Dugnadslister sesongen 2021.

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Des 2020

Dugnadslistene for sesongen er klare og du kan finne dei under her, du finn dei og i fana oppe til venstre under arrangement. 

Karusellrenna er i år sett opp med start kl 18.00 - dette fordi det er mulig at vi må arrangere rennet i to kohortar. 

Dugnaslistene for karusellrenna:

karusellrenn 1 2021 .pdf

karusellrenn 2 2021.pdf

karusellrenn 3 020221 (2).docx

karusellrenn 4 2021 (1).docx

Karusellrenn 5 2021.pdf

Karusellrenn 6 2021.pdf

Vi skal og arrangere eit sonerenn/skicross 20 februar:

Sonerenn 2021.pdf

Det tradisjonelle kalsetrennet blir arrangert 14 mars:

Kalsetrennet 2021.pdf

Slik situasjonen er no med Covid19 legg ein ikkje opp til kioskdrift i helgene på langeland i vinter.           Styret i Førde Langrenn vil vurdere det på nytt om det vert nye rettningslinger for smittevern.               Legg ved dugnadsliste over kioskdrift om det blir til at vi får holde kiosken open:

Kiosk-dugnad helger 2021 .pdf

Dersom det ikkje passar og stille på det du er oppsett på prøv og bytt innbyrdes!

Vi gledar oss til ny skisesong og Tusen takk til alle som stiller på dugnad😊




Dugnadslister for Ribberennet og SSF Cup.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Des 2020

Då er vi klar for ny skisesong.

Under finn det dugnadsliste for Ribberennet som blir arrangert 27 desember kl 13.00, og for SSF-Cup i fristil som blir 3 januar 2021 kl 13.00. På desse to renna har vi sett opp flest mulig av dei som skal vere med på dugnad når vi skal arrangere Norges Cup på langeland i februar.

Håpar alle har mulighet til og stille på dugnad - dersom ikkje prøv og bytt innbyrdes.

Dugnadslister for resten av sesongen vil snart bli lagt ut. 

Vi gledar oss til skirenn :-)

Ribberennet 2020 .pdf

ssf cup 2021 fri.pdf



Treningsøkter 7kl og eldre, barmark desember

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Nov 2020

Vedlagt er oppdatert treningsplan for eldste gruppene vekene framover. Om det vert snø på Langeland, flyttast treningane dit. Informasjon vert då publisert på sosiale medier.



Prorgam og gruppedeling for miljøsamling 27-29 november

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Nov 2020

Helgen nærmer seg, det blir fart, spenning og endel sosialt, men i trygg corona-ånd. Her kjem eit oversiktlig program for helgen, samt informasjon gruppedeling og deltakerliste. Vi har lagt opp til rulleskiøkt for alle fredag ettermiddag. Vi forventer ikkje at dei yngste i gruppene har eige utstyr, eller har prøvd rulleski tidlegare. Dette er ei introduksjonsøkt i trygge område, og det vert høve til å låne rulleski på Langeland. Ta med eigne stavar og sykkelhjelm. For den yngste gruppen vert rulleskia mest brukt utan stavar.

Her er kort utkast for program. Sjå PDF-vedlegg lenger nede i saka for detaljert program og gruppedeling

Fredag 27. november: Vi møtast kl 17.30 på Langeland skisenter. Rulleski for alle, HUGS HJELM!

                                                

Laurdag 28. november:  
Formiddagsøkt: Vi møtast kl 10 på Langeland skisenter. Rulleski for dei to eldste gruppene, og barmarkstrening for dei yngste.
Ettermiddagsøkt: Kl 13.30 på Gokartbana i Kråkenesmarka for alle gruppene i lag.
Kveld: Sosial happening for alle utøvarane på Peppes. Nærare info om tidspunkt og grupper vert informert om på formiddagsøkten på laurdag. 

                                                

Søndag 29. november: 
Oppmøte Sunnfjord Hotell kl 10. Roleg langtur på beina med øktvarigheit ca 1 time på dei minste og 1,5-2t på eldste gruppe. 
Foreldresamling: Sunnfjord Hotell konferanselokale frå klokka 10-12.
Tema: Skadeforebygging hos idrettsungdom
Foredragsholdere: Marit Smørdal og Aud Vassbotten, som begge er fysioterapeuter tilknyttet Skadefri.no. OBS - krever påmelding.                                     

    

                                   

    



Miljøsamling for Førde Langrenn 27-29 november

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Nov 2020

Dessverre måtte Førde langrenn avlyse planlagde miljøsamling på Beitostølen av omsyn til smittevern og nasjonale tilrådingar. Vi i Førde Langrenn ønsker derfor å invitere utøvere og foreldre til eit godt lokalt alternativ der det sosiale står i fokus.  


Vi har lagt opp til ei barmarkssamling med gode treningsøkter, fart og spenning og sosiale aktivitetar. Blant anna kan vi røpe at gokartbana of bowlinghallen stiller seg disponible for klubben denne helgen. Vi har også lagt opp til ei foreldresamling søndag med godt fagleg påfyll. Sjå vedlagte dokument for detaljar og påmelding: 
Invitasjon Førde Langrenn nov 2020.pdf



I skrivende stund daler snøen ned. Om vi er heldige, kan vi endre planen til nokre flotte skiøkter denne helga, men dette held vi førebels opent. Vi håper så mange som mogleg har høve til å melde seg på. 

PÅMELDING: send e-post til yngve.thorsen@coop.no for påmelding. Send info med navn og fødselsår på alle utøvere som skal være med, og navn på foreldre som vil delta på foreldresamling på søndag.


Vi ønsker påmelding for alle aktiviteter, inklusive foreldresamling          

Påmelding innen mandag 23.11.20 

                                   

    



Brukarbetaling på Langeland til redusert pris!

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Nov 2020

Brukarbetaling på Langeland vert mellom anna nytta til løypekøyring og anna vedlikehald av anlegget. Prisane for sesongen 2020/2021 er som følgjer:

  • Årskort 800,- kr
  • Dagskort 75,-kr
  • Årskort for aktive medlemmer i Førde IL langrenn 500,-kr

Den rabatterte prisen for våre medlemmer føreset at ein betalar treningsavgift og årskort innan 30.11.2020 For å få tilsendt faktura for brukarbetaling og trening må de melde på til trening via denne lenka https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13979/trening. Dette kan de gjere allereie no!  

Sidan Langeland Ski og Fritidssenter no er eit heilårsanlegg, med rulleskiløype, er det innført brukarbetaling heile året.



Klubbveke på Intersport 17-19 November.

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Nov 2020

I veke 47 vil det vere klubbveke på Intersport tirsdag, onsdag og torsdag.

Medlemmer i Førde IL Langrenn får då 30%

Rabatten gjeld på følgande produkt:  ski, skisko, skismurning, stavar og swix bekledning.





Miljøsamlinga på Beitostølen er avlyst.

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Nov 2020


FIL Langrenn si planlagde Miljøsamling på Beitostølen, 27.-29. november 2020 er avlyst.
Bakgrunnen for avlysinga er knytt til situasjonen med Covid-19, og myndigheitene sine tilrådingar i høve til smittevern.

 

Som eit alternativ til samlinga på Beitostølen inviterar FIL Langrenn til ei ny Miljøsamling 27.-29. november 2020 i Førde/ Langeland.

Ein kjem tilbake med nærare informasjon om denne samlinga i veke 47, men vi kan allereie no love at dette blir ei spenstig samling med fokus på trening, fellesskap og spennande sosiale aktivitetar.




Foreldre/hjelpetrenarkurs 5 desember.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Nov 2020

Foreldrekurs på Langeland

Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland laurdag 5. desember kl. 10.00-12.00.

 

For kven:

Kurset er retta mot foreldre/føresette som bidreg eller kan tenkje seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa.

Kurset blir ute på ski om vi har snøforhold, og på «barmark» om det ikkje er komt snø.


Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta.

 

Kursinnhald – praktisk økt:

  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (evt. skileik dersom skiforhold)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå
  • Gode tips til aktivitetar

 

Påmelding innan måndag 30. november:

https://response.questback.com/norgesskiforbund/foreldrekurs_langeland

  

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.

Retningslinjer for kursdeltakarar:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

 



Praktisk fagøkt på ski 25/1-2021.

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Nov 2020

Praktisk fagøkt på ski

Bli med på praktisk fagøkt på ski i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn 25. og 26. januar 2021. 

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2021 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dei dyktige kurslærarane Marianne Myklebust og Ingrid Robøle.

Her vil ein bli introdusert for spennande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen.

Vi opnar opp for at også andre interesserte kan få delta på fagøkta, og det er kostnadsfritt for alle å delta.

I Sunnfjord blir det praktisk fagøkt: 

Måndag 25. januar 2021: Langeland Skisenter, Sunnfjord – kl. 18.00-21.00

Påmeldingsfrist: Måndag 18. januar 2021

MELD DEG PÅ HER



Dugnadslister NorgesCup 2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Okt 2020

12.-14. februar 2021 er det duka for NorgesCup i langrenn på Langeland. På arrangementet sine nettsider finn ein m.a. oppdatert organisasjonskart (dugnadslister).


Fint om dugnadsmiljøet i langrennsgruppa sjekkar organisasjonskartet og merkar seg sitt arbeidsområde i samband med arrangementet.


NC 2021 - nettside for funksjonærar.


Org. komiteen kjem tilbake med øvrige detaljar om arbeidsoppgåver m.m.



Med venleg helsing
Organisasjonskomiteen NC 2021

Yngve Thorsen (s)
Leiar



Informasjon om Nasjonale renn 2020/21.

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Okt 2020

Oppdatert informasjon frå Norges Skiforbund om nasjonale renn i langrenn for sesongen 2020/2021 kan du sjå på skikrinsen sine sider; 

https://www.skiforbundet.no/langrenn/nyhetsarkiv/2020/10/samfunnsansvar-gir-endring-i-sesongplanene/?fbclid=IwAR1b7NzV83pb643XpyYhhf8EGGOSpN68YMgDbBXeaoFUOeLkwKgKl5kW1uA




Enivest Rulleskirenn 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Okt 2020

Førde Langrenn takker for eit vellukka gjennomførd reulleskirenn på Langeland i går sundag! Det blei eit flott arrangement med mykje bra gjennomføringar frå 2009-klassen og eldre. Uheldigvis vart haustferiens høgdepunkt, Enivest Skiskule med Gjøran Tefre avlyst grunna smitteomsyn, men Enivest rulleskirenn satte likevel ei flott punktum for haustferien.

Rennet vart avvikla todelt, med juniorar og seniorar på startstreken på føremiddagen. Etter solid gjennomføring og ei kort premieseremoni, vart det så duka for rekruttane, i aldersklassen 2005-2009, der dei yngste gjenn 1 runder i 2km sløyfa, og dei eldste gjekk 3 runder. Konkurransen vart gjennomførd med mykje bra prestasjonar, mestringsfølelse og utan større skader. 

Sjå Førde Langrenn sin oppsummering i videoen under for litt feelgood frå dagen i går. Vi gler oss alle til vinteren, og mange flotte skirenn på Langeland skisenter!!


https://www.youtube.com/watch?v=uaq1ng4CoQI



Trening for eldste gruppe, oktober/ november 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Okt 2020


Her følgjer treningsplan for eldste gruppe sine fellestreningar i oktober og november 2020:

Treningsplan okt. 2020.xlsx

Treningsplan nov. 2020.xlsx



Resultat rulleskienn.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Okt 2020

Resultat fra dagens rulleskirenn finn du her:

https://live.eqtiming.com/54772#result




Rulleskirenn - oppdatert informasjon

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2020

Sjekk ut oppdatert innbyding/ tidsskjema og mannskapsliste for rulleskirennet på Langeland, søndag 11.10.2020.

Invitasjon rulleskirenn Langeland 11.10.2020.pdf

Mannskapsliste d.s. 10.10.2020.pdf




Startliste Rulleskirenn, 11.10.2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2020


Startliste Rulleskirenn, 11.10.2020



Oppstart/påmelding til langrennstrening sesongen 2020/2021.

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2020


Treningstider Førde IL langrenn frå veke 42: 


1-2 klasse: Torsdag kl 18-19 inne i Førdehuset (frammøte i sal nr. 1)

3-4 klasse: Torsdag kl 18-19 inne i Førdehuset.

5-6 klasse: Torsdag kl 18-19 ute ved Førdehuset.

7 klasse og eldre: Tor kl 18 - 20 ute/inne ved Sunde skule.

Etter jul vert treningane til same tidspunkt ved Langeland skisenter.

Påmelding til trening kan du gjere her:

https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13979/trening


Velkommen på trening!!



Informasjon om Enivest Skiskule og Enivest rulleskirenn.

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Okt 2020

Årets Enivest skiskule med Gjøran Tefre måtte i år dessverre avlysast pga den lokale og regionale utviklinga i høve til smittespreiing av covid-19.
Les meir på skikrinsen sine sider: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2020/10/enivest-skiskule---avlyst/

Enivest rulleskirenn går som planlagt Søndag 11.oktober på Langeland.

Meir info og påmelding til rennet finn du her; 

https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2020/10/rulleskirenn-langeland/


Førde IL Langrenn.




Resultat testløp Langeland 01.10.2020.

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Okt 2020

Haustens tøffaste testløp gjekk av stabelen i kveld. Sjekk ut resultat og statistikk frå løpet som går av stabelen i løypetraseane på Langeland:

Statistikk testløp Langeland.pdf



Dugnadsliste rulleskirenn 11.oktober.

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Okt 2020


Søndag 11 oktober er det igjen klart for Rulleskirenn på Langeland. 

Vedlagt kan du finne dugnadslista for rennet.

Rulleskirenn dugnad 2020 .pdf

Pga situasjonen med covid-19 vert rennet avvikla i tre seperate delar,  sjå vedlegg under:

Innbyding rulleskirenn

Påmedling til rennet kan du gjere her: 

Påmelding rulleskirenn

Førde IL langrenn sine utøvarar kan melde på med «klubben betalar».

Velkommen til ein kjekk dag på Langeland!



Trenar og foreldremøte 1. oktober.

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Sep 2020



Trenar og foreldremøte torsdag 01.10.20 kl. 18.00 – 19.00, skihytta - Langeland skisenter.

 

Barmarkstrening for alle grupper startar opp i veke 42. FIL langrenn ynskjer å informere litt om våre tankar rundt treningane og sesongen 2020/2021. Mesteparten av tida vil vi bruke på å koordinere og planlegge treningane.

 

Sakliste:

Velkommen v/styret.
Diverse informasjon v/styret.
Organisering/oppstart av trening i veke 42.

 

 

Mvh Førde IL langrenn.



Henting av premier fra fjordårets sesong 27 september.

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Sep 2020

Den tradisjonelle premiefesten til Førde IL Langrenn måtte i år utgå pga situsjonen med Covid-19.

Søndag 27 september vil det vere mulighet for dei som gikk skirenn i vinter og hente premiane sine på Langeland skisenter. Dette gjeld for karusellrenn, Lagsmesterskap klassisk og fristil, merkerenn og SSF Cup.

 Premiane kan hentast fra kl. 10.00-13.00.



Enivest skiskule 8-11 oktober.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2020

Den 8-11 oktober 2020 er det igjen klart for Enivest skiskule med Gjøran Tefre. Dette er eit tilbod for utøvarar i årsklassane 2005 til 2009.

Enivest skiskule er eit tiltak for å fremje skiglede og skape ein arena der unge håpefulle utøvarar kan møtast, utveksle erfaringar og skape relasjonar på tvers av klubbar og alderstrinn.

Det blir mykje god og variert trening- og ved sia av treninga skal vi ha det sosialt og kjekt igjennom gode måltid og kjekke aktivitetar.

Skiskulen blir avslutta med Rulleskirenn søndag 11.oktober.

Velkommen til ei kjekk helg!

Les meir om skiskulen her: https://www.skiforbundet.no/globalassets/06-krets---medier/sogn-og-fjordane/langrenn/enivest-skiskule/2020/innbyding-2020.pdf 

Påmelding gjennom skikrinsen: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2020/9/enivest-skiskule-2020/


Samlinga vert gjennomført i tråd med gjeldane rettningslinjer for smittevert og koronaveiledar fra NSF: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/?npid=104639&page=NSF+koronaveileder+for+klubber+og+kretser



Foreldrekurs i Langrennsgruppa.

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Sep 2020

Foreldrekurs i langrennsgruppa

Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland onsdag 21. oktober.

 

Tidspunkt:

Onsdag 21. oktober 2020, Kl. 17.00-20.30

 

Stad:

Langeland Skisenter

 

For kven:

Kurset er retta mot foreldre/ føresette som bidreg eller kan tenkje seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa.

Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta.

 

Kursinnhald:

  • Kva det vil seie å vere ein trenar for born
  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (som førebuing til langrennsaktivitet)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå

 

Program:

Kl. 17.00-18.00: Teoridel inne, «Barneidrettens verdigrunnlag og trenarrolla» v/ Ingrid Narum

Kl. 18.00-20.30: Praktisk økt ute, «Langrennstrening for barn på barmark» v/ Roger Pollen

 

I den praktiske økta nyttar ein gruppene som har trening parallelt med kurset.

 

PÅMELDING innan 19. oktober.

 

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.

Retningslinjer for kursdeltakarar:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

 



Miljøsamling Langeland.

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Aug 2020



Miljøsamling Langeland

Søndag 27. september inviterer Førde IL Langrenn og Gaular IL Langrenn, i samarbeid med skikrinsen, til miljøsamling ved Langeland Skisenter.

I samband med Miljøsamlinga vert det også nasjonal bytedag for langrennsutstyr. 

For Førde IL Langrenn sine medlemmar ( alle aldergrupper) vert det også høve til å hente premiar frå lagsmeisterskap, karusellrenn, merkerenn etc. sesongen 2019-2020, samt samanlagtpremiane frå SSF Cupen 2020.

Stad:
Langeland Skisenter

Tidspunkt:
Søndag 27. september 2020, kl. 10.00 – 18.00

Målgruppe:
Utøvarar f. 2005-2009

INNiBYDING

PÅMELDING

Påmelding innan 21. september 2020.



Treningsoversikt for 7.kl og eldre frem til haustferien 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Aug 2020

 

Frå denne veka har Førde Langrenn starta fellestreninger for eldste gruppene, det vil seie frå 7.klasse og eldre. Trenere har utarbeida ei oversikt med 3 økter pr. veke. Sjå spesielt tid, stad og evt. merknad for kvar enkelt trening. Vi er pålagd å følgje skiforbundets rettleiar i høve til smittevern som er publisert her: https://www.skiforbundet.no/norges-skiforbund/nyheter/2020/8/nsf-koronaveileder-for-klubber-og-kretser/

Vi oppmodar alle utøvere og foreldre spesielt å gjere seg kjend med råd om enkelttreningar. Spesielt viktige råd er:
- Ikkje møt på trening om du er sjuk, og meld frå om du vert sjuk mellom treningar.
- Ha med eige personleg utstyr.
- Hald avstand - 1 meter - og unngå fysisk kontakt.

Treningsprogram høst 2020-1.pdf




Norges Cup i langrenn til Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jul 2020

Førde IL er på nytt til tildelt Norges Cup i langrenn for seniorar.

Arrangementet skal gå av stabelen v/ Langeland Skisenter 12.-14. februar 2021. 

Førebelse øvingar:

- Fredag 12. februar 2021, Sprint
- Laurdag 13. februar 2021, 15km/ 10km
- Søndag 14. februar 2021, 30km/ 20km

Som kjent skulle Norges Cup`en opphaveleg avviklast i februar 2020, men grunna manglande snøtilhøve v/ Langeland Skisenter vart arrangementet flytta.

På vegne av org. komiteen ser Førde IL fram til å ynskje utøvarar, støtteapparat, samarbeidspartar og publikum velkommen til eit snørikt og forhåpentlegvis koronafritt arrangement på Langeland i februar.

Førde IL Langrenn kjem tilbake med øvrige detaljar (tilbod om overnatting m.m.) om arrangementet i august.

Vi vil også nytte høve til å ynskje alle våre skivener ein strålandes sommar!


Sommarhelsing frå
Førde IL Langrenn

Yngve Thorsen (s)
Leiar/ NC 2021



Video frå Camp Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jun 2020

25.-28. juni gjekk FIL Langrenn si Miljø- og familiehelg av stabelen på Sognefjellet/ Skjolden.

Anbefalar alle å sjekke ut langrennsgruppa sin video frå samlinga.



Enivest skiskule 8-11 oktober 2020!

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Jun 2020

ENIVEST SKISKULE 8-11 OKTOBER 2020!


Etter ein periode med mykje restriksjonar og usikkerhet kring covid-19 har vi endelg kome fram til at Enivest skiskule kan arrangerast som tidlegare år. Når rettningslinjer og den nasjonale situasjonen no tillet eit arrangement kan vi gå ut med dato for årets skiskule. Haustferieveka 8 til 11 oktober i Førde. Detaljert program og påmelding kjem straks. Påmeldinga blir som tidlegare år på skikrinsen sine nettsider. Rulleskirennet på Langeland Ski- og Fritidssenter går også som før søndag 11 oktober med påmelding på min idrett. Håpar vi ser deg i Førde til hausten! 😁 



MILJØ- OG FAMILIEHELG SOGNEFJELLET, 25.-28. JUNI 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Jun 2020


Sjå vedlagte program, gruppedeling og hyttefordeling for samlinga nederst på sida. 

Frammøte: Torsdag 25. juni ved Nymoen Leirplass, klar til barmarksøkt kl 18.30.

Heimreise: Søndag 28. juni, etter lunsj.

Innkvartering: I hytter ved Nymoen Leirplass.

Måltider: Ordnast sjølv i hyttene.

Skismøring: Oppmoder alle til å smøre klassiskski før avreise. Smøretips i informasjonsskrivet. 

Smittevernreglar: Gjeldande reglar i henhold til informasjonsskrivet.


Treningsprogram ut fra gruppeinndeling i informasjonsskrivet. Hugs godt med treningskle både for trening på ski og barmark, skisko, joggesko, regnkle og varme bytekle. Pakk etter vermeldingar, men hugs at på fjellet kan været snu raskt. Hugs også eitt par ekstra staver til barmakrstrening.

Info. skriv program.pdf

Utøverliste gruppedeling.pdf

Hyttefordeling Sognefjellet.pdf



FELLESTRENING I SOMMARFERIEN

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jun 2020



 

FELLESTRENING I SOMMARFERIEN

I samarbeid med friidrettsgruppa inviterar Roger Øye Pollen og langrennsgruppa til fellestrening v/ Førde stadion i sommarferien.

Nedre aldersgrense er utøvarar f. 2008.

 

Oversikt over treningane er vedlagt.

Treningsplan sommar 2020.xlsx








Vask av skihytta på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Mai 2020

Då er det lenge sidan vi har hatt litt dugnadsarbeid så vi slår til med vask av skihytta og arenabygget på langeland.

Styret i FIL-Langrenn ønsker alle som kan hjelpe, velkomne til nedvask av skihytta 02.06.20 kl. 18:00-20:00. 

Om vi er mange vil jobben være gjort unna på den oppsette tida. 

Oppgåver:

- alle gulvflater skal kostes eller støvsuges før vask. (Fint om nokon tek med ein støvsugar då der er berre ein på hytta).   

-alle tak og veggar skal tørrmoppes

-alle golv og trapper skal vaskes 

-alle toalett og  dusjrom skal vaskes 

-kjøkken skal vaskes

-alle vindu skal vaskes (fint om nokon tar med utstyr til 

-rydde uteområdet

Ein må ta ansvar for kaffikoking! 

Ta med vaskebøtte, tørrmopp med stativ om du har. Golvmoppar og golvklutar er der på hytta.

Sett opp følgane personar til dugnad så vi veit nokon kjem😊 Står du ikkje oppført men har tid og lyst: Velkommen!

- Gry Alnes

- Monica Otternes

- Mariann Husa 

- Kristine Steindal

- Anders Bjørkhaug

- Annette Paulen

- Yngve Thorsen

- Halvard Brekke 

- Ingunn Rørvik

- Ørjan Igelkjøn

- Lars Petter Degnepol



Årets råaste testløp

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Mai 2020

Til tross for at dei fleste nyleg har lagt skia på hylla for i år, gjekk årets tøffaste testløp av stabelen i trasèane på Langeland i kveld.


Statistikk/ Resultat 26.05.2020 Testløp Langeland.pdf


Nybakt trenar i Førde IL Langrenn, Ole Martin Erdal, oppsummerar økta slik: Ei formidabel treningsøkt, og fleire knallgode tider. Eg er rett og slett imponert over kapasiteten til fleire av dei unge løparane her i Førde


Biletserie - Testløp Langeland Skisenter, 26.05.2020:

Frå starten av testløpet.


Elias A. Husa (t.v.) og Aksel Bjørkhaug

Guri Line Brekke.


Magnus Furnes Degnepoll (t.h.) og Stian Helle.

Niklas Bosdal Thorsen (t.v.) og Ole Martin Erdal

Sigve Hafstad Ottesen


Magnus Furnes Degnepoll

Sivert Høyvik


Elias A. HusaAksel Bjørkhaug

Stian Helle


Alle foto: Anders Bjørkhaug.



Toppidrettsstipend til Tefre

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Mai 2020


Langrennsgruppa gratulerar Gjøran Tefre med Førde IL sitt Toppidrettsstipend 2019-2020.

Gjøran er tildelt toppidrettsstipendet med bakgrunn i sine prestasjonar denne sesongen.


Prestasjonar 2019-2020

  • Vinnar av Scandinavisk Cup 2019-2020 (sprint nr. 2, distanse nr. 3)
  • Friplass i World Cup, og fekk heile 9 WC-renn før sesongen vart Korona-avlyst. Var utteken til den avlyste WC-finalen i Canada.
  • Ranka som 57. beste langrennsløpar (75. plass etter førre sesong). 
  • Etter FIS-poeng er han ranka som 10. beste sprintar etter svært gode sprintprologar i World Cup.
  • Beste individuelle resultat: 8. plass på WC-sprinten i Oberstdorf 26.01.2020, samt 3. plass i WC-sprintprologen i Dresden 11.01.2020. 
  • Best stafett-resultat: 2. plass i WC-teamsprinten i Planica 22.12.2019 (ilag med Håvard Solås Taugbøl).
  • Gjøran Tefre har i mange sesongar vore blant verdas beste på rulleski.
  • Gjøran var i mange år med på juniorlandslaget. I år var han ein del av regionlandslaget Team Veidekke Vest, men vi trur og håpar Gjøran aspirerer til sprintlandslaget 2020/2021. Berre 5 norske er betre på siste FIS-ranking, irekna 2 av desse er på allroundlaget

Toppidrettsstipendet er på kr. 10 000,-

Førde IL Langrenn gratulerar!



Oversikt treningar, 9.klasse og eldre våren 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mai 2020

Oversikt treningar, 9.klasse og eldre våren 2020

Frå 19. mai startar langrennsgruppa opp att treningane for eldste gruppe, dvs. dei som er fødd 2005 og eldre. 

Ein er pålagd å følgje idrettsforbundet sin rettleiar i høve smittespreiing/ korona. Med dette meiner ein at trening føregår i grupper på maks 20 personer. Ein nyttar kun eige utstyr, og ein respekterar avstand på 1m frå kvarandre på trening.

Trenarane har utarbeida ein oversikt over treningsdagane fram mot sommeren. Enkelte av treningene føregår ved Langeland Skisenter. Det vert organiserte treningar tirsdagar og torsdagar. Det er oppgitt forslag til eigentrening i helgane, ev. om utøvarar organiserar seg om felles trening gjennom utøvargruppe på Facebook/Messenger. Treningsplanen er eit utkast, og ein legg opp til justering ut frå alder og nivå ved dei enkelte øktene.


Treningsoversikta laster du ned her:

Førde IL Langrenn trengingsoversikt vår20.pdf



MØT PRESIS! Følgande er obligatorisk på alle treningar: 

- Skiftekle (tørt)
- PERSONLEG drikke og ekstra næring

    

                 


                    

    

    




Førde Langrenn invitere til Miljø- og treningssamling på Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mai 2020

Det har vore ein snørik vinter som uheldigvis vart avslutta litt for tidleg. Forøvrig ser det ut til å bli svært gode snøforhold på Sognefjellet i sommar. 

Førde Langrenn invitere difor til Miljø- og treningssamling tidleg i sommarferien.

Tidsrom:            25.-28. juni 2020

Innkvartering: I hytter ved Nymoen Leirplass.
 Sjå
http://www.skjolden.com/nymoen/ for detaljar (inkl. informasjon om hytter, leiligheter og prisar). Nymoen Leirplass ligg i Skjolden, i gåavstand til sentrum. Det tek ca. 30 minutt å køyre opp til skiløypene på Sognefjellet. Innkvartering skjer familievis. Hyttene har stove, soverom, kjøkken og bad med dusj/toalett. Meir informasjon om korleis ein gjer det med måltider vert sendt ut på eit seinare tidspunkt.  

 

Prisane for innkvartering finn ein på nettsidene til Nymoen Leirplass.
 Kvar enkelt familie/ utøvar vert plassert på førehandsbestilte hytter, og ordnar det økonomiske oppgjeret sjølve ved avreise.

 

Trening: Vi tek sikte på ei treningsøkt torsdag, to treningsøkter fredag og laurdag og ei økt søndag. Føremiddagsøktene vert gjennomført på Sognefjellet, medan ettermiddagsøktene vert gjennomført som barmarksøkter i området Skjolden/ Fortun. Transport til og frå Sognefjellet organiserast privat. Påmelde familiar/ utøvarar vert tilsendt detaljar og program for samlinga i begynnelsen av juni.

 

Treningsavgift: Ein legg ikkje opp til noko treningsavgift i samband med samlinga, men alle skal betale løypeavgift til Sognefjellet Sommarskisenter. Prisar og informasjon om løypeavgift finn ved å følgje denne lenka; http://sognefjelletsommerski.no/prisar/

 

Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern

 

Påmeldingsfrist: 20. mai 2020

 

Påmelding gjer ein til: yngve.thorsen@coop.no

 

 

Med venleg helsing
 FIL Langrenn

 

Førde, 09.05.2020



Resultater for Førde Langrenn Strava påskerenn 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Apr 2020


Vi har registrert totalt 23 (trolige) deltakere på 4 ulike segmenter under Førde Langrenns Strava påskerenn. Noen av deltakerne har gått segmentene flere ganger, og noen har gått alle segmentene. For enkelhets skyld har vi her registrert beste tid for utøvere som har gått samme segment flere ganger. Idealtid er beregnet ut fra gjennomsnittstiden på gitte Stravasegment. Vi har fått tilbakemeldinger på at noen utøvere ikke har fått registrert tider på Stravasegmenter, og dette må vi bare beklage, men det er vel slik at GPS ikke alltid er helt pålitelig. 

Vi gratulerer Elias Husa med 3 av 4 seire (3K, 2K og Stravasprint), og Brage Burø Sunde med en knepen seier på 5K foran Roger Pollen.

Idealtider tildeles:
5K - Jakob Husa
3K - Aksel Bjørkhaug
2K - Monica Otternes
Stravasprint - Anders Bjørkhaug

Vel gjennomført løp og vel overstått påske!!

Resultatliste Strava påskerenn.pdf



Bli med på Strava Påskerenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Apr 2020


FIL Langrenn inviterar sine medlemmar til Strava Påskerenn 2020 på Langeland.


Det er lenge sidan førre konkurranse, og mange av våre utøvarar har kanskje eit lite håp om å delta i ei god påsketevling.


Det er laga 4 Stravasegment på Langeland. Alle segmenta finn ein i innbydinga under med kart og link til Strava.


Tevlinga føregår i tidsrommet onsdag 8. april kl. 07:00 til mandag 13. april kl. 22:00.


Her kan du laste ned innbyding og meir informasjon om arrangementet.


Det er ingen startkontingent, men ein oppmodar deltakarane å VIPPSE ein valfrisum (t.d. kr. 50,- pr. segment ein deltek i) til Førde IL Langrenn. VIPPS nr: 130827


For orden skuld kan ein legge til at langrennsgruppa har fått løyve frå Sunnfjord kommune til å avvikle påskerennet.


Styret i FIL Langrenn ynskjer alle utøvarar og føresette ei retteleg god påske, og lykke til med eit godt påskerenn!!



NSF sin koronarettleiar

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Apr 2020

Norges Skiforbund har utarbeida ein eigen koronarettleiar.

Med utgangspunkt i Helsedirektoratet sine presiseringar om idrettsaktivitet og NIF sin anbefalingar, har NSF utarbeida eigne koronavettreglar.

Sjå rettleiaren på skiforbundet sine nettsider



Nye avklaringar for idrettsaktivitet

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Apr 2020

Som følgje av situasjonen med koronaviruset la Helsemyndigheitene 01. april fram ei klargjering for utøvelse av idrettsaktivitet.

Les meir på Norges Idrettsforbund sine nettsider



Treningstips frå Roger

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2020

Langrennstrenar Roger Øye Pollen kjem her med sine treningstips for vårsesongen.


Vi går no inn i den delen av sesongen som Norges Skiforbund definerar som avkoplingsperioden. Dette er normalt ein periode kor ein held kroppen i gong med ulike aktivitetar, og driv lystbetont trening. Ein ide er å nytte seg av snøen så lenge den ligg, samt gradvis auke opp mengde av aktivitet på barmark. Å bruke tid i tilvenninga er lurt, då rask auke i treningsmengd truleg er det som forårsaker størst tilfelle av skader. 

 
Trening er ferskvare, og eg oppmodar dermed til å halde hjula i gong. Det er ikkje mykje som skal til for å vedlikehalde formen. På bakgrunn av dette vil eg anbefale ei økt i veka med høg intensitet og gjerne ei økt med innslag av styrke. Foruten dette er perioden no fin til å vere så allsidig dykk berre vil - alt fra toppturar, klatring, osv.

 
Vi vil starte opp med fellestreningar seinare på våren i samråd med helsemyndigheitene.


Om nokon ynskjer ytterlegare treningsrettleiing kan ein kontakte underteikna pr. e-post; rogerpollen@hotmail.com


God Påske, og nyt vårsnøen:-)


Med venleg helsing

Roger Øye Pollen



Styret i Førde Langrenn 2020-2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2020

Etter 12 år som leiar har Arne Helgheim valgt og gi seg som leiar for Førde IL Langrenn. Vi i styret takkar for godt samarbeid i desse åra og ser fram til å samarbeide med Yngve Thorsen som no tek over som leiar i langrennsgruppa. 

Første styremøte er alt unnagjort via video messenger😊

Styret Førde Langrenn 2020-2021:

- Leiar: Yngve Thorsen

- Nestleiar: Ørjan Igelkjøn

- Markedsansvarleg: Kristine Steindal

- Ansvar kioskdrift Langeland Skisenter: Gry Alnes

- Dugnad- og arrangementansvarleg: Monica Otternes

- Miljøansvarleg: Anders Bjørkhaug

- Informasjonsansvarleg: Mariann Amsrud Husa

- Økonomi- og systemansvarleg: Asgeir Tveit (ekstern ressurs)

- Laglege: Anders Bjørkhaug og Mariann Amsrud Husa





KARUSELLRENN 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Mar 2020

KARUSELLRENN 2020

Det vart ei brå avslutning på årets langrennssesong, men tilhøva er fortsatt gode på Langeland og vi anbefalar alle å nytte vårsnøen fullt ut.

Til tross for at FIL Langrenn har utsett årets premiefest, er premielistene for karusellrenna oppdatert.

 

I ein noko utfordrande vinter vart det avvikla 4 karusellrenn på Langeland, inklusiv lagsmeisterskap i klassisk og friteknikk.

Alle som har delteke på 3 av 4 karusellrenn får deltakarpremie, dvs. nærare 90 utøvarar frå Førde IL.

 

Her følgjer komplett liste som viser kven som har delteke på min. 3 av 4 renn:

 

Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 10 år

Håvard Andre Gausvik

Oppedal

3

Førde IL

G 10 år

Jakob

Grimeland

4

Førde IL

G 10 år

Nicolai Aase

Sæterdal

4

Førde IL

G 10 år

Sivert Sæterdal

Steen

4

Førde IL

G 10 år

Adam

Kusslid

3

Førde IL

G 10 år

Henrik

Boge

4

Førde IL

G 10 år

Zakarias Huseth

Klakegg

4

Førde IL

G 10 år

Ulrik Bjørkhaug

Tjønneland

3

Førde IL

G 10 år

Oskar

Grimeland

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 11 år

Håvard

Lorgen

4

Førde IL

G 11 år

Mats Johan Gausvik

Oppedal

4

Førde IL

G 11 år

Even

Bjørkhaug

3

Førde IL

G 11 år

David Amsrud

Husa

4

Førde IL

G 11 år

Andreas Otternes

Lundekvam

4

Førde IL

G 11 år

Eivind

Sande-Karlsen

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 12 år

Syver Syltesæter

Hatteland

3

Førde IL

G 12 år

Jakob

Storøy

4

Førde IL

G 12 år

Noah Dvergsdal

Brattreit

4

Førde IL

G 12 år

Hans Kristian

Nondal

3

Førde IL

G 12 år

Tobias

Paulen

3






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 13 år

Elias

Grimeland

3

Førde IL

G 13 år

Vegard

Lorgen

4

Førde IL

G 13 år

Noah Øren

Otternes

3

Førde IL

G 13 år

Ulrik Huseth

Klakegg

3

Førde IL

G 13 år

Steffen Vårdal

Helle

4

Førde IL

G 13 år

Sivert

Høyvik

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 14 år

Ludvig

Rørvik

4

Førde IL

G 14 år

Jakob Amsrud

Husa

4

Førde IL

G 14 år

Niklas Bosdal

Thorsen

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 15 år

Stian Vårdal

Helle

4

Førde IL

G 15 år

Magnus Furnes

Degnepoll

4

Førde IL

G 15 år

Aksel

Bjørkhaug

4

Førde IL

G 15 år

Kasper

Holme

4

Førde IL

G 15 år

Sigve Hafstad

Ottesen

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 16 år

Erik Alnes

Litsheim

3

Førde IL

G 16 år

Martin

Espe

4

Førde IL

G 16 år

Elias Amsrud

Husa

4

Førde IL

G 16 år

Thomas

Tefre

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 7 år og yngre

Theodor

Bjørset-Hirth

4

Førde IL

G 7 år og yngre

Emil Aase

Sæterdal

4

Førde IL

G 7 år og yngre

Jørgen

Boge

3

Førde IL

G 7 år og yngre

Markus Hegrenes

Mikalsen

4

Førde IL

G 7 år og yngre

Olav Linde

Seljesæter

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 8 år

Matias

Sande-Karlsen

4

Førde IL

G 8 år

Daniel

Kusslid

3






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

G 9 år

Nikolai

Rørvik

4

Førde IL

G 9 år

Henrik Astad

Sygna

4

Førde IL

G 9 år

August Furnes

Degnepoll

4

Førde IL

G 9 år

Ulrik Syltesæter

Hatteland

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 10 år

Selma Smørdal

Sørland

4

Førde IL

J 10 år

Elisa Hegrenes

Mikalsen

3

Førde IL

J 10 år

Oda

Reinsnos

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 11 år

Ida

Frøysland

4

Førde IL

J 11 år

Malin Øren

Otternes

3

Førde IL

J 11 år

Kristine

Sølvberg

4

Førde IL

J 11 år

Elisabeth

Kusslid

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 12 år

Amanda

Rørvik

4

Førde IL

J 12 år

Kaja Johannessen

Skrede

4

Førde IL

J 12 år

Hanna

Mielnik

3

Førde IL

J 12 år

Othilie Bosdal

Thorsen

3






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 13 år

Ingeborg

Rørvik

3

Førde IL

J 13 år

Rebekka Otternes

Lundekvam

4

Førde IL

J 13 år

Aurora Furnes

Degnepoll

4

Førde IL

J 13 år

Jenny

Bjørkhaug

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 15 år

Guri Line

Brekke

4

Førde IL

J 15 år

Jenny

Sølvberg

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 16 år

Linnea Otternes

Lundekvam

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 7 år og yngre

Martine

Reinsnos

4

Førde IL

J 7 år og yngre

Mathea Smørdal

Sørland

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 8 år

Anne

Bekken-Stuhaug

3

Førde IL

J 8 år

Tuva

Bjørset-Hirth

4

Førde IL

J 8 år

Karoline Reikvam

Knausgård

3

Førde IL

J 8 år

Ada Kristine Amsrud

Husa

3






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

J 9 år

Astrid

Frøysland

4

Førde IL

J 9 år

Ann Kristin

Kusslid

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

K 17 år

Kristina Skaflestad

Hegrenes

3






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

K 18 år

Henriette Skaflestad

Hegrenes

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

Kvinner senior

Eirin

Hegrenes

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

Kvinner veteran

Anne Therese

Kusslid

4






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

M 17 år

Steffen

Sjøvold-Igelkjøn

3






Klubb

Klasse

Førenavn

Etternavn

Tal renn

Førde IL

Menn veteran 10 km

Ola

Hegrenes

3

Førde IL

Menn veteran 10 km

Kjell Olav

Kusslid

4

 

Om ein har spørsmål eller det skulle vere feil i listene – kontakt Yngve Thorsen (tlf. nr. 90 80 25 75/ e-post; yngve.thorsen@coop.no

Så snart det let seg gjere kjem FIL Langrenn tilbake med informasjon om tid og stad for premiefest.


Helsing
FIL Langrenn

 

Yngve Thorsen (s)
Leiar



Tefre med siger samanlagt i Skandinavisk Cup!

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Mar 2020

FIL Langrenn gratulerar vår eigen Gjøran Tefre med siger samanlagt i Skandinavisk Cup 2020.

Tefre vant cupen 22 poeng framfor Johan Hoel frå Åsen IL. Med det kan spydspissen frå Førde IL sjå tilbake på ein solid sesong, der han også ved fleire høve har fått moglegheit til å måle krefter med den ypperste eliten i verdscupen.



Premiefest utsett.

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mar 2020

Førde IL Langrenn sin årlege premiefest som opphaveleg skulle avviklast søndag 19. april 2020 er utsett. Dette som følgje av situasjonen med Koronaviruset. Styret i Førde IL Langrenn kjem tilbake med informasjon om nytt tidspunkt så snart som mogleg.

Med venleg helsing styret i FIL Langrenn.



Trening og skirenn avlyst ut sesongen!.

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mar 2020

I dag 12. mars 2020 har Norges Skiforbund anbefalt at all breiddeaktivitet i organisasjonen opphøyrer for resten av sesongen og fram til 30. april 2020. 


Førde IL Langrenn følgjer tilrådinga frå Norges Skiforbund, og avlyser all trenings- og konkurranseaktivitet i denne perioden. Styret i Norges Skiforbund har fatta vedtaket i styremøtet 12.03.2020, som eit tiltak for å bidra til å hindre spreiing av Koronaviruset, og dermed lette belastninga for lokale helsemyndigheiter. 

Styret i Førde IL Langrenn understrekar viktigheita av at også vi tek ansvar for å bidra i denne dugnaden. 

For orden skuld kan ein legge til at alle renn i terminlista til Sogn og Fjordane Skikrins vert avlyst ut sesongen (t.o.m. 30. april 2020), samt all breiddeaktivitet i regi av skikrinsen. 


Med venleg helsing Styret i Førde IL Langrenn.



Årsmøte Førde IL langrenn 4 mars kl 18.30.

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Feb 2020

Onsdag 4 mars 2020 er det årsmøte for Førde IL langrenn. Møtet skal vere på FIL- huset i hafstadparken. Alle medlemmer er velkomne.

Saksdokument finn de her: 


Årsmøte.04.03.20.docx

Årsmelding 2019.pdf

Årsrekneskap Balanserapport 2019.pdf

Årsoppgjer resultat mot budsjett 2019 1.pdf

Årsrekneskap Resultatrapport 2019.pdf

Resultatbudsjett 2020.pdf



Kalsetrennet 1 mars 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Feb 2020

Søndag 1. mars 2020 ynskjer langrennsgruppa i Førde IL velkommen til det tradisjonsrike Kalsetrennet. 


Merk at arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år).


Innbyding Kalsetrennet:
https://minidrett.nif.no/EventAttachment/GetAttachment/5442610

Påmelding: 

https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=336401#



Påmelding til karusellrenn 13/2

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2020

Under finn du påmelding til Karusellrenn 13/2:

https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=336130



Karusellrenn 2020.

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2020

Her kan ein sjå oversikt over karsellrenna i 2020.  
Det blir dessverre ikkje renn i morgon 7/1,  då det ikkje er snøforhold på langeland.