Ribberennet 2024 - Avlyst
Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Des 2024
Oppdatert informasjon, 23.12.2024
I samråd med Langeland Skisenter er det beslutta å avlyse det tradisjonsrike Ribberennet, som er terminfesta 26. desember 2024.
Avlysinga skuldast marginale snøforhold på Langeland, samt verprognosar som varslar mildvêr og mykje regn i dagane framover.
Ein har vurdert å arrangere Ribberennet som ein sprint i traseen med kunstsnø, men på grunn av dei gjeldande vær- og snøforholda er det imidlertid svært usikkert, om det vil vere mogleg å sikre tilstrekkeleg kvalitet på løypene for å gjennomføre arrangementet på ein trygg og tilfredsstillande måte.
Innbetalt påmeldingsavgift vert refundert.
Etter avtale med SPAR Førde, har vi hatt utlodning av ribbene til påmeldte i herre og dameklassen pr i dag. Dei heldige vinnerne av ribbene frå Vossakjøt er:
HERREKLASSE: David Engesæter M7
DAMEKLASSE: Ann Kristin Kusslid J14
Per i dag er det treningsforhold ved Langeland Skisenter, og vi oppmodar alle skiinteresserte til å nytte sjansen til å komme seg ut på ski før mildværet tek over.
Vi ønskjer alle ei riktig God Jul!
Mvh
Førde Langrenn
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Torsdag 26. desember 2024 inviterar Førde Langrenn til det tradisjonsrike Ribberennet.
Stad:
Langeland Skisenter
Starttidspunkt:
Kl. 13.00
Stilart:
Klassisk
Frist for påmelding:
Onsdag 25. desember 2024, kl. 18.00.
Påmelding gjer ein via Isonen.
Per i dag er det usikkert om rennet let seg arrangere grunna marginale og svært variable snøtilhøve ved Langeland Skisenter. Ved Langeland Skisenter er det lagt ut ca. 1km løype med kunstsnø, om ikkje snøforholda stabiliserar seg kan det bli aktuelt å gjennomføre rennet som klassisk sprint.
Oppdatering vert publisert på nettsidene til Førde Langrenn og skikrinsen når det nærmar seg.
Med venleg helsing
Førde Langrenn
Dugnadslister for sesongen 2025.
Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Des 2024
Dugnadslister for Karusellrenna, SSF Cup og sonerenn finn èin i lenke under her;
Samleliste kronologisk Førde-Gaular 2025.pdf
NB! Om di vakt ikkje høver set vi stor pris på om de byter internt og gir beskjed til rennleiar (tlf.nr opplyst på lista).
På førehand takk for hjelp til gjennomføring av skirenna!
Dugnadsliste for Ribberennet og Kiosk på Langeland.
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Des 2024
Dugnadsliste til Ribberennet 26.12.25 og til Kiosken på Langeland Søndager i 2025 finn èin under her.
Ribberennet 261224 kl 13.0».pdf
Dugnadslistene ligg òg under arrangement på nettsida til Førde IL Langrenn.
Resten av dugnadslisten for sesongen blir lagt ut snart. Første Karusellrenn er planlagt 7 Januar.
Takk til alle som stiller på dugnad slik at vi får arrangert skirenn for store og små😀
Overnatting i høve Ungdomens Holmenkollrenn 01-02.februar 2025
Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Des 2024
Ungdommens Holmenkollrenn er landsrenn for årsklassane 13 og 14 år i Holmenkollen (f.2011 og 2012).
Vi har holdt av rom ved Scandic Holmenkollen Park hotell - som ligg ca 5 min gange frå arrangementsområdet og er dermed ein praktisk stad å overnatte i høve dette arrangementet - i tillegg er det sosialt og kjekt om fleire bur på same staden. Vi har holdt av 8 dobbeltrom og 4 tremannsrom frå fredag til søndag.
Vi er oppmoda om å gjere felles reservasjon - dermed fint om dei som ønsker overnatting melder dette innan torsdag 12.12 (OBS KORT FRIST).
Det er viktig at foreldre sjølv husker å melde seg på. Det er refusjonsordning i regi av Førde IL Langrenn, der ein får dekka påmeldingsavgift og kr 1000 for overnatting.
Scandic Holmenkollen har eit spesialtilbod for deltakarar denne helga, som er publisert her:
https://www.ungdommensholmenkollrenn.no/overnatting/
Pris enkeltrom pr.døgn NOK 1760
Pris dobbeltrom NOK 2660, tresengsrom NOK 3990 og firesengsrom pr.døgn NOK 5300
Denne prisen inkluderer
- overnatting
- frukostbuffet, matpakkelunsj med påfyll til termos
- Middagsbuffet inkludert ei drikke (Saft, juice, vatn)
- Kornbuffet til kveldsmat
Legg inn namn, antall som overnatter og tlf.nr i kommentarfeltet på Facebook.
Individuell betaling pr familie ved avreise
Parkeringskort Langeland skisenter for 2025
Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Nov 2024
Vi viser til informasjon fra Langeland skisenter vedrørende kjøp av årskort for parkering ved Langeland skisenter. Nye prisar gjeld for 2025, der ordinær pris for årskort vert kr 950. Pris for ev bil nr 2, vert kr 300.
Førde IL Langrenn sine medlemmer får i år som tidligere, årskort til rabattert pirs. For medlemar blir prisen uendra, kr 500. Pris for bil nr 2 er ordinær pris, som for andre, dvs kr 300.
Sal av årskort for 2025 startar 1. desember.
Medlemmar i Førde Langrenn får rabatt
For å kunne kjøpe P-kort til rabattert pris, forutsetter betalt medlemkontingent/treningsavgift for seg sjølv eller eit eller fleire barn i langrennsgruppa. Langrennsgruppa har oversendt oppdaterte medlemslistar, som InPark kan nytte til utsendelse av rabattkode.
Styremedlemmar og trenere
Styremedlemmar og trenere vil få eitt gratis parkeringskort. Dette formidlast gjennom styret, og ein skal då ikkje kjøåe årskort gjennom InPark løysinga, men ha kontakt med styret om dette.
Styret, Førde IL Langrenn
Miljøsamling på Beitostølen 29. nov.- 1.des 2024
Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Nov 2024
Innkvartering: I hytter ved Knuts Hyttegrend.
Sjå http://knuts-hyttegrend.no for meir informasjon om hytter.
Transport: Organiserast privat. Avtal gjerne samkøyring.
Måltid: Vi legg opp til to felles måltid på laurdagen, og sosial samling laurdag kveld.
Frukost og middag/kveldsmat fredag kveld ordnar ein sjølv.
Treningsøkter: Gruppebasert trening etter alder.
Påmelde vil få detaljprogram for samlinga tilsendt på e-post.
Pris: Barn kr 500,-
Vaksne kr 1000,-
Pris inkluderer overnatting, to måltid laurdag, samt løypeavgift for utøver.
Påmelding: På epost til til maramshusa@gmail.com
Skriv namn på alle som blir med, og fødselsår for barn/utøvar.
Frist for påmelding: Onsdag 13. november 2024.
Påmelde får tilsendt detaljinformasjon om samlinga i god tid før samlingsstart.
Vi gler oss til å sjå både nye og kjende ansikt, og skape gode minner saman. Dette er ein moglegheit for å knyte band og dele erfaringer både på og utan ski.
Vel møtt til skisamling 😊
Sunnfjord kommune førebur seg på ekstremvêr - vi avlyser fellestrening torsdag
Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Okt 2024
Sunnfjord kommune melder på deira nettsider at som følgje av stor mengder nedbør kan det bli stor vassføring i elvar og bekkar. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller at elvar og bekkar kan ta nye løp.
Førde langrenn besluttar av omsyn til ferdsel til og frå treningar, og utendørs aktivitetar, avlyser vi trening for alle aldersgrupper torsdag 31. oktober. Ha ein fin Halloween feiring likevel :)
BLI MED PÅ SPLEIS MED FØRDE IL LANGRENN
Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Okt 2024
BLI MED PÅ SPLEIS MED FØRDE IL LANGRENN
Førde Langrenn har opprettet en Spleis-dugnad der en kan kjøpe VM luer og pannebånd.
Dette er en digital dugnad hvor Spleis sender alle produktene direkte hjem til de som kjøper, så du trenger bare å spre ordet for at dugnaden skal lykkes. Hjelp Førde Langrenn med dugnadsarbeidet og få samtidig kjøpt fine VM produkter til julegaver til heile familien.
For å delta må du:
- Gå inn på lenka: https://spleis.no/bli-deltaker/393020/32885f96
- Logge inn eller registrere deg på Spleis
- Legge inn namn og bildet til deltakeren for å opprette en personlig salgsside - enkelt og greit!
- Dele salgssiden med venner, familie og andre støttespillere
Ein kan på samme side kjøpe ski-vm lue, ski-vm pannebånn eller donere ei valfri sum. Alle produktane vert sendt fraktfritt til heile Noreg så du kan til og med selge til slekta på andre siden av landet
Takk for innsatsen!
Helsing Førde IL Langrenn
Bestilling av klubbkle for Førde Langrenn utøvere
Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Okt 2024
Nettbutikken for kjøp av klubbkle er nå åpen! På klubben sin webshop kan ein bestille ulike typer kle for utøvere i alle aldre. Der er eigen juniorkolleksjon, samt ulike typer drakter av ulik kvalitet. Ein kan også bestille refleksvest og drikkebelte med klubblogo på.
Webshop er åpen til 27. oktober!
Etter denne dato, er det ikkje mogleg å bestille klubbkle. Levering vert før jul, ca 13. desember.
Her følgjer informasjon om bestillingsprosedyrer fra Trimtex:
VIKTIG informasjon før pålogging - Trimtex har nå lansert en ny versjon av våre Teamshops og om det er første gangen du bestiller fra oss må du opprette NY KONTO før du kan logge inn.
Du får tilgang til din teamshop ved å logge inn eller opprette ny konto på denne linken.
Etter du har logget inn legg så til teamkoden: fordeillangrenn-1613 for å besøke din teamshop.
En veiledning for hvordan du oppretter ny konto, logger inn og legger til din teamshop finner du på denne linken.
Bestillingsfrist: 27/10/2024
Etter å ha fullført et kjøp i teamshoppen vil du motta en ordrebekreftelse.
Det er viktig å bestille innen tidsfristen. Vi kan dessverre ikke legge til ordre som kommer inn etter teamshop er stengt.
ENIVEST skiskule og rulleskirenn
Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Okt 2024
ENIVEST Rulleskirenn 2024
For påmelding: https://isonen.no/event/cm0li6hx502edubrub7fjhds9/
Vel møtt!
Velkommen til ny langrenssesong
Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Okt 2024
Førde Langrenn ønsker alle langrennsglade barn og ungdommer velkommen til ny sesongstart. Vi starter opp igjen fellestreninger fra uke 42, like etter haustferien. Førde langrenn har tilbud for barn, unge og vaksne frå 1 skuleklasse og oppover.
Vårt tilbod for hausten og vinteren vert som følgjande:
1 - 4. klasse: Innandørs trening i hallen ved Sunde skule kvar torsdag kl 18-19. Dersom det vert mange barn, kan det vere at nokre av treningane vert halde utandørs. Møt opp på første trening:
torsdag 17. oktober kl 18. Dersom 4. klassingane har veldig lyst å prøve rulleski, kan dei få vere med gruppa 5-7 klasse (sjå under).
5 - 7. klasse: Utendørs rulleskitrening i Hafstadparken kvar torsdag kl 18-19. Møt opp i god tid før start ved parkeringsplassen på venstre side. Her stenger vi av et større område og rigger for fin rulleskileik. Ein treng ikkje eigne rulleski, klubben har eiget utstyr for barn til utlån. Ta med:
- Skisko (om du ikkje har, er det høve å låne ved BUA)
- Sykkelhjelm
- Refleksvest
- Staver (ikkje viktig)
Det er også opent for veksling mellom yngste og eldste gruppe for dei som ønskjer å prøve rulleski. Dersom barna aldri har prøvd rulleski før, er vi takksame for at foreldre er tilstede på treningane.
8 - klasse opg eldre: Utøverene har hatt treningsøkter siden sommarferien med mykje fokus på rulleski. Frå veka etter haustferien, tek vi til med basistrening på beina og med styrke. Vi gjennomførar treningane:
- Mandager: Gjeld dei ved impuls og krinslag (frå 2010 og eldre). Basisøkt i lag med Førde Alpin på Spenst idretssenter. Oppmøte ved Spenst kl 16.30 kvar mandag fram til jul.
- Tysdager: Intervalløkt på vegen opp Hafstadfjellet, med oppmøte på BUNNPRIS Bruland kl 18.
Ta alltid med
- stavar, med mindre anna er oppgitt på FB.
- Hodelykt
- Refleksvest
- Torsdager: Hurtighet, spenst og intervaller + basis/styrke ved Sunde skule, oppmøte kl 18. Vi er først ute ca 1 time, før vi går inn og har styrkeøkt innendørs. Øktene vert avslutta ca kl 20-20.30.
Det er veldig kjekt med ALLE vaksne som har lyst å delta ved fellesøktene gjennom hausten. Dette er knallharde intervalløkter og mykje god sosialisering.
STRAKS SNØEN KJEM FLYTTER VI TRENINGA FOR ALLE TIL LANGELAND SKISENTER
PÅMELDING TIL TRENING: Vi oppmoder alle til å melde seg på treninga elektronisk gjennom lenke øverst i menyen (og under her). Dette gjeld både nye og gamle utøvere. Alle medlemmer i Førde Langrenn må også vere medlemm i Førde IL hovudlaget.
PÅMELDING TIL TRENING
Alle er velkomne på trening, og dersom ein ønskjer prøve treningane før ein melder seg inn, går dette heilt fint.
MEN EG VEIT INGENTING OM LANGRENN? Vi vet at Langrenn er ei utfordrande aktivitet på grunn av kostnad og at mange foreldre syns det er vanskelig å få kunnskap om utstyr og smøring. Førde Langrenn har difor registrert seg som del av FRITIDSKORTORDNINGA, samt at vi ønskjer formidle kjøp og sal av BRUKT skiutstyr. Vi tilbyr også gratis SMØREHJELP ved alle lokale renn. Vi ønskjer å inkludere foreldre i gruppa, ved deltaking som hjelpetrener, samt tilby smørekurs (gratis).
FRITIDSKORTORDNINGA: Førde Langrenn er registrert som del av Fritidskortordninga. Fritidskortet er eit tilbod til born og unge i låginntektsfamiliar med bustadadresse i Sunnfjord kommune. Kvart barn kan få ein gratis fritidsaktivitet kvart år. Fritidskortet bidrar til å dekke utgifter til medlemskap og aktivitetsavgift. Sjå meir informasjon på Sunnfjord Kommune sine nettsider:
Kva skjer? - Treningsstart, rulleskirenn og Enivest skiskule
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Aug 2024
Vel overstått sommerferie! Her er ein oversikt over aktiviteter for Førde Langrenn i løpet av hausten 2024. Vi ser framt til ein aktivitetsfylt haust og håper på god deltaking ved treningar, samlingar og at sjølvsagt at snøen kjem tidleg i år!
Fellestreningar: Fellestrening for utøvere fødd 2011 og eldre starta opp frå tysdag 20 august. Det vert eindel rulleski aktivitet fram til haustferien. Minner om Rulleskivettreglane! Alle må ha hjelm og godt synlege kle. Refleksband er ikkje godt nok i dagslys. Dei som er under 15 år, bør ha med seg vaksen på økta, spesielt når denne er på trafikert veg.
Fellestreningar frå 1.klasse til 7. klasse starter opp frå haustferien. Vi vil legge ut informasjon om innmelding og treningstidar i vekene framover som kjem. Det vert også lagt opp til rulleskiaktivitet for dei yngre gruppane slik som i fjor.
Rulleskirenn: Det vert 3 terminfesta rulleskirenn ved Langeland ski- og fritidssenter i løpet av hausten.
Tysdag 27. august kl 18: SPENST Rulleskirenn - Rulleskirenn Langeland (skiforbundet.no)
Laurdag 14. september: VEIDEKKE Rulleskirenn
Søndag 13. oktober: ENIVEST Rulleskirenn
For klasse 11 år og eldre går rennet i rulleskiløypa, for yngre årsklassar blir det moglegheit for å prøve aktitivtet på rulleski, samt ei rakettløype på stadion med startnummer på brystet.
Samlingar: Miljøsamlingar er viktige sosiale treff der vi møtast for gode treningsøkter og sosial aktivitet. I løpet av hausten vert der arrangert fleire samilinger som er aktuelle for våre utøvere:
Miljøsamling langeland skisenter søndag 15. september: Arrangerast i lag med Gaular Langrenn som ei dagssamling der heile skikrinsen vert invitert. Legg merke til at Veidekke rulleskirenn vert arrangert dagen før, så set av helga for mykje bra aktivitet for alle aldre. Under rulleskirennet vert det også aktivitetsløyper for dei yngre klassane.
ENIVEST Skiskule haustferieveka: 11-13 oktober samlar Gjøran Tefre og Enivest skiskule håpefulle skiløparar i alderen 11-16 år for den tradisjonelle skiskulen, som no vert arrangert for 8. gong. Dette vert ein sosial arena der unge skiløparar frå heile skikrinsen kan møtast, trene saman, utvikle seg og bli inspirert av dyktige trenarar som Gjøran har med seg. Skiskulen tilbyr overnatting på hotell for dei som ønskjer, og mykje sosial aktivitet på kveldane med fellesmåltid. Sjå meir informasjon som publiserast på nettsidene til skikrinsen: Sogn og Fjordane Skikrins (skiforbundet.no)
Miljøsamling Beitostølen: Første helgen på SKI!! Ved Beitostølen skisenter, er det tidleg vinter. Førde langrenn har i fleire år hatt tradisjon for ei kjekk miljø- og treningssamling for utøvere i alle aldersgrupper, samt foreldre. Set av helga 29-november til 1. desember, då dette truleg vert den mest aktuelle helga for denne samlinga. Meir info kjem!
Klubbkle: Førde langrenn har avtale med Trimtex sporswear. Dette er treningsklede i god kvalitet, der det er høve å velge mellom ulike typer overtrekksklede, konklurransedrakter, t-skjorte og shorts, boblejakke og vester, og mykje meir. Klubben sin web-shop er berre open nokre veker tidleg på hausten, då vi må bestille klede samla. Vi reknar med at web-shop opner rundt haustferieveka, så følg med på nett og i sosiale medier.
Skirenn: Vi gler oss alle til snøen kjem!! Første skirenn på Langeland skal etter planen vere Ribberennet den 26. desember. Karusellrenna startar opp like over nyttår, og vi håper like god deltaking blant dei aller yngste som vi hadde i fjor. Vi ser fram til ein vinter med mykje skileik og moro på skistadion.
SMØREKURS: Er skiboden din eit kaos? Har du oversikt over barnas og eigne ski? Har du fylt smørekofferten med det essensielle? Førde Langrenn tilbyr smørekurs for nybyrjarar. Du treng ikkje kjøpe alt som ligg i butikkhylla! Vi hjkelper deg med eit lite, men essensielt utval av skismurning og gliprodukt. Vi hjelper deg også med korleis du legg dette på skia. Smørekurs er sjølvsagt GRATIS! Vi annonserar tid og stad, snarleg :) Og frykt ikkje! Det vert smørehjelp på skirenna påLangeland i år også!
Informasjonskanalar: Førde langrenn nyttar heimesida, samt Facebook og Instagram for publisering av nyheitar og arrangement/aktivitet. Føl oss på desse kanalane for meir informasjon. For medlemmar, har vi ei lukka gruppe for utøvarar og foøresatte, der ein kan be om medemsskap. Det krevast at ein har barn som deltek, eller er sjølv utøvar for å vere medlem av gruppa.
Førde langrenn Facebook side
Førde Langrenn instagram
PREMIEFEST søndag 9 juni
Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Mai 2024
Førde Langrenn inviterer til premiefest for utdeling av sammenlagtpremier og ski/merkerenn for sesongen 2023/34 med grillmat og kaker.
Tid: Søndag 9. juni kl 17-19
Sted: Langeland ski-& frtitidssenter
Program: Dette blir en sosial avslutning på helgen der foreldre og barn tar søndagsmiddagen på Langeland og feirer med premieutdeling og kaker.
Dugnadsliste blir publisert på FB snarlig.
VEL MØTT
Styret i Førde Langrenn
Bli med på Sognefjellet Sommarskiskule 2024
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Mai 2024
Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til den supre og sosiale
Sognefjellet Sommarskiskule 24.-28. juni 2024!
Sommarskiskulen går over fem dagar, 24.-28. juni (måndag-fredag) på Sognefjellet og i Skjolden. Samlinga er ei svært god sosial hending som samlar skiglade barn og unge fra heile regionen. Det blir mykje leik og aktivitet på snø, og kanskje du ser landslaget der oppe også??
Sommarskiskulen er for aldersgruppa 11-16 år (født f.o.m. 2013-2008).
Det blir lagt opp til skiøkter ved Sognefjellet Sommarskisenter tre av dagane i lag med kvalifiserte trenarar, og elles anna kjekk aktivitet og trening i Skjolden.
SJÅ PÅ NETTSIDA FOR DETALJERT INFORMASJON OG LENKE TIL PÅMELDING!
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/sognefjellet-sommarskiskule/
Påmeldingsfrist 2. juni.
Treningsplan eldste gruppe frem til sommerferie
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mai 2024
Fellestrening for guter og jenter fødd 2011 og eldre starter opp fra tysdag 21. mai. For dei yngste er det kjekt om foreldre kan delta ved treninga også, då vi har begrensa trenerressurser. Første økt vert på idrettsbane ved Førdehuset. Vedlagt her ligg program for fellesøkter fram til skuleferien.
Det vert lagt opp til både løpsøkter og rulleskiøkter. Dei fleste av rulleskiøktene vert lagt andre stader enn Langeland skisenter, som til dømes Angedalen, Sundsdalen eller Haukedalen. Dette er på trafikkert vei. Vi henviser her til rulleskivettreglene (https://www.tryggtrafikk.no/ga/rulleskivettreglene/). Born under 15 år bør ikkje gå rulleski på trafikkert veg (med mindre dei har ei foresatt til følgje). Det vert meir rulleskiaktivitet på Langeland over sommeren.
Hjelm og sterkt synlege klede (som t.d. refleksvest) er påbudt. Refleksband er ikke godt nok aleine i vanleg dagslys. Dersom nokon manglar dette, vil dei ikke kunne delta ved treninga.
Trenere deltek ved treningane tysdag og torsdag. Laurdagstreninga er forslag til økt med oppmøte tid/stad. Ein oppmoder til at utøverene avtalas innbyrdes. Foreldre er velkomne til å delta ved alle fellestreningar.
Førde Langrenn vil melde på lag til Helse Førde stafetten. Vi legg ut info om dette i eget skriv.
Vel møtt på trening!
TRENINGSPLAN MAI 2024:
TRENINGSPLAN JUNI 2024:
TRENINGSPLAN: treningsplan-førde-il-24-25 (2).xlsx
Innbyding SSF Cup Finale 2024
Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2024
Førde IL Langrenn og Gaular Langrenn inviterer til SSF Cup finale ved Langeland Ski og Fritidssenter laurdag 6. april, med første start kl 12.
Stilart: Fri teknikk.
Det er tid for avslutning av langrennssesongen, og SSF Cup finale!
Stad: Langeland Ski & Fritidssenter
Tid: Laurdag 6. april kl 12.00
Påmelding: Via iSonen, påmeldingsfrist torsdag 4. april kl 23.59
Påmeldingslenke: https://isonen.no/event/clpqrl91n009e10ec2deqmxel/
Invitasjon: Innbyding SSF Finale 060424.pdf
Mannskapsliste: Dugnadsliste SSF cup finale 2024.pdf
Løyper: På grunn av snøforhold, må vi nytte kuntsnøløypar for laurdagens arrangement. Sjå billedutsnitt under med løypekarto og forklaring for dei ulike distansane.
Vel møtt!
Med venleg helsing
Førde Langrenn/ Gaular IL
Spennende helg med mange gode prestasjoner og fleire pallplasser
Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2024
I helgen hadde Førde Langrenn 7 utøvere (G/J 15 og 16 år) med på Hovedlandsrennet på Gålå, og to seniorutøvere på ScanCup i Trøndelag. Her er det snakk om ei super helg med historisk gode prestasjoner.
Othilie med ei sterk 10. plass fredagen!
På hovudlandsrennet deltok følgjande frå Førde Langrenn:
- Ida Frøysland, J15
- Even Bjørkhaug, G15
- David Husa, G15
- Andreas O. Lundekvam, G15
- Othilie B. Thorsen, J16
- Amanda Rørvik, J16
- David Engesæter, G16
På Scancup i Hommelvik stilte både Gjøran tefre og Ivar Nistad til start for Førde. Gjøran fekk ein solid 2. plass søndag på 10 km Friteknikk. I denne artikkelen omtalar vi primært Hovedlandsrennet på Gålå.
Ida Frøysland på veg ut frå stadionområdet fredag
Fredag vart det arrangert distanserenn i fri teknikk. Othilie B. Thorsen slo her til med en 10. plass som beste notering frå Førde. Ida Frøysland (nr 30) og David Husa (nr 36) syner også solide prestasjoner. Jevnt over bra innsats med alle utøvere i øvre resultathalvdel.
Amanda Rørvik på veg ut frå start
Laurdag vart det arrangert sprint prolog, men kvalifisering av dei 30 beste til kvartfinale heat. Heile 4 utøvere kvalifiserte seg frå prolog (Andreas, David, David og Othilie). David Engesæter gjekk også videre til semifinale, men vart uheldig under sporveksling og fekk ikkje kvalifisering til finale.
3 av gutta gjekk videre til kvartfinale under sprintrennet
Laurdag varet det også arrangert langrennscross etter at sprint finaleheat vart ferdigstilt. Spennede løype med mykje artige elementer. Gode prestasjoner frå Førde, med heile 4 utøvere blant topp 25 (Othilie, David, Andreas og David). Othilie slo til med sølvmedalje!!! Dette er historisk i Førde IL samanheng!!
Even gjer jernet under langrennscross!
Søndag stilte S&Fj med 3 stafettlag. Dessverre vart ikkje det tredje laget fulltallig, og får dermed ikkje plassering. Jentelaget med Othilie (1), Ida (2), Olina Heggdal (3) og Amanda (4) gjekk inn til ein solid 17. plass av 76 lag. Gutelaget med David E (1), David H (2), Even (3) og Vebjørn Mundal (4) fekk ein super 24 plass av 105 lag.
Nøgde stafettgutar
Om nokon skulle vere i tvil, så må det seiast at smøreteamet frå Sogn & Fjordane gjorde ei serdeles fløott jobb. Det å vere ein del av smøreteamet vil seie jobb frå tidleg morgon til seint på kveld dei fleste dagane. Hovudlandsrennet har vore strengt regulert sei siste to åra med kor mange smørere krinsen får stille med, og kva produkter som skal nyttast. Det er et sterkt fokus på at utøverene skal stille på like premisser, og alle skal nytte dei same glidprodukta. Festesmøring kan justerast individuelt ut frå eit gitt produktsortiment. Kompetanse er likevel gull verdt, og der har vi flinke folk!
Blide smørere med klister i håret!
Innbyding Karusellrenn 5 - Langrennscross, tysdag 12. mars
Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2024
Innbyding karusellrenn 5 Langrennscross - 120324.pdf
mannskapsliste karusellrenn 5.pdf
Løypekart Langrennscross:
Innbyding til SSF Sonerenn - Langrennscross
Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2024
Arrangementet vert gjennomført som intervallstart, men høve for å gå fleire runder om ein ønskjer.
Årsmøte Førde IL Langrenn 2024
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2024
INNKALLING TIL ÅRSMØTE FØRDE IL LANGRENNSGRUPPA
Styret ønskjer alle hjarteleg velkommen til årsmøte i langrennsgruppa! Håper så mange som mogleg har høve til å stille.
STAD: Langeland Skisenter (nye arenabygget)
TIDSPUNKT: Onsdag 13. mars 2024, kl. 18-20.30
FRIST FOR INNMELDING AV SAKER:
Saker som eit medlem ynskjer skal handsamst i samband med årsmøtet, sendast styret seinast måndag 4. mars 2024, til bjorkhauganders@gmail.com
Sjå vedlagt saksliste:
Oppdatert innkalling med årsmelding, resultatrapport økonomi og forslag til budsjett 2024:
NorgesCup helg og HL skiskyting
Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Feb 2024
I helga har det vore store arrangement i ulike deler av landet. I Granåsen, Trondheim vart det arrangert NM sprint og NC distanse for juniorar i langrenn. På Lillehammer vart det skutt og kjempa om gjeve plasser under HL skiskyting for G/J 15 & 16 år.
NC Granåsen: Fredag vart det arrangert NM sprint klassisk stil. Førde Langrenn hadde 13 utøvere påmelde til start på det meste. Samla sett hadde krinsen 19 utøvere til start. Jenny og Aurora kvalifiserte seg til kvartfinaler, men gjekk dessverre ikke videre herfra.
Været i Trondheim/Granåsen er prega av vestlandsveir. Dette fekk vi erfare laurdag, med null grader og tette snøbyger. Skikrinsens smørarar gjorde ei framifrå jobb, med solide ski for distanse klassiskrenn.
Søndag vart det arrangert distanserenn med fellesstart for M og K 17-18, og individuell start for eldre junior. Med blå himmel og10 minus, vart det god glid og helg fast i sporet. Mange av utøverne har markert seg med nokre av dei beste resultata dei har hatt i karrieren. Og nokre av oss er nyleg tilbake etter lang tids skadeavbrekk, og har første store konkurranse på lang tid. Vi bør nemne:
- 8 topp 50 plasseringar, med 17. plass (Aksel), 25.plass (Niklas) og 34. plass (Jenny) som dei beste.
- 5 utøvere tok NC poeng, der Jenny tok poeng alle dagane
- Ludvig, Thomas og Rebekka var rimeleg nær NC poeng, og vi hadde vel totalt 25 plasseringar blant topp 100 i alle klassene.
Hovedlandsrennet Skiskyting Lillehammer 2024: Ida Frøysland, J15, frå Førde Langrenn var med i HL skiskyting i helga,. Det vart gjennomført langrennscross (4km) med strafferunder fredag, distanserenn (6km) med tidstillegg for bom laurdag og stafett (krinslag) søndag, der Ida hadde første etappe.
Etter litt bom på skytinga fredag, satt alt laurdagen, der Ida fekk ein solid 4. plass av over 50 løparar i klassen. Ei solid prestasjon! Skiskytarjentene frå S/Fj fekk ei 5te plass på stafetten med til saman 3 strafferundar på laget. Ida går fort i sporet, og skal også være med på HL langrenn på Gåløå om 2 veker. Vi gler oss til å følgje med!!
Innbydelse Karusellrenn 4 Fri teknikk - Lagsmeisterskap og merkerenn
Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Feb 2024
Tysdag 13. februar inviterer Førde IL og Gaular IL til lagsmeisterskap og merkerenn i friteknikk v/ Langeland Skisenter. Arrangementet er også merkerenn (se vedlagt informasjon)
Innbyding og forklaring merkerenn: Innbyding lagsmeisterskap fri teknikk og merkerenn 130224.pdf
Påmelding: https://isonen.no/event/clsdcn9u300vc13ykttlpyqkt/
Mannskapsliste: Mannskapsliste karusellrenn 4.pdf
Innbydelse karusellrenn 3 - tysdag 6. februar 2024
Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Feb 2024
Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF karusellrenn nummer 3 på Langeland Skisenter tysdag 6. februar 2024
Stilart: KLASSISK TEKNIKK – Første start kl. 18.00
Påmeldingsfrist: Mandag 5. februar kl 18!
Løyper: Standard løyper vert nytta (lysløypetrasé)
Det vert tilbud om smørehjelp (feste) på stadion. Ski må leverast i god tid før start 45-60 minutt.
Dette skjer i garasjen på det nye arenabygget.
Sjå ellers link til påmelding, innbyding og mannskapsliste under.
Innbyding: Innbyding Karusellrenn 3 - 2024.pdf
Mannskapsliste: Mannskapsliste karusellrenn 3.pdf
Lenke til påmelding: SSF Karusellrenn 3 Klassisk - iSonen
NorgesCup og OBOS Oslo Skifestival
Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Jan 2024
I helga var fleire Førdeløparar på reise i Norge. 2 store arrangement tok sted på austlandet. Dette var sesongens første Norges Cup, som vart arrangert i kalde temperaturer på Lygna, samt OBOS Oslo Skifestival, i Holmenkollen, med ekte Kollentåke.
Total 11 Førdeløparar deltok ved sesongens første NorgesCup for juniorar og 2 utøvere Desse var:
K17 | Rebekka otternes Lundekvam Aurora Furnes Degnepoll Jenny Bjørkhaug |
M17 | Sivert Høyvik Steffen Vårdal Helle |
M18 | Niklas Bosdal Torsen Ludvig Rørvik |
K19/20 | Guri Line Brekke Lydia Årdal (Jølster) |
M19/20 | Aksel Bjørkhaug Stian Vårdal Helle Erik Litsheim |
Grunna sykdom og anna ymse, stilte ikke alle løparar til start alle dager. Proft smøreopplegg i regi av skikrinsen gav gode ski under svært kalde forhold. 2 løparar sikra seg NC poeng, med beste plassering i helge med ein 30. plass (Niklas) og 38. plass (Aksel).
For 5 av utøverne var dette første møte med NorgesCup for juniorar. Det er dette dei har hatt fokus på gjennom sesongen, og spenningen er sjølvsagt stor. Med kuldegrader ned mot 17-18 minus, er dette også ei stor påkjenning på kroppen, og dei tek med seg gode erfaringer fram mot neste NC i februar i Trondheim.
For eldste juniorgruppe (menn og kvinner 19/20) vart rennet laurdag (15km friteknikk) gjennomført med fellesstart. Med over 100 påmeldte i K19/20 og over 180 påmeldte i M19/20, var det eit lite under for dei som gjennomførte utan stavbrekk og anna uhell. Spennande arrangement syntes dei fleste.
Skikrinsen syter alltid for god support på stadion, både medløypegjennomgang, skiprepp og sekundering. Det er ei oppleving å få delta ved slike nasjonale renn.
OBOS Oslo skifestival: Othilie Bosdal Thorsen og David Engeseter har i helga førebudd seg mot Hovedlandsrennet 2024 med å delta ved Oslo Skifestival laurdag og søndag. 5 km fri i kaldt, flott vinterver laurdag. Jaktstart klassisk søndag i Kollentåke og lett snødrev.
Othilie og David deltok saman med ungdommar frå heile landet. Med nær 100 til start i kvar klasse, har begge to hevda seg svært sterkt blant topp 20 beste. Det blir svært spennende å følgje med resultater for desse to ved Hovedlandsrennet på Gålå i mars.
Skifestivalen er eit flott arrangement som absolutt kan anbefalast!
SSF KM-helg Hodlekve med bankett
Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Jan 2024
26.-28. januar 2024 har Sogndal IL gleden av å ønskje velkomen til Hodlekve Skisenter og krinsmeisterskap i langrenn. Det vert gjennomført KM friteknikk, KM sprint og KM klassisk, samt bankett med premieutdeling desse dagane.
OBS: Påmeldingsfrist 19. januar!
Sjå deltajlar for program og informasjon på skikrinsen sine nettsider: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2024/1/ssf-km-helg-hodlekve/
BANKETT: I samband med krinsmeisterskapen vert det invitert til bankett med middag, sosiale samvær, og premieutdeling for KM friteknikk og KM sprint på Quality Hotel Sogndal laurdag 27. januar frå kl. 18:00. På banketten vert det premieutdeling for klasse 11 år og eldre (KM-medlajar frå klasse 13 år og eldre).
OVERNATTING: Skikrinsen har holdt av rom ved Quality Hotel Sogndal , sjå nettsida for meir informasjon.
Innbydelse karusellrenn 2 - 16. januar 2024
Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2024
Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF karusellrenn nummer 2 på Langeland Skisenter Tysdag 16. januar 2024
Stilart: KLASSISK TEKNIKK – Første start kl. 18.00
Påmeldingsfrist: Mandag 15. januar kl 18!
NB ved påmelding etter frist, vert det krevd dobbel startkontigent (kr 100 eller 150 avhengig av klasse).
Løyper: Standard løyper vert nytta (lysløypetrasé)
Det vert tilbud om smørehjelp (feste) på stadion. Ski må leverast i god tid før start 45-60 minutt.
Dette skjer i garasjen på det nye arenabygget.
Sjå ellers link til påmelding, innbyding og mannskapsliste under.
Innbyding Karusellrenn 2 - 2024.pdf
Mannskapsliste karusellrenn 2.pdf
Lenke til påmelding: SSF KARUSELLRENN - 2 Klassisk | iSonen
Vel møtt til skirenn!
Startlister, tidsskjema og løypekart for sprint og distanserenn
Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2024
Førde og Gaular ønskjer velkommen til Sprint og Distanserenn søndag 7. januar 2023. Her har vi publisert oversikt over tidsskjema for morgendagen, med forklaring på korleis sprint vert gjennomført med prolog og heatfordeling, samt løypekart for sprintrenn og distanserenn.
For aldersgruppa 11 – 12 år og 13 – 16 år: Rennet gjennomførast med prolog, og deretter skal alle gå to heat. Sjå forklarande fil under med tidsskjema og gjennomføring for detaljer. Sjå løypekart under.
Tidsskjema og forklaring gjennomføring og poengberekning sprint:
Gjennomføring sprint med poeng.pdf
For juniorar og seniorar: Rennet gjennomførast som distanserenn i såkalte NorgesCup trasé (frå NorgesCup for seniorar i 2021). Sjå kart under. Dei som går 10km skal gå 2 rundar, og dei som går 15km skal gå 3 rundar. Stravasegment for løypa: https://www.strava.com/segments/27020636
Startlistar sprint prolog 0 til 16 år: https://live.eqtiming.com/69823#dashboard
Startlistar for distanserenn junior og senior: https://live.eqtiming.com/70044#dashboard
LØYPEKART med forklaring
Sprintløype kort (ca 450m): Løype for 11-12 år (prolog + heat). Løypen går til venstre før brua på stadion. Tar så til høyre inn på nye skiskyttar standplass, gjennom denne og ut i skogsløypa mot nord. Følger så oppløpet ned over kul/bru inn på stadion og følger oppløp mot mål.
Sprintløype lang (ca 800m): Løype for 10 år og yngre (går kun prolog) og 13-16 år (prolog + heat). Denne følger løypa opp over brua fra stadion. Kutter over i møtande løype, og følger svingen ned under brua. Følgjer så same løype som kort løype, til venstre inn gjennom skiskyttar standplass, gjennom skogen og så inn på oppløp.
Distanseløype 10km og 15km: Denne følgjer NC trasé som nemnt over. 10k går 2 runder, 3km går 3 runder. Det vert sett opp mellomtidsstasjon ved ca 2,8km og ved brua på stadion. Det er også sett opp markering for kvar KM.
Innbydelse Karusellrenn tysdag 9. januar
Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Jan 2024
Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF karusellrenn på Langeland Skisenter Tysdag 9. januar 2024
Stilart: FRI TEKNIKK – Første start kl. 18.00
Påmeldingsfrist: Mandag 8. januar kl 18!
Løyper: Standard løyper vert nytta (lysløypetrasé)
Det vert tilbud om smørehjelp (glid) på stadion. Ski må leverast i god tid før start 45-60 minutt.
Dette skjer i garasjen på det nye arenabygget.
Sjå ellers link til påmelding, innbyding og mannskapsliste under.
Innbyding Karusellrenn 1 - 2024 (1) (1).pdf
Mannskapsliste karusellrenn 1 2024.pdf
Lenke til påmelding: SSF KARUSELLRENN - 1 Friteknikk | iSonen
Vel møtt på tysdag!
Førde Langrenn og Gaular Langrenn inviterar til SSF Krinsrenn Langeland
Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Jan 2024
Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF sprint- og distanserenn ved Langeland skisenter søndag 7. januar 2024.
Søndag 7. januar 2024 er det klart for krinsrenn på Langeland skisenter.
For klassane 11-16 år blir det sprint friteknikk, og for junior- og seniorklasse blir det distanserenn friteknikk. Sjå innbyding for nærare informasjon om distansar. Under finn du innbydelse, mannskapsliste, link til påmelding og oversikt med løypekart.
Distanseløypene vil følge FIS løyper som vart nytta under NC for seniorar 2021. Denne sløyfa er 5km. Dei som går 10km går to runder, og dei som går 15km går 3 runder. Sprintløypene foregår hovudsakleg på stadion. Løypekart vert etterpublisert.
Følg lenke til påmelding under. Påmeldingsfrist fredag 5. januar.
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=749099790
Innbyding SSF Sprint- og distanserenn 070124.pdf
Mannskapsliste SSF sprintdistanse.pdf
Løypekart 5km FIS løype: