup og KM

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2016

Etter planen skulle vi no ha godt med snø og vere klare til karusellrenn i morgon. Slik vart det dessverre ikkje. Med snøproduksjon og medgjerlege vergudar håpar vi likevel på at vi snart skal ha skiføre på Langeland.

Mannskapslister for SSF-cup 1 og 2 finn de no her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

Mannskapslister for dei resterande renna vert lagt ut etterkvart.

Dei som er oppsett på renn nr. 1 har fått melding om at denne datoen vert endra. Vi prøver å halde på oppsette datoar, og dersom det vert renn neste tysdag så er det mannskapslista for RENN 2 som gjeld.

Førde IL langrenn skal også arrangere KM i år. Dette skjer 15.-17. januar. Mannskapsliste til desse tre renna finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannska...

Som de ser skal det arrangerast mange renn på Langeland i år, og mange folk må i sving for at vi skal greie dette. I løpet av KM-helga vil minst 100 personar vere i sving totalt. Renna er viktige for å gje langrennsløparar i Førde og resten av fylket eit godt tilbod, og dei er også viktige for økonomien til klubben. Vi ber difor om forståing for at alle som har ungar på skitrening må ta eit tak for at dette skal gå rundt.

Dersom du er sett opp på dugnad ein dag som absolutt ikkje passar, ber vi om at du byter med nokon på dei andre listene og gjev beskjed til rennleiar om kven som kjem. Telefonnummer finn de på listene.

Ta også ein kikk på gjeremålslita som de finn her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13916/gjerema... I denne finn de informasjon om dei ulike arbeidsoppgåvene under eit renn.

Håpar snøen kjem og at vi snart kan sjåast til skirenn på Langeland!





Levert av IdrettenOnline