Treningsøkter 7kl og eldre, barmark desember

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Nov 2020

Vedlagt er oppdatert treningsplan for eldste gruppene vekene framover. Om det vert snø på Langeland, flyttast treningane dit. Informasjon vert då publisert på sosiale medier.



Prorgam og gruppedeling for miljøsamling 27-29 november

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Nov 2020

Helgen nærmer seg, det blir fart, spenning og endel sosialt, men i trygg corona-ånd. Her kjem eit oversiktlig program for helgen, samt informasjon gruppedeling og deltakerliste. Vi har lagt opp til rulleskiøkt for alle fredag ettermiddag. Vi forventer ikkje at dei yngste i gruppene har eige utstyr, eller har prøvd rulleski tidlegare. Dette er ei introduksjonsøkt i trygge område, og det vert høve til å låne rulleski på Langeland. Ta med eigne stavar og sykkelhjelm. For den yngste gruppen vert rulleskia mest brukt utan stavar.

Her er kort utkast for program. Sjå PDF-vedlegg lenger nede i saka for detaljert program og gruppedeling

Fredag 27. november: Vi møtast kl 17.30 på Langeland skisenter. Rulleski for alle, HUGS HJELM!

                                                

Laurdag 28. november:  
Formiddagsøkt: Vi møtast kl 10 på Langeland skisenter. Rulleski for dei to eldste gruppene, og barmarkstrening for dei yngste.
Ettermiddagsøkt: Kl 13.30 på Gokartbana i Kråkenesmarka for alle gruppene i lag.
Kveld: Sosial happening for alle utøvarane på Peppes. Nærare info om tidspunkt og grupper vert informert om på formiddagsøkten på laurdag. 

                                                

Søndag 29. november: 
Oppmøte Sunnfjord Hotell kl 10. Roleg langtur på beina med øktvarigheit ca 1 time på dei minste og 1,5-2t på eldste gruppe. 
Foreldresamling: Sunnfjord Hotell konferanselokale frå klokka 10-12.
Tema: Skadeforebygging hos idrettsungdom
Foredragsholdere: Marit Smørdal og Aud Vassbotten, som begge er fysioterapeuter tilknyttet Skadefri.no. OBS - krever påmelding.                                     

    

                                   

    



Miljøsamling for Førde Langrenn 27-29 november

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Nov 2020

Dessverre måtte Førde langrenn avlyse planlagde miljøsamling på Beitostølen av omsyn til smittevern og nasjonale tilrådingar. Vi i Førde Langrenn ønsker derfor å invitere utøvere og foreldre til eit godt lokalt alternativ der det sosiale står i fokus.  


Vi har lagt opp til ei barmarkssamling med gode treningsøkter, fart og spenning og sosiale aktivitetar. Blant anna kan vi røpe at gokartbana of bowlinghallen stiller seg disponible for klubben denne helgen. Vi har også lagt opp til ei foreldresamling søndag med godt fagleg påfyll. Sjå vedlagte dokument for detaljar og påmelding: 
Invitasjon Førde Langrenn nov 2020.pdf



I skrivende stund daler snøen ned. Om vi er heldige, kan vi endre planen til nokre flotte skiøkter denne helga, men dette held vi førebels opent. Vi håper så mange som mogleg har høve til å melde seg på. 

PÅMELDING: send e-post til yngve.thorsen@coop.no for påmelding. Send info med navn og fødselsår på alle utøvere som skal være med, og navn på foreldre som vil delta på foreldresamling på søndag.


Vi ønsker påmelding for alle aktiviteter, inklusive foreldresamling          

Påmelding innen mandag 23.11.20 

                                   

    



Brukarbetaling på Langeland til redusert pris!

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Nov 2020

Brukarbetaling på Langeland vert mellom anna nytta til løypekøyring og anna vedlikehald av anlegget. Prisane for sesongen 2020/2021 er som følgjer:

  • Årskort 800,- kr
  • Dagskort 75,-kr
  • Årskort for aktive medlemmer i Førde IL langrenn 500,-kr

Den rabatterte prisen for våre medlemmer føreset at ein betalar treningsavgift og årskort innan 30.11.2020 For å få tilsendt faktura for brukarbetaling og trening må de melde på til trening via denne lenka https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13979/trening. Dette kan de gjere allereie no!  

Sidan Langeland Ski og Fritidssenter no er eit heilårsanlegg, med rulleskiløype, er det innført brukarbetaling heile året.



Klubbveke på Intersport 17-19 November.

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Nov 2020

I veke 47 vil det vere klubbveke på Intersport tirsdag, onsdag og torsdag.

Medlemmer i Førde IL Langrenn får då 30%

Rabatten gjeld på følgande produkt:  ski, skisko, skismurning, stavar og swix bekledning.





Miljøsamlinga på Beitostølen er avlyst.

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Nov 2020


FIL Langrenn si planlagde Miljøsamling på Beitostølen, 27.-29. november 2020 er avlyst.
Bakgrunnen for avlysinga er knytt til situasjonen med Covid-19, og myndigheitene sine tilrådingar i høve til smittevern.

 

Som eit alternativ til samlinga på Beitostølen inviterar FIL Langrenn til ei ny Miljøsamling 27.-29. november 2020 i Førde/ Langeland.

Ein kjem tilbake med nærare informasjon om denne samlinga i veke 47, men vi kan allereie no love at dette blir ei spenstig samling med fokus på trening, fellesskap og spennande sosiale aktivitetar.




Foreldre/hjelpetrenarkurs 5 desember.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Nov 2020

Foreldrekurs på Langeland

Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland laurdag 5. desember kl. 10.00-12.00.

 

For kven:

Kurset er retta mot foreldre/føresette som bidreg eller kan tenkje seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa.

Kurset blir ute på ski om vi har snøforhold, og på «barmark» om det ikkje er komt snø.


Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta.

 

Kursinnhald – praktisk økt:

  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (evt. skileik dersom skiforhold)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå
  • Gode tips til aktivitetar

 

Påmelding innan måndag 30. november:

https://response.questback.com/norgesskiforbund/foreldrekurs_langeland

  

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.

Retningslinjer for kursdeltakarar:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

 



Praktisk fagøkt på ski 25/1-2021.

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Nov 2020

Praktisk fagøkt på ski

Bli med på praktisk fagøkt på ski i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn 25. og 26. januar 2021. 

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2021 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dei dyktige kurslærarane Marianne Myklebust og Ingrid Robøle.

Her vil ein bli introdusert for spennande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen.

Vi opnar opp for at også andre interesserte kan få delta på fagøkta, og det er kostnadsfritt for alle å delta.

I Sunnfjord blir det praktisk fagøkt: 

Måndag 25. januar 2021: Langeland Skisenter, Sunnfjord – kl. 18.00-21.00

Påmeldingsfrist: Måndag 18. januar 2021

MELD DEG PÅ HER